torsdag 31. mai 2012

Dalemannsvegen - ein gamal ferdselsveg!

2. pinsedag gjekk vi ein gamal ferdselsveg mellom Eikeland og Senneset - den såkalla "Dalemannsvegen". Når folk frå Viksdalen skulle til Vadheim i gamal tid, tok dei gjerne denne vegen over dalføret ved Eikeland-stølen for å komme fram.
Eit av sela på Eikelandstølen - vi ser Klungeren i bakgrunnen
Skildring av turen:
Turen startar ved garden Bakkane på Eikeland (forklaringa på startpunktet er henta frå ruteskildringa for Årnesholten): På Sande tar du av til rv. 610 i retning Eldalsosen. Etter knappe 4 km, ta til høgre ved skilt merka Kirkeli og køyr ytterlegare to kilometer til gardane på Eikeland. På høgre sida av vegen ligg gardstunet Bakkane. Der startar turen; først på grasgrodd tømmerveg, som du følgjer til endes. Vidare går du på tydeleg sti langs høgre sida av elva oppover i sørleg retning mot høgdedraget vest for Årnesholten. Etter ein halvtimes gange kjem du til Eikelandsstølen (ca. 450 moh).


Frå Eikelandstølen held stien fram i same retning opp mot brekka ovanfor stølen. Stien går på venstre sida av grova opp mot brekka, der terrenget flatar ut. Like etter deler stien seg i to. Går du rett fram, kjem du over til Senneset. Stien er tydeleg eit godt stykke, før den forsvinn litt i det meir myrete terrenget. Men held du retninga mot Senneset, vil du etter ei stund kome inn på traktorvegen. Med vegen gir ruta seg sjølv, og du følgjer denne ned til Senneset.

Sidan du endar opp ein annan plass enn der du starta, så må du enten ha nokon til å hente deg eller køyrt ein bil på plass sjølv, eller gå den same vegen attende til startpunktet...

Samla turtid: 2-3 timar.

Kartutsnitt (ut.no) med innteikna rute 
Ved startpunktet, på garden Bakkane, vil du truleg møte på nokre lamaer som går og beitar. No for tida er det også ein liten lamababy der. Der er også nokre små koppelam, fleire høner, kattar og kaniner. Veldig kjekt for ungane!
Bilete av lamaene (lånt frå fjaler.origo.no)

Vi har nett starta turen og ser ned att til Eikeland

Eikelandstølen med Kjelstadnakken i bakgrunnen


Ein merkestein som viser kor grensene går


Vi skimtar Vadheimsfjorden

Gaular Sogelag arrangerte tur over denne ferdselsvegen i august 2011. Bilete og reportasje frå turen ser du her.  
Published with Blogger-droid v2.0.4

onsdag 30. mai 2012

Gåve til bursdagsbarnet!

I dag har min kjære mann bursdag, og kva gir vi så i gåve til ein ihuga fjellmann, hobbyfotograf og radioamatør? Jo, det blir sjølvsagt noko som fell inn under "utstyrskategorien". Foto og radioamatørutstyr ordnar han i stor grad sjølv, men når det gjeld friluftsutstyr, så er det litt lettare å "supplere" :).

I vinter sende "Ut i naturen" ein reportasje om Elise Theoline som overnatta ute store deler av året, og som sov i hengekøye. Lett å bære med seg, tar liten plass og enkelt å rigge opp og ned. "Dette hadde vore kjekt å hatt" var kommentaren til Steffen. Som sagt, så gjort. Såkalla Feltreir vart bestilt, er komt i hus, og vert gåva til min kjære på bursdagen hans!

Eg kjøpte feltreir komplett, og vart overraska då eg henta pakken. Dette var både lett og tok lite plass. Måtte sjekke at alt faktisk var med i pakken, men det såg det ut til å vere. Vi gler oss til å prøve dette ut!

Gratulerer med dagen, min flotte mann, turkamerat og beste venn!!!!!!

Den beste pappa'en!


tirsdag 29. mai 2012

Hestadfjorden rundt - på sykkel


 
Årnesholten (765 moh) bada i kveldsol

Hestadfjorden rundt på sykkel er ein av mine barndoms turar, og er ein populær tur både for mosjonistar og aktive syklistar. I sommarhalvåret er det jamn trafikk av syklande rundt vatnet. Mine foreldre bur på sørsida av vatnet, på Eikeland, og frå altanen kan vi observere ivrige syklistar. Det er ikkje så ofte eg syklar rundt Hestadfjorden no, men i pinsa fekk eg og min kjære oss ein flott tur rundt vatnet i solnedgangen.

Turen rundt vatnet er om lag 13 km. Mange syklar frå Sande sentrum, og då blir turen ca. 8 km lenger totalt. På sørsida av Hestadfjorden er det stort sett flatt, medan det på nordsida går meir opp og ned. På sørsida er det lite trafikk og veldig fint å sykle langs vatnet med små born.

Dersom du gjer sykkelturen til ein dagstur, kan du ta mange flotte stopp undervegs på turen. Spesielt verdt å få med seg er Hestad kapell på øyra ved Hestadgrend. Du bør også ta turen nedom den flotte Eikelandsfossen. Det går sti ned til fossen både på sørsida og nordsida. I tillegg vil eg nemne Nedrestrand gard og Kjelstad skog- og kultursti. Det er også veldig flott å bade på øyra ved Hestadgrend. Ved "normal" vannstand, er det ei fin sandstrand der, og mange tar turen dit for å bade på fine sommardagar. No er det derimot stor snøsmelt, og det er ikkje uvanleg at vegen blir stengt fordi vatnet går over vegen.

Det er også svært godt ørretfiske i området, og kjøper du fiskekort, kan du fritt fiske. Ver merksam på at fisket er inndelt i soner, og at du fiskar i den sona du har løyst fiskekort for...:). Det står skilt langs med vatnet med informasjon om soner og kvar du kan kjøpe fiskekort. Mange fiskarar kjem attende år etter år, også langsvegsfarande som overnattar fleire døgn i telt. Spesielt fint er det å fiske i vatnet nedanfor Eikelandsfossen, og for å fiske der må du kjøpe fiskekort hos foreldra mine! (ikkje rart eg skryt av den plassen, då kanskje... :) )

Bileta frå turen er tatt med mobil, så dei gjev ikkje turen den fulle rettferd... her er mange flotte fotomotiv undervegs!


Her er det vanlegvis ei badestrand, men stor snøsmelt gjer at vatnet snart går over vegen





Vi ser oppover Hestadfjorden frå sørsida av vatnet, ved Djupevika

Frå Eikeland ser vi opp på Kjelstadnakken


Kartutsnitt frå ut.no



Vi ser over til hytta vår, rett ved Eikelandfossen:)


fredag 25. mai 2012

Nok eit Skålefjell - 765 moh!


 "Fy flate kor flott!" er vel eigentleg karakteristikken på denne turopplevinga! Kombinasjonen med at eg og Steffen var på tur åleine, sol og varme, ny turoppleving, fin sti og fenomenal utsikt er uslåeleg!

Skålefjellet er eit nokså vanleg fjellnamn, og vi har tidlegare vore på blant anna Skålefjellet i Stongfjorden og Skålefjellet ved Laukeland/Hestad i Dalsfjorden. Denne gongen var vi på Skålefjellet ved Stavang, ved innløpet til Førdefjorden. Vår første tur til dette fjellet - men det blir forhåpentlegvis ikkje den siste! Dette er ein kjempefin tur med tørr, fin og lettgått sti. Relativt jamn stigning, litt brattare i starten, men så flatar det meir ut det siste stykket mot toppen. Når du kjem over skoggrensa, får du vidt utsyn utover kysten.

Slik finn du fram til Skålefjellet i Stavang:
Stavang ligg 45 min med bil frå Florø og Førde. Frå Florø køyrer ein via Eikefjord og vidare til Stavang. Frå Førde kan ein velje om ein vil køyre via Eikefjord, eller om ein tar til venstre i vegkrysset i Naustdal og køyrer utover langs Førdefjorden. Det tar omtrent like lang tid begge vegar.

Turen er omtala i "Opptur Sogn og Fjordane", men eg synast denne ruteskildringa er ein av dei dårlegaste (minst presise) av dei eg har prøvd ut i boka. Denne kunne dei gjort atskilleg betre! Når det er sagt, så er det for øvrig veldig mange gode og presise ruteskildringar i boka. Heldigvis er turen til Skålefjellet veldig godt merka og stien er svært tydeleg. Det er skilta til Skålefjellet frå hovudvegen, så det er ingen tvil om kor du skal starte (denne merkinga har truleