onsdag 26. september 2012

(F)uglefjellet 534 moh



"Veit du kor vi skal på tur i dag?" spør eg Sanna Oliva
"Nei", svarar ho
"Vi skal gå på eit fjell som heiter Fuglefjellet. Kanskje det er mange fuglar der?"
"Ja," svarar ho, "eller kanskje ugler???"
Og dermed vart fjellet døypt om til Uglefjellet :)

Fuglefjellet med sine 534 moh er ikkje noko spesielt høgt fjell, men det gjev likevel ei storslagen utsikt der det ligg på nordsida av Sognefjorden, rett aust for Lavik.

Fjelltrimgruppa i Lavik Idrettslag har gjort ein fantastisk jobb med å merke turruter på nordsida av Sognefjorden - frå Vadheim og utover til Lavik og Lavikdalen. Rutene er særs godt merka med skilt ved startpunkta, og god og tydeleg merking heile vegen. Køyrer du mellom Vadheim og Lavik, vil du sjå fleire av desse turskilta langs vegen. Vi har gått fleire av desse turane tidlegare:
  • Ullebø - Fløyen - Hatlelifjell - Duken - Norevik
  • Skårseggja frå Varleite
  • Laviksåta frå Lavikstølane
  • Robba frå Bog
  • Kjerringa frå Avedalen
  • Langeneset - Norevikstølen
Men Fuglefjellet vart ein ny topp for oss. Vi har sett på ruteskildringane at ved å starte frå Bosdal, ville dette vere ein passeleg tur for oss med våre to små. Fuglefjellet er også omtala i brosjyra "Topp 15" i Sunnfjord og ved Sognefjorden.

Turfakta:
Det er to ulike startpunkt for å kome til Fuglefjellet. Det eine startar ved Raa - då går du heilt frå sjøen og til topps. Jamn stigning, men noko brattare mot slutten. Tidsbruk: ca. 1,5 time. Lengd: 5 km ein veg.

Vi valte derimot å starte frå vegen mot Bosdal (det står skilt til Bosdal frå hovudvegen like før du kjem til Lavik). Vi gjorde då unna nokre av høgdemeterane med bil i staden for å gå :). Frå startpunktet her er det jamn stigning til toppen, og tidsbruk er ca. 1 time. Distanse: ca. 5 km t/r.

Vi brukte for øvrig ca. 1 time og 20 minutt til toppen, men då gjekk 3-åringen vår store delar av vegen sjølv. Så i voksentempo har du godt med tid om du skal bruke ein time. Like før toppen kan du velje mellom to ulike ruter - vi valte å gå den eine opp og den andre ned att. Det er absolutt å tilrå, då du får med deg ulik utsikt alt etter kva rute du går.


Tommelen opp - vi er klar for å gå!!!

Og for ei utsikt!!!! Du ser innover og utover Sognefjorden, panorama mot sørsida av Sognefjorden og fjella i Stølsheimen, lenger vest stig Lihestmassivet opp i alt sitt velde og i nordvest ser du også Alden.





Med sol og vindstille, kunne vi kose oss vel og lenge på toppen. Sjølvsagt var der også kasse med turbok i. Alltid spanande å gå på skattejakt i varden! Bendik Matias fekk dessverre med seg eit (lang)varig minne frå toppen: Han datt og slo panna si mot ein skarp stein, så han har fått eit godt synleg kutt midt i panna.... det sette sjølvsagt ein liten dempar på den vidare gleda. Men det kunne gått verre: det var ikkje noko djupt kutt, så med litt liming av kuttet, håpar vi at arret ikkje vert så altfor synleg etterkvart.

Og for ordens skuld: vi såg ingen ugler på (F)uglefjellet!
Ei heller trur eg at vi observerte nokon fuglar denne haustdagen.
Men flott tur var det uansett!

5 kommentarer:

  1. Igjen - fantastiske bilder! Det er ikke alltid at man trenger å gå så høyt opp for å få utsikt. Her var det jo skikkelig storslott i alle retninger. Flinke snuppa som gikk så langt på egne ben også. Imponert ;)

    Herlige turbilder av en supersprek familie! :D

    Klem,
    Eli Kristin

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk - nok ein gong, for hyggjeleg kommentar frå deg, Eli Kristin! :)

      Slett
  2. Flott blogg du har!! Eg er svært imponert over alle turane dåke går. Sprekingar!! :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for hyggjeleg kommentar :) Alltid kjekt med respons! Spreke...tja, vi vel ikkje sprekare enn folk flest, men likar å gå på tur :)

      Slett
  3. Så artig å se fra kjente trakter! Vel og merke har jeg aldri vært der oppe, men kanskje blir det en tur dit en gang?! Nydelige bilder av vakre fjord og fjell! Klem Cathrine :-)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!