søndag 23. september 2012

Haukånipa (790 moh)......

.....eller Det var ein gong ein merka sti som eg eigentleg hadde tenkt å kalle innlegget! Men sidan eg som regel synast det er viktig at det allereie i tittelen vert gjenspegla kor vi har vore på tur, så enda eg opp med å kalle den for Haukånipa likevel.

Etter det som har føltes som månadsvis med store nedbørsmengder, blei det brått lovnadar om sol frå skyfri himmel. Og då var vi (dvs. eg og Steffen) ikkje seine om å ta ut ein av fleire gjenståande feriedagar, og bruke ein "heilt vanleg arbeidsdag" på fjelltur i staden! (Om du ikkje har prøvd det før, så er det abolutt å tilrå!!). Sidan vi den siste veka også har opplevd at snøen har kome langt nedover fjellsidene, så er det ein del ynskjeturar som må setjast på vent. Men vi er ikkje opprådde for turmål, og det var ikkje vanskeleg å finne alternativ i lågare terreng. Nok ein gong trakk vi oss ut mot kystnære strøk, og ville bestige Haukånipa for første gong.

Turfakta:

Kartutsnitt frå www.ut.no
 Vi starta turen ved vestenden av Haukåvatnet, som ligg heilt inn til rv. 614 ein dryg km aust for Haukå i Norddalsfjorden. Dei første 150 meterane opp til Haukåstølen, går du på traktorveg. Vidare går det ein tydeleg sti opp til høgre før hytta, og oppover eit skar. På toppen av skaret ser ein Tjørnesvatnet på høgre hand. Ein tek til venstre og følgjer legda (hylla) rett vestover med jamn stigning. Det er bert fjell og stien er delvis varda.

Ein gong så var heile ruta merka med T-ar frå stølen og opp - det er den ikkje lenger..... Nokon har gjort ein aktiv jobb med å fjerne denne merkinga.......! :( Men heldigvis så er stien ganske tydeleg frå stølen og opp i skaret, og derifrå gjev retninga seg sjølv - så ein finn fram sjølv om ein kjem ut av stien. (Vi har også fått vite grunnen til at den ikkje er merka lenger - men det trur eg ikkje vi skal gå inn på her....). Turen står omtala i Opptur Sogn og Fjordane turnr. 19-05 i Flora kommune, og her står det at den er merka. Derfor denne presiseringa om at det ikkje gjeld lenger. Vi sakna jo blant anna at det kunne stått eit skilt med Haukånipa ved startpunktet, men no skjønar vi jo kvifor det kanskje ikkje gjer det!

Vi likar å gå rundturar, så vi ville prøve å ta turen som er merka av på kartet ovanfor - der vi kom attende til Stjølstjørne rett nedanfor Haukåstølen. Frå toppen gjekk vi då den varda ruta mot Grytadalsbu. Frå toppunktet går ein ca. 100 meter vestover, før ein går sør og ned Nipeskora. Nede på kanten er det ein godt synleg varde som markerer ruta vidare nedover mot vest. Det er viktig å finne denne varden! Ruta er T-merka nedover. Det er bratt, men steinen ligg stabilt i urane. Vel nede frå ura, måtte vi finne stien som skulle føre oss attende til skogsvegen vi starta på. (Hadde vi følgt T-merkinga vidare, ville vi ha kome til Grytadalsbu). Ved hjelp av GPS'en gjekk det ganske lett, og når vi først hadde funne stien, så var den relativt tydeleg det meste av vegen vidare. Så då var det berre å gå på:)

Total lengd: 9,3 km i følgje GPS'en
Tidsbruk: 1,5 -2 timar opp til toppen, noko lenger tid attende om du går rundturen (då delar av turen er brattare).

Vi ser opp til Haukånipa
Vår turoppleving:
Vi skulle nyte dagen, og hadde derfor ikkje nokon planar om å setje fartsrekordar på vegen..... Det var idyllisk langs med Haukåvatnet, og litt oppe i første bakken møtte vi på sjølvast Haukåtrollet! Eit ganske så fredeleg eitt som sådan!


