fredag 8. juni 2012

"Stein på stein på stein" - på Bygdeheia (280 moh)


Då vi var på hytta for snart 3 veker sidan, hadde vi oss også ein flott tur på Bygdeheia (280 moh) ved Fure og Våge, ytterst i Dalsfjorden. Med sine knappe 300 høgdemeter er det ingen stor topp, men den gjev likevel flott utsikt sidan det ikkje er nokon høgare toppar i nærleiken. Meir kjent turmål i dette området er Einingsfjellet, men eg vil absolutt anbefale å ta turen til Bygdeheia som eit alternativt turmål - ikkje minst for variasjonen sin del. Det er også ein tur som eignar seg godt for små born frå 4 år og oppover (dersom dei skal gå heile turen sjølv). Vår 3-åring gjekk ein god del av turen sjølv, sat i bæremeis på den tyngste stigninga, men då det flata meir ut, gjekk ho ivrig av garde. Einskilde plassar er det litt myrete terreng, der det er lagt ut steinar å gå på, så då gjekk vi "stein, på stein, på stein"... :). Ein blir god til å finne motivasjonsfaktorar når ein går på tur med små born! Elles er det ein godt tilrettelagt og tydeleg sti, med fleire skilt undervegs.

Her er vi på veg oppover, etter å ha gjort unna den verste stigninga:
Det meste av stigning er den første halvtimen av turen. Vel framme på første høgda, står det ein rastebenk. Her er det fint å stoppe for å nye utsikta og få seg litt energipåfyll før ein går vidare:

Vi koooooosar oss!!!
 Siste del av turen er prega av at ein går relativt flatt, i litt vidde-aktig terreng. Her er det fint for ungane å springe av garde - "frå stein til stein til stein"! Turen opp tar totalt sett ca. 1 time i roleg gange.

Slik finn du fram til Bygdeheia:
På veg utover ytterste delen av sørsida av Dalsfjorden, køyrer du forbi Hellevik og Fure. Du tar så vidare i retning Korssund, men i krysset ved Våge, tar du til venstre mot Folkestad. Rett etter den skarpaste svingen mellom Våge og Folkestad (ut på neset før det svingar inn igjen), startar stien. Ingen skilting eller tydeleg parkering, men det er plass å parkere i veggrøfta. Det er eit gjerde som sperrar starten av stien (kvifor....?), men går du litt oppover langs steingarden finn du ein stad der du kan klatre over. Stien er tydeleg frå starten av, og etterkvart finn du også god merking og fleire skilt som viser ulike turmål du kan gå/nå.

Eg trur det kan vere ein merka sti som startar litt nærare Folkestad, for etter å ha gått eit kort stykke, kjem det ein annan sti til møtes. Dette er kanskje det "rette" startpunktet, men vi har i alle fall starta turane våre på det punktet som eg har teikna inn i kartet:


Kartutsnitta er henta frå http://www.ut.no/
Det er også mogeleg å gå turen til Bygdeheia frå skogsvegen på Furset (sjå kartet). Denne stien skal også vere merka. Vi har gått her ein gong for mange år sidan, og i alle fall før det vart merka. Men veit du kva retning du skal gå i, så finn du alltids fram. Her er ope landskap, så det skal litt til å gå seg vekk så lenge det ikkje er tåke.

Mykje flott å sjå i alle retningar:
Alden dukkar som vanleg opp frå havet

Vakre Atløyna!

Vi ser innover mot Heilebergmassivet i Dale og Heilefjellet i Førdefjorden


Lutelandet

Einingsfjellet

2 kommentarer:

  1. Flotte turbilder som inspirerer til tur. Selv har vi tenkt å få tid til å gå på Alden i sommer. Vi skal på båttur til Bergen og Hardangerfjordsområdet, så vi skal prøve å få tid enten på veg nedover eller på veg tilbake fra ferie. Vi får se an været :)

    SvarSlett
  2. Så artig at du nemner Alden, Elisabeth! Eg var der nemleg på måndag - blå himmel og nærast vindstille! Heilt fantastisk! Så vi absolutt anbefale ein tur dit, ja. Har vore mykje turaktivitet dei siste dagane, så har ikkje hatt tid til å blogge...;) - men innlegg frå turen kjem etterkvart!

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!