torsdag 2. august 2012

Lite blogging, men stor turaktivitet :)

Ferien 2012 nærmar seg slutten, og i løpet av desse 4 vekene har det vorte lite blogging. Heldigvis betyr ikkje dette at det også har vorte få turar - tvert om: høg aktivitet på turfronten og ferieaktivitetar har ført til minimalt med tid til blogging! Men i løpet av den nærmaste tida, håpar eg å få oppdatert bloggen med ein del av turopplevingane vi har hatt i sommar.

Det er mykje arbeid å få skrive om alle turane, og ikkje minst lagt inn bilete. Men for at de ikkje skal vente for lenge, så får de her nokre smakebitar på turopplevingane våre. Forhåpentlegvis vil eg få lagt inn detaljerte skildringar om kvar enkelt tur i løpet av den næraste tida :).

Eg har allereie skildra turen til Revjehornet på Stadlandet. Dagen etter vart det tur langs sjøen frå Indre Fure til Ytre Fure:
Ytre Fure på Stadtlandet
Etter ein liten tur heim til Førde eit par dagar, tok vi deretter turen til Værlandet/Bulandet, og tok turen opp på Høgekletten for første gong:
Høgekletten på Værlandet
Så var det ein rask tur heim til Førde, før vi køyrde med bubil austover. Planen for sommarferien var eigentleg å køyre rundt Hardangervidda, med start på vestsida. Men sidan været verka betre lengre aust, starta vi i andre enden. Og i staden for turar inn på Hardangervidda, vart det eit par turar i Skarveheimen:
Prestholtskarvet ved Prestholtseter i Geilo

DNT-hytta Iungsdalshytta
Ein tur på Gaustatoppen vart det også. Det var sol frå skyfri himmel, så det var verkeleg folkevandring til toppen denne dagen:

I Rjukan tok vi Krossobanen opp på fjellet, og gjekk den nylaga Solstien med steintrapper bygd av sherpaer. Flott utsikt rett mot Gaustatoppen:

Så nærma vi oss endeleg sørvestsida av Hardangervidda, og tok turen til DNT-hytta Middalsbu:

Ein stopp i Kinsarvik, medførte ein tur inn i den flotte Husedalen med mange spennande fossefall:

Og på veg heim over Vikafjellet, måtte vi også ta turen innom DNT-hytta Målsete:

Vel heime igjen, fekk også eg og Steffen oss ein skikkeleg flott fjelltur: Menesstølen - Meneseggja - Harevollnipa (1406 moh) i Vetlefjorden. Utruleg flott oppleving sjølv om været ikkje var det aller, aller beste:

Dette var nokre smakebitar på kva de har i vente i tida framover - gler meg til å dele turopplevingane med dykk!

Ha ein framleis god sommar!

1 kommentar:

  1. Wow, dere har virkelig fartet rundt i fjellet i sommer. Vi hadde bare to uker hjemme før i sommer med prosjekt, så det ble noen fjellturer med barna - og ikke så mye mer. Satser på flere utover høsten.

    Ble interessert i den Smådalsnipa *legge på minnet*. Ser frem til flere turbeskrivelser og bilder, heldige dere! :D

    Litt blogging fra min kant, men dårlig med besøk. Så mye å gjøre, så lite tid innendørs, thi-hi..

    Fortsatt god sommer, Liv Janne!
    Eli Kristin

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!