tirsdag 7. august 2012

Frå Indre til Ytre Fure på Stadtlandet

I tillegg til Revjehornet, fekk vi også med oss ein annan flott tur den helga vi var i Selje. Denne turen har ikkje dei store motbakkane, men er i staden ei fin vandring langs sjøen: Vi gjekk frå Indre til Ytre Fure på sørsida av Stadlandet:




For å kome dit køyrer du til Drage på Stadlandet, og deretter 4 km langs stranda til vegs ende ved Indre Fure. Gardane på Indre og Ytre Fure var med i NRK-serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" i 2007. Om du ynskjer å sjå dette, finn du programmet her. Det var då 7 fastbuande på Indre Fure. Gardane på Ytre Fure vart fråflytta etter krigen. Det er også laga ei eiga heimeside for gardane på Fure: www.indrefure.net .

Det er god plass til å parkere rett før gardane. Startpunktet for turen - Indre Fure:


Husa på Indre Fure ligg i eit velhalde klyngetun, som du bør bruke litt tid på å studere og nyte:

Tidsbruk ut til Ytre Fure er om lag 1 time. Når ein vandrar langs sjøar eller vatn, ser det alltid mykje kortare ut enn det i realiteten er. Det er som regel både litt opp- og nedstigning, og litt inn og ut av viker, før ein kjem fram. Slik er det også her!

Stien ut til Ytre Fure er godt synleg og lett å følgje. Det er nokre "småluftige" parti, og ein del store steinar som skal passerast, så det kan vere litt vanskeleg å gå for dei minste barna. Det er sett opp nokre tau som ein kan halde seg i på dei mest utsette stadane, men for øvrig så det er det ein trygg og grei sti å gå. Ta deg tida undervegs til å studere alle dei vakre blomane som veks langs med stranda eller alle dei fine steinformasjonane du ser:




Vi snakka med nokre personar som høyrde til på Indre Fure, og dei advarte oss om at vi måtte sjekke oss for flått etter endt tur. Og den advarselen var med rette: Allereie då vi åt nista vår på Ytre Fure kunne vi sjå dei første flåttane kravle på beina våre. Vi tok vekk nokre flåttar både undervegs og etter turen. Dei to småtrolla våre var godt påkledde på grunn av litt vind, så dei slapp heldigvis greitt unna.

Dette er ein tur som passar for "alle" uansett form og farge, og ein tur du først og fremst går for å nyte flott natur. Dersom du skal på trimtur, så er den ikkje så veldig godt eigna for det :)

Nokre fleire bilete som kanskje kan gje deg lyst til å ta turen:


Frå Indre Fure ser du over til Mehuken og Kråkenes fyr

Sjøklippa Hornelen er godt synleg også her!


Har du mista ein sko på sjøen, så kanskje du finn den att her?

Ytre Fure








Turen frå Indre til Ytre Fure er også omtala i "Opptur Sogn og Fjordane", under Selje Kommune og turnr. 26-07. Den er her også foreslått som ein tur vidare over til Hoddevika.

Turkart: Friluftskart for Selje og Vågsøy

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!