torsdag 14. juni 2012

Tur til Norskehesten - majestetiske Alden (460 moh)

Eg var nyleg så heldig at eg fekk høve til ein tur på Alden i lag med gode kollegaer. Eg har vore der ein gong før, men dette er ein tur som ein burde tatt minst ein gong i året! Alden byr på spektukalær utsikt i alle retningar: øyriket Værlandet og Bulandet i vest, Kinnaklova og dei andre øyane utanfor Florø i nord, store delar av ytre Sogn og Sunnfjord i sør og aust med bl.a. Lihesten, Storehesten, Blegja og Atløy.

Øya Alden stig nærmast loddrett opp av havet med sine 481 meter og har med den karakteristiske forma vore eit kjent seglingsmerke i lange tider. Namnet "Norskehesten" kjem av den karakteristiske forma, og spesielt frå sør ser ein hesteryggen mellom Yste- og Instenova. I godt ver er øya synleg meit enn 100 km til havs. Det er framleis ein mann som bur på øya.

Turskildring:
Øya Alden ligg heilt vest i Sunnfjord, mellom øyane Atløy og Værlandet. For å kome til Alden er du derfor avhengig av båtskyss.

Kartutsnitt frå ut.no
Turen er merka, og allereie ved kaia er det skilt som viser veg. Ein går opp til garden, der stien og oppstigninga byrjar. Det er smal, men tydeleg sti, og det er noko bratt dei første 300 høgdemetera. Det kan sjå noko luftig ut når ein ser oppover, emn det er heilt trygt å gå. Når ein kjem opp på platået (ved ca. 300 moh), flatar det ut og i lett terreng kjem ein kjem raskt opp til varden på Instenova.

Turen passar for alle som er van med å gå i ulendt terreng, og ein reknar om lag 1,5 time til toppen. Vi brukte ca. 1 time opp i roleg, jamn gange. Turen ned att gjer du unna på under ein time. Fin tur som også passar for små barn, men pass på at dei ikkje går for langt ut på kanten når dei er ved varden! Sjølve varden ligg 20 meter inne på platået, så det er ikkje noko problem sjølv om du er redd for høgder.

Om sommaren er det mange som overnattar i telt på Alden, og får med seg sola som går ned i havet i vest og ein tidleg soloppgang i aust.

Alden ligg og ventar på oss :)




Værlandet med Høgekletten - Bulandet lengst vest

Vi ser ned att til båten


Vi var kjempeheldige med været denne dagen og hadde blå himmel og nærast vindstille på toppen. Men det var litt disig, så det var ikkje så lett å ta dei gode bileta over den flotte utsikta! Vel nede att ved båten, avrunda vi turen med eit friskt bad i sjøen!

Ellers så var ein del av opphaldet vårt på Værlandet Kro der vi m.a. fekk servert nydeleg hjortegryte. På kroa har dei også ein tv-skjerm der det er "livesending" frå eit ørnereir, og vi var så heldige at vi fekk sjå ørna mate ungen sin:


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!