Sanna Oliva med søskenbarnet Aasmund |
Til saman 12 ungar, 1 ungdom og 9 vaksne starta med friskt mot på turen ved Heimestøl. Nett då var det dessutan nesten opplett og nokon kommenterte: "No var det jo riktig så fint....!"
Sidan Turborev-ungane var i alderen frå knappe 2 år til rundt skulestartalder, så vart tempoet tilpassa deretter. Men det var lett og fin skogsveg å gå på, så det var ingen problem å gå for små bein.
Frå "rasteplassen" vår hadde vi fin utsikt nedover Holsavatnet, og hadde det vore tåkefritt, kunne vi sett rett på Hafstadfjellet. Medan vi åt, vart det høve til å få stempel i Turbopasset sitt. Dessverre hadde sjølvaste Turboreven gløymt regnkleda sine, så han valte å vere igjen i bilen medan vi gjekk på tur. Men vi fekk helse på han då vi kom attende til bilen! Ekstra kjekt var det at vi i dag hadde med oss nokre nye Turborevungar som vil melde seg inn i Barnas Turlag :)
Sidan det kom nokre "sinte" regnbyger då vi hadde pause, valte vi å snu her ved enden av skogsvegen. Dessverre fekk vi då ikkje med oss den flotte Norddalstølen, men det kunne vorte ein noko vindfull og sur oppleving nett i dag. Tåka låg også langt ned i fjella, så vi hadde uansett ikkje fått den "ulitmate" opplevinga av stølsområdet. Men uansett hadde vi ein flott tur, og det er ikkje dette vi angrar på at vi gjorde når vi sette oss ned i sofaen i kveld...;)
Etterkvart vil det også kome tekst og fleire bilete frå turen på Indre Sunnfjord Turlag sine sider. Eg skal leggje inn ein link til denne når den er klar.
Så fint da. Ja, en kan virkelig ikkje bry seg om været, en må bare kle seg deretter. Skal en vente på fint vær, så blir en hjemme :-/
SvarSlettJa, vi må berre kle oss etter været. Har heldigvis hatt nokre dagar no med strålande sol, men no er det vel berre å førebu seg på neste regnperiode:(
Slett