søndag 9. september 2012

Åleine på tur med to små

Kva gjer du når du ynskjer å kome deg ut på tur i skog og mark, men samtidig har to små som gjerne på bærast/trillast heile eller deler av turen? Jo, då må du i alle fall gå ein plass det er mogeleg å trille med barnevogn, og så bør det kanskje ikkje vere den aller største stigninga på turen. Med 20 kg på rygg og ca. 25 kg som skal trillast, så fristar ikkje dei tunge oppoverbakkane......

Heldigvis finst det nokre flotte turar å ta med dette utgangspunktet også. Sånn i farten kan eg nemne: Solsidevegen i Naustdal, Botnavatnet i Angedalen, køyre opp i Kvanndalen og gå inn til Hagenstølen, Hundsrasta ved Bekkjavatnet og postvegen på Langeland (klikk på namna for å lese turskildringar om desse turane).

Vi valte Hundsrasta i dag. Litt fordi der er det litt aktivtetar undervegs med bord og disser, og flott vatn, gapahuk og benkar å kose seg ved når ein kjem fram. Og med sine 2 km ein veg er det passeleg langt å gå. 3-åringen vår gjekk heile vegen inn, men fekk lov å sitje litt i vogna på veg heim att - og eg kan konstantere at ho definitivt er i ferd med å vokse ut av den ;). Men i vogna ville ho vere, så minsten vart putta opp i bæremeisa!

Vi kosa oss. Endeleg vart det litt sol også! Go'morgon youghurt og restar av laurdagsgodtet var niste. Vi kasta stein i vatn. Vi dissa. Vi såg på folk som gjekk forbi. Vi undersøkte "alle" bålplassane. Eigentleg ville vi bada, men det var nok litt for kaldt no. Men kanskje neste år?
Prøvesitting av steinbenk

Alle dissene måtte prøvast

Søskenkjærleik

"Godt, Godt!"




Denne hang i taket i Gapahuken

2 kommentarer:

  1. Såg utruleg koseleg ut.Heldige ungane dine som har foreldre som er så flinke å ta dei med på tur :-))Kjeket å lese å sjå bilder frå turane dåkas.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, kjekt å kome seg ut på tur! Steffen var på tur med broren din, så derfor var eg åleine:)

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!