mandag 16. juli 2012

Eventyret om Reve-enka på Revjehornet (427 moh)

Revjehornet sett frå nordsida av Vanylvsfjorden
Reve-enka
Det var en gang en rev og hans revekone, som levde i et godt ekteskap. Det hender ektepar greier det. Men en dag reven hadde vært og stjålet høner hos bonden, spiste han så mange at han ble syk og døde. Kona hans gråt og sørget, men han ble ikke levende igjen.  

Og det var ein gong - mange år seinare - at ein turglad familie på 4 reiste på helgetur med bubilen: mor, far, storesøster på 3 år og lillebror på 20 mnd. Mor og far levde i eit godt ekteskap. Det hender at ektepar greier det! :) Dei reiste med kurs for Stadlandet, for der hadde berre far vore før.

Etter begravelsen begynte det å komme friere til enka. En lørdagskveld banket det tre ganger på døren til revehuset. Reve-enka hadde en hunnkatt til tjenestejente, og ba henne gå og se hvem det var som banket på. Utenfor sto en bjørn, som sa enka skulle få et godt råd hvis hun ble med ut og gå. Men da enka hørte det var en ven, vakker og brun en som sto utenfor, takket hun nei. 

På fredagskvelden banka turfamilien tre gongar på døra til radioamatøren Otto, LA5VM. Han hadde ein hokatt til tenestejente, og denne hadde fått tre kattungar. Dei kom ut av garasjen for å sjå kven som banka på, til stor glede for storesøster og lillebror. Då Otto og kona, Gunhild, høyrde at det var ein ven, vakker og sommarbrun familie som sto utanfor, så vart dei invitert inn på kaffi. Dei fekk endatil lov å overnatte med bubilen på tunet utanfor huset. Frå dette huset kunne dei sjå rett over til Stadtlandet. Og når dei køyrde ein kilometer lenger ut i fjorden, kunne dei sjå over på ein flott fjelltopp som heiter "Revjehornet". "Dette fjellet har eg lyst opp på" sa mammaen i turfamilien. Turfamilien fann fram turkart over Selje (som vi sjølvsagt hadde med på turen...) og "Opptur Sogn og Fjordane" (tur nr. 26-08), og konkluderte med at dette kunne vere eit spennande turmål.

Revjehornet ligg på nordsida av Stadtlandet, ved Borgundvågen, 4 kilometer nordvest for Leikanger. Karta under viser turen og kor du finn Revjehornet:



Neste lørdagskveld banket en ulv på døren. Tjenestejenta gikk ut og åpnet. Han ville også ha med reve-enka ut og gå, og gi henne et godt råd. Men da hun hørte det sto en ven, vakker og grå utenfor, takket hun nei. Tredje lørdagskvelden gikk det på samme måten. Utenfor sto en hare og ville ha med seg reve-enka ut på tur. Da tjenestejenta fortalte at det var en ven, vakker og hvit ute på trammen, takket reve-enka nei nok en gang.

Laurdag morgon, etter frukost, sa turfamilien farvel til Otto og Gunnhild, for å ta fatt på turen mot Revjehornet. Med på turen fekk storesøster og lillebror med seg kvar sin melkesjokolade med eventyr inni. Turfamilien køyrde av garde og fann fram til startpunktet i Borgundvågen. Dei parkerte ved ei grushole ved høgste punktet på vegen mot Tungevåg og Eltvik. Derifrå var det flott utsikt over Tungevågen:

Det skulle vere merka sti, men den var ikkje heilt enkel å finne i starten. Einskilde stadar såg turfamilien raude rundingar på steinane, men dei var i ferd med å forsvinne. Men det er ope terreng, og du ser retninga mot toppen heile vegen, så det er greitt å finne ein veg å gå, sjølv utan sti. Terrenget er litt kupert og humpete, med litt myr. Etterkvart vert det litt brattare oppstigning, men då er det også lettare å finne vardane og stien. Opptur-boka lova at turen tar ca. 1 time opp og at det er ein lett tur. Turkartet for Selje sa at turen tar ca. 1,5 time og at det er ein fysisk krevjande tur. Turfamilien konkluderte med at 1,5 time er eit riktig utgangspunkt, og at turen ikkje er veldig fysisk krevjande, men kanskje noko tyngre enn ein lett tur.  Storesøster på 3 år synast det vart litt tungt å gå med høgt gras og bratte bakkar, så det vart i alle fall ein fysisk krevjande tur for mor og far som måtte bære både storesøster og lillebror det meste av vegen opp!
På vegen opp såg dei attende til Leikanger lenger inne i fjorden:

