torsdag 7. juni 2012

Intervjua om hoggorm på lokalradioen


For eit par dagar sidan fekk eg telefon frå NRK Sogn og Fjordane. Dei ville lage ein reportasje om at det truleg er hoggormår i år, og hadde sett på bloggen min at eg allereie hadde møtt to hoggormar i år. Derfor lurte dei på om eg kunne vere med i ein reportasje om dette på lokalnyhetene. Eg er ikkje spesielt medievant og synast det er litt skummelt å vere med på direktesendingar, men eg likar jo også litt utfordringar i kvardagen.... så derfor sa eg ja til det. Kl. 08.00 var eg på plass på Soleide på Vie (i Førde) i lag med ein reporter frå NRK Sogn og Fjordane for å leite etter hoggorm..... det var jo lite truleg at vi ville sjå nokon så tidleg på morgonen, men ein liten reportasje vart det i alle fall. Utdrag frå denne er også lagt ut på nettsidene, så den kan du lese her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!