Haukåvatnet

Kose nase med Haukåtrollet!
På stølen møtte vi ein kar som heldt på å setje opp ei flott grillhytte utanfor hytta si (den einaste bygningen på stølen). Vi slo av ein liten prat, og vi følte ikkje akkurat for å gå amok med fotoapparatet med folk til stades på stølen, så det vart lite bilete herifrå. Men om du vil sjå bilete frå stølen og elles frå turar til Haukånipa, kan du ta turen innom Skorpionens Hjørne her og her.

Som nemnt, trass i manglande merking, så var det ikkje vanskeleg å finne stien vidare oppover. Vi måtte derimot trø forsiktig, då det var ekstremt glatt på steinane. Sjeldan vi opplever at det er så glatt som det var denne dagen. Vel gjennom skogen og oppe i skaret, skulle vi kome over på solide berg som det vanlegvis vil vere godt og lett å gå på. Vil tru at du kan småspringe oppover på tørre og fine sommardagar utan å vere redd for å miste fotfestet - ......Men sidan det var så glatt, måtte vi prøve å gå der det var grastustar. Det vart heller ikkje betre av at vi kom opp i nysnøen som har kome dei siste dagane! Det skal ikkje mykje snø til før det blir atskilleg tyngre og vanskelegare å gå. Heldigvis så var jo ikkje dette eigentleg nokon lang tur, og eg var veldig glad eg ikkje skulle gå i slikt terreng i 7-8 timar! Det er ikkje så ofte lenger at eg misser motivasjonen når eg er på tur og blir lei, men det var farleg nær her.....




Det var derimot fullstendig gløymt då vi kom på toppen, og fekk ei aldeles fantastisk utsikt vestover mot Florø by og øyane utanfor! Sola kom fram og vi kunne verkeleg kose oss ved varden!

Hurra - vi er på toppen!


Radioamatøren LA4YPA i QSO med LA6MO i Måløy
Returen attende gjekk veldig greitt, sjølv om det tok si tid i starten med bratte steinurar og nysnø.... Eg pusta letta ut då vi kom til stidele der vi skulle skilje lag frå den merka T-ruta og gå attende mot skogsvegen. Ein relativt godt nedtrakka sti, gjorde det lett og greitt å gå.




Vi ser mot Klauvekeipen og Terdalskeipen


På vegen fekk vi også høve til å ta eit helikopter i nærare augesyn - ja, ganske så nært faktisk: det sette i frå seg personar på ei fjellhylle berre eit par hundre meter frå der vi sto. Det er folk som er i gong med førebuingane til monstermastene..... Dei blir vel ikkje akkurat noko vakkert syn her heller!


Steffen fann også ein flott souvenir som vi tok med oss heimatt:


Og dette var fredagen i denne fantasktisk flotte helga vi har hatt med sol, sol og sol! Det har blitt fleire turar på oss, så om du følgjer med på bloggen ut over veka, så kjem det nok fleire turopplevingar!

Heldig er eg som stort sett har med ein fast turfotograf! All honnør til Steffen for mange flotte bilete - som gjer det vanskeleg (og tidkrevjande) og plukke ut bilete til bloggen.... mellom anna så blei det "berre" tatt 140 bilete på denne turen! :)

2 kommentarer:

  1. Fantastiske bilder, så imponert! Klare og vakre bilder fra en herlig tur! :) Rart med den merkingen, men dere har jo trolig både møtt på ham som krevde den fjernet og lært historikken bak. Ikke verst ;) De berghyllene er ikke å anbefale når det er vått, det fikk dere også erfare...

    Jeg har ikke gått rundturen, den står på vent, he-he! Så flott ut det også, litt luftig enkelte plasser :) Ser ut til at dere var heldig med været til tross for at det var litt vått i løypa og nytt snøfall. Utsikten er vel verdt alt! :D

    Flotte bilder av dere og naturen! :)

    SvarSlett
  2. He,he - ja, vi vart godt oppdatert på den historikken.... og greit å vere førebudd på manglande merking....;). Ein kjempeflott tur var det, ja - men som sagt litt krevjande med våte berghyller. Rundturen er absolutt å anbefale, så den får du ta neste gong!

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!