"Langt om lenge og lenger enn langt" kom turfamilien endeleg til toppen. På toppen var det ein varde. Storesøster byrja å leite etter bok i varden. Ho har vore på mange fjelltoppar før og veit at det ofte ligg ei bok gøymt i vardane på toppen. Og jammen tok det ikkje lang tid før dei gjorde eit funn - ein liten treboks låg gøymt under nokre steinar:

Mor og storesøster sette seg ned for å skrive i boka:

Det var flott utsikt på toppen. "Sunnmøre neste" står det om toppen i Opptur-boka, og det er flott utsikt nordover mot Sunnmøre og Runde. Vestkapp synte seg frå si beste side, og låg utan skodde. Frå toppen ser ein også ned på Storeneset, litt utanfor Tungevågen. Der ligg det restar etter kanonstillingar frå krigen. Fjelltoppen er eigentleg toppen av ei havklippe, og går ein ut på kanten er det stupbratt ned i havet:


Turfamilien kostar seg med niste og drikke ved varden på toppen:

Etter at nista var eten opp, fekk dei to små borna lov å opne sjokoladen sin. I tillegg til å ete sjokolade, var det spennande å sjå kva eventyr som låg inni der. I lillebror sin sjokolade, fann vi eventyret om "Reve-enka", og kva kunne vel passa betre sidan vi var på toppen av REVjehornet?

Og slik har det seg at eventyret om Reve-enka blei fortalt på toppen av Revjehornet denne dagen:

På den fjerde lørdagskvelden banket det også tre ganger på døren. Tjenestejenta gikk ut, og der sto ein rev! Han sa til tjenestejenta at hun måtte be enka komme og bli med han ut og gå, så slkule hun få et godt råd. Da reve-enka hørte det sto en ven, vakker og rød, akkurat lik han som var død, utenfor - da sa hun: "Kjære, be ham inn og sjå, han har gode råd!" Så ble det bryllup hos reve-enka med det samme, og hvis reven ikke har vært i hønsegården og forspist seg er de nok godt gift ennå!

Og kven veit - kanskje ga reven råd om at det var fint å ta turen opp på Revjehornet? Vel attende til bubilen, var i alle fall turfamilien einige om at alle hadde hatt ein fin tur, og at vi vil gje andre tips om å ta denne turen om dei skal til Stadtlandet ein gong!

Det høyrer også med til historia at storesøster fekk eventyret "Prinsessa som ingen kunne målbinde", og kva kunne vel passe betre til henne enn det.... :)! Og vi takkar Otto og Gunnhild for sjokoladen, og for godt vertskap på kort varsel!



Flott utsikt nordover mot Sunnmøre
 


torsdag 5. juli 2012

Smådalsnipa (937 moh) i Naustdal



Smådalsnipa sett frå Stehoggestølen
For leeeenge sidan, lista eg opp mine 5 kvardagsfavoritt-fjellturar. På 3. plass der, var Smådalsnipa i Naustdal. Det er framleis ein av mine favorittar, og eg prøver å ta ein tur dit minst ein gong i året. I går hadde eg årets første tur opp dit. Sjølv om det har vore litt nedbør siste tida, så er det framleis usedvanleg tørt og fint i terrenget. Deilig å kunne gå på tur i lette joggesko utan å bli våt på beina! Turen til Smådalsnipa går først på god grusveg til Stehoggestølen, og vidare oppover på ein godt synleg og nedtrakka sti. Det er i tillegg godt varda heile vegen frå stølen og til topps, så det er lett å finne fram på eiga hand. Stort sett jamn og fin stigning, som gjer det lett å gå litt fort (om det er eit mål....). Du startar ganske høgt, på 440 moh, så samla sett er det ikkje meir enn ca. 500 meter med stigning.

Turen er omtala i Opptur Sogn og Fjordane, og der er turen også foreslått som ei overgangsrute vidare til Blåfjellet og Krunene i Angedalen (7-8 timars tur). Eg og Steffen har gått vidare til Blåfjellet ein gong, men returnerte tilbake same vegen som vi kom. Jorunn Kleiven har også omtala turen til Stehoggestølen i "Gå Sjøl - familieturar i Sunnfjord".

Eg gjekk eigentleg åleine på tur, men fekk litt turfølgje likevel:
Slik finn du fram:
Turen startar på Kleppstølen, og du kan kome dit frå to ulike kantar:
Frå Førde køyrer du i retning Naustdal, og i Erdalen tar du av mot avfallsplassen i Hesjedalen. Ved bossplassen går det ein privat grusveg inn til høgre. Dette er ein bomveg, så ta med 10 kr for å leggje i postkassa nokre hundre meter inn på vegen. Når du kjem til asfaltert veg igjen, tar du til høgre. Kort etter, er det skilta til venstre mot Kleppstølen (2,8 km).
Frå Naustdal køyrer du innover Naustedalen (tar til høgre rett før Naustdalstunnellen). Ca. 4 km frå Naustdal sentrum, kjem du til Hove bru. Sving til høgre over brua og køyr oppover Åsedalen heilt til du kjem til skiltet som viser til Kleppstølen.

Biletet under syner gardstunet på Kleppstølen. Du kan parkere nedanfor dette.
Kleppstølen er ein fjellgard som i 1932 vart kjøpt av lokalhistorikaren Albert Joleik. Han var for øvrig den yngste som nokon gong hadde teke artium i 1896, berre 16 år og 3 månader gamal. Han var også den første studenten som leverte inn embetseksamen på nynorsk, i 1901. Garden er i drift i dag, men det bur ikkje nokon der. Det er mogeleg å leige huset for overnatting.

Eg har teikna ruta inn på eit kartutsnitt. Ta høgde for at dette ikkje er heilt nøyaktig teikna inn frå Stehoggestølen og opp til toppen, men den gir i alle fall retninga og ein peikepinn på kor du går:


På kartet under ser du kor Smådalsnipa ligg i høve Naustdal sentrum (merka med raud ring):

Inn til Stehoggestølen er det god grusveg. Har du små born, kan du trille med barnevogn, men det er noko humpete den første bratte bakken. Etter denne småbratte starten på turen, flatar det atskilleg meir ut vidare inn til stølen. Etter ca. 15 minuttars gange er du framme med stølen, og det er vel verdt å ta seg ein kikk på alle dei flotte sela som står på kvar si side av bakkekammen. Turen inn til stølane er godt eigna for små born i 3-5 års alderen.


God grusveg inn til Stehoggestølen
Frå stølen tek ein til høgre over ei lita elv, og følgjer den varda stien vidare. Lett stigning i starten før det vert noko brattare. Opp til toppen må du rekne mellom 1 - 1,5 time. Det er plassert ut trimpost i varden.

På veg opp bakkane, snur vi oss og ser attende mot Stehoggestølen, og ser Blånipa ved Ramstadheia i bakgrunnen:


Mange "vanlege" vardar på vegen, men også nokre litt meir spesielle:

Turen gjev flott utsikt mot Førdefjorden, og ein kan nesten ikkje gå ein einaste fjelltur i Sunnfjord utan at ein ser Storehesten og Heilevangsstaurane:

Snøen er heldigvis omsider i ferd med å forsvinne i fjellet no, men eg måtte gå over to små snøfonner:

Varden på toppen med postkasse og trimbok. I bakgrunnen ser du Blåfjellet, i retning Angedalen:

Beviset på at eg - og fleire - har vore der:
Etter at biletet av boka var tatt, oppdaga eg faktisk namnet til mi eldste søster blant alle dei som har signert siste veka :)
Stien er god og tydeleg, og vardane lett synlege:

Vel nede att ved Stehoggestølen:


For øvrig kunne denne kveldsturen blitt ein dyr fornøyelse for min del :( Vel nede ved bilen, oppdaga eg at lomma der mobilen hadde låge, var open - og sjølvsagt var mobilen vekke. Eg visste at glidelåsen hadde vore igjen tidlegare på turen, så den hadde gått opp av seg sjølv. Rekna i utgangspunktet med at sjansane var små for at eg skulle finne mobilen igjen, så litt fortvila og irritert sette eg meg i bilen og køyrde heim. Vel heime, prøvde Steffen å ringe på meg, og vi kunne konstantere at telefonen låg i eit område utan dekning. Dermed kunne vi resonnere oss fram til at den truleg låg ein stad på første delen av turen. Det er nemleg ikkje lite eller ingen mobildekning frå Kleppstølen og inn til Stehoggestølen, men etterkvart som ein kjem lenger opp i høgda, får ein dekninga att. Eg sprang dessutan frå Stehoggestølen og tilbake til bilen, noko som medførte at rompetaska rista ein del, så det var ein sjanse for at det var då glidelåsen var glidd opp. Steffen meinte derfor at eg skulle ta ein tur opp igjen for å sjå om eg kunne finne den på vegen til Stehoggestølen. Uansett var det folk på stølane, så eg kunne i alle fall gje ein beskjed til dei om det var nokon som skulle finne telefonen på vegen.

MEN; På veg attende - rett før siste bakken til Stehoggestølen, låg det noko midt i vegen...... og det var mitt rosa hekleetui med telefonen inni :))))))) Litt heldige skal vi jo av og til vere!

Når det er sagt, så har vi ein unik evne til å finne igjen ting vi mistar på fjellturar: For ikkje lenge sidan mista eg og Bendik Matias eine skoen hans på veg opp til Hornnesstølen. Eg oppdaga det vel oppe på stølen, og hadde ingen idè om kor tid den kunne falt av. Vi hadde eigentleg tenkt å gå ein annan veg ned att, men med eit ørlite håp om å finne skoen, returnerte vi same vegen. Og vi hadde ikkje gått mange hundre meterane før skoen låg der midt i stien. Vi har også vore på jakt etter sokkar og smokkar - på ein tur til Raksætra i Loen i fjor, mista Bendik Matias heile 3 sokkar på vegen opp. Men alle tre fann vi igjen på vegen ned att.
Så den som leitar, den finn! :)

Nytt frå sommaren 2013: Turen til Smådalsnipa er no skilta og merka frå Kleppstølen. Lengd 3,6 km ein veg. 

onsdag 4. juli 2012

Laukelandshesten (678 moh)

Nordsida av Dalsfjorden har mange flotte fjellturar å by på. Den mest kjende er sjølvsagt Storehesten, men litt lenger ute i fjorden ligg det ein annan flott "hest" - nemleg Laukelandshesten. Vi hadde oss ein flott kveldstur dit for nokre veker sidan. Vi har vore der nokre gonger før, men vi hadde med oss eit par stykker i følgjet som tok turen for første gong.

Det er absolutt ein topp som hadde fortent mykje meir besøk! "Besøksboka" i varden viser at det i hovudsak er lokale folk som går der - slik det ofte er! Grunnen er kanskje at det verken er merka eller noko tydleg sti opp til toppen (som vi har funne i alle fall....), men det er likevel ikkje så vanskeleg å finne fram i terrenget. Toppen er uansett med i fjelltrimmen til Gaular IL og du får 5 poeng for turen om du deltek i den, eller du kan  signere i boka berre for moro skuld - slik som vi gjer :)


Laukelandshesten med Laukelandsfossen i front - sett frå fjorden ved Dale
På veg oppover - vi ser ned til Standnesvatnet og opp mot Blægja
Slik finn du fram til Laukelandshesten:
Frå Førde må du rekne med ca. 45 minutts køyring til startpunktet. Forbi Bygstad i Gaular kommune, køyrer du på nordsida av Dalsfjorden til du kjem til enden av vegen på Laukeland. Derifrå går det ein bomveg opp til Laukelandsstølen. Hugs å ta med kr. 50 i bomavgift! Etter å ha køyrt opp på høgste høgda av vegen, går den litt nedover igjen til du kjem til Standnesvatnet. Du skal parkere i ein liten sving rett før du kjem ned til dette vatnet.

På venstre sida av vegen, går det ein sti inn i granskogen langs med vatnet. Denne er merka, og er den tidlegare T-merka ruta til Massbu (før vegen kom). Du skal følgje denne stien eit lite stykke gjennom skogen, til du finn det "naturleg" å ta opp til venstre. Som nemnd, vil du ikkje finne noko sti heile vegen, men du går i lyngen oppover og du finn undervegs ut kvar det er lettast å gå. Det er ikkje noko vanskeleg terreng å gå i, men det er naturlegvis tyngre å gå i lyngen enn i ein godt nedtrakka sti. Eg har teikna vår rute inn på kartet nedanfor - sånn omtrentleg slik vi gjekk den:


Ruta til Laukelandshesten (kartutsnitt frå http://www.ut.no/)

Oversiktskart over kor Laukelandshesten ligg (henta frå http://www.ut.no/)
Det er ikkje noko lang tur - etter ca. 1 time er du på toppen, og ei fantastisk utsikt over Dalsfjorden openberrar seg!
Blægja, Storehesten og Skålefjellet
 Dalsfjorden med Dale sentrum til venstre midt i biletet og Heileberget på motsett side av fjorden:


Heileberget


Innover Dalsfjorden mot Bygstad

Vi ser mot Storehesten igjen

Blægja

Søndre Kringla, Nordre Kringla og Eitrenipa

 På veg ned att skogsvegen, er det også viktig å nyte den flotte utsikta:


Om du ikkje har vore i området før, bør du også køyre til endes av skogsvegen når du likevel er der. Du kjem då fram til Laukelandsstølane. Her er startpunktet for turen til Massbu.