torsdag 5. juli 2012

Smådalsnipa (937 moh) i Naustdal



Smådalsnipa sett frå Stehoggestølen
For leeeenge sidan, lista eg opp mine 5 kvardagsfavoritt-fjellturar. På 3. plass der, var Smådalsnipa i Naustdal. Det er framleis ein av mine favorittar, og eg prøver å ta ein tur dit minst ein gong i året. I går hadde eg årets første tur opp dit. Sjølv om det har vore litt nedbør siste tida, så er det framleis usedvanleg tørt og fint i terrenget. Deilig å kunne gå på tur i lette joggesko utan å bli våt på beina! Turen til Smådalsnipa går først på god grusveg til Stehoggestølen, og vidare oppover på ein godt synleg og nedtrakka sti. Det er i tillegg godt varda heile vegen frå stølen og til topps, så det er lett å finne fram på eiga hand. Stort sett jamn og fin stigning, som gjer det lett å gå litt fort (om det er eit mål....). Du startar ganske høgt, på 440 moh, så samla sett er det ikkje meir enn ca. 500 meter med stigning.

Turen er omtala i Opptur Sogn og Fjordane, og der er turen også foreslått som ei overgangsrute vidare til Blåfjellet og Krunene i Angedalen (7-8 timars tur). Eg og Steffen har gått vidare til Blåfjellet ein gong, men returnerte tilbake same vegen som vi kom. Jorunn Kleiven har også omtala turen til Stehoggestølen i "Gå Sjøl - familieturar i Sunnfjord".

Eg gjekk eigentleg åleine på tur, men fekk litt turfølgje likevel:
Slik finn du fram:
Turen startar på Kleppstølen, og du kan kome dit frå to ulike kantar:
Frå Førde køyrer du i retning Naustdal, og i Erdalen tar du av mot avfallsplassen i Hesjedalen. Ved bossplassen går det ein privat grusveg inn til høgre. Dette er ein bomveg, så ta med 10 kr for å leggje i postkassa nokre hundre meter inn på vegen. Når du kjem til asfaltert veg igjen, tar du til høgre. Kort etter, er det skilta til venstre mot Kleppstølen (2,8 km).
Frå Naustdal køyrer du innover Naustedalen (tar til høgre rett før Naustdalstunnellen). Ca. 4 km frå Naustdal sentrum, kjem du til Hove bru. Sving til høgre over brua og køyr oppover Åsedalen heilt til du kjem til skiltet som viser til Kleppstølen.

Biletet under syner gardstunet på Kleppstølen. Du kan parkere nedanfor dette.
Kleppstølen er ein fjellgard som i 1932 vart kjøpt av lokalhistorikaren Albert Joleik. Han var for øvrig den yngste som nokon gong hadde teke artium i 1896, berre 16 år og 3 månader gamal. Han var også den første studenten som leverte inn embetseksamen på nynorsk, i 1901. Garden er i drift i dag, men det bur ikkje nokon der. Det er mogeleg å leige huset for overnatting.

Eg har teikna ruta inn på eit kartutsnitt. Ta høgde for at dette ikkje er heilt nøyaktig teikna inn frå Stehoggestølen og opp til toppen, men den gir i alle fall retninga og ein peikepinn på kor du går:


På kartet under ser du kor Smådalsnipa ligg i høve Naustdal sentrum (merka med raud ring):

Inn til Stehoggestølen er det god grusveg. Har du små born, kan du trille med barnevogn, men det er noko humpete den første bratte bakken. Etter denne småbratte starten på turen, flatar det atskilleg meir ut vidare inn til stølen. Etter ca. 15 minuttars gange er du framme med stølen, og det er vel verdt å ta seg ein kikk på alle dei flotte sela som står på kvar si side av bakkekammen. Turen inn til stølane er godt eigna for små born i 3-5 års alderen.


God grusveg inn til Stehoggestølen
Frå stølen tek ein til høgre over ei lita elv, og følgjer den varda stien vidare. Lett stigning i starten før det vert noko brattare. Opp til toppen må du rekne mellom 1 - 1,5 time. Det er plassert ut trimpost i varden.

På veg opp bakkane, snur vi oss og ser attende mot Stehoggestølen, og ser Blånipa ved Ramstadheia i bakgrunnen:


Mange "vanlege" vardar på vegen, men også nokre litt meir spesielle:

Turen gjev flott utsikt mot Førdefjorden, og ein kan nesten ikkje gå ein einaste fjelltur i Sunnfjord utan at ein ser Storehesten og Heilevangsstaurane:

Snøen er heldigvis omsider i ferd med å forsvinne i fjellet no, men eg måtte gå over to små snøfonner:

Varden på toppen med postkasse og trimbok. I bakgrunnen ser du Blåfjellet, i retning Angedalen:

Beviset på at eg - og fleire - har vore der:
Etter at biletet av boka var tatt, oppdaga eg faktisk namnet til mi eldste søster blant alle dei som har signert siste veka :)
Stien er god og tydeleg, og vardane lett synlege:

Vel nede att ved Stehoggestølen:


For øvrig kunne denne kveldsturen blitt ein dyr fornøyelse for min del :( Vel nede ved bilen, oppdaga eg at lomma der mobilen hadde låge, var open - og sjølvsagt var mobilen vekke. Eg visste at glidelåsen hadde vore igjen tidlegare på turen, så den hadde gått opp av seg sjølv. Rekna i utgangspunktet med at sjansane var små for at eg skulle finne mobilen igjen, så litt fortvila og irritert sette eg meg i bilen og køyrde heim. Vel heime, prøvde Steffen å ringe på meg, og vi kunne konstantere at telefonen låg i eit område utan dekning. Dermed kunne vi resonnere oss fram til at den truleg låg ein stad på første delen av turen. Det er nemleg ikkje lite eller ingen mobildekning frå Kleppstølen og inn til Stehoggestølen, men etterkvart som ein kjem lenger opp i høgda, får ein dekninga att. Eg sprang dessutan frå Stehoggestølen og tilbake til bilen, noko som medførte at rompetaska rista ein del, så det var ein sjanse for at det var då glidelåsen var glidd opp. Steffen meinte derfor at eg skulle ta ein tur opp igjen for å sjå om eg kunne finne den på vegen til Stehoggestølen. Uansett var det folk på stølane, så eg kunne i alle fall gje ein beskjed til dei om det var nokon som skulle finne telefonen på vegen.

MEN; På veg attende - rett før siste bakken til Stehoggestølen, låg det noko midt i vegen...... og det var mitt rosa hekleetui med telefonen inni :))))))) Litt heldige skal vi jo av og til vere!

Når det er sagt, så har vi ein unik evne til å finne igjen ting vi mistar på fjellturar: For ikkje lenge sidan mista eg og Bendik Matias eine skoen hans på veg opp til Hornnesstølen. Eg oppdaga det vel oppe på stølen, og hadde ingen idè om kor tid den kunne falt av. Vi hadde eigentleg tenkt å gå ein annan veg ned att, men med eit ørlite håp om å finne skoen, returnerte vi same vegen. Og vi hadde ikkje gått mange hundre meterane før skoen låg der midt i stien. Vi har også vore på jakt etter sokkar og smokkar - på ein tur til Raksætra i Loen i fjor, mista Bendik Matias heile 3 sokkar på vegen opp. Men alle tre fann vi igjen på vegen ned att.
Så den som leitar, den finn! :)

Nytt frå sommaren 2013: Turen til Smådalsnipa er no skilta og merka frå Kleppstølen. Lengd 3,6 km ein veg. 

2 kommentarer:

  1. Nett komt heimatt frå Smådalsnipa etter å ha lest dette innlegget. For ein fantastisk fin kvardagstur :) No skal eg gå gjennom resten av kvardagslista di og sjå om eg finn noko meir snop! Takk for god turinspirasjon :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt at det har gitt inspirasjon til nye turar! Det er formålet med bloggen - så eg blir veldig glad kvar gong eg får tilbakemelding om at folk har oppsøkt plassar eg har skrive om på bloggen :)

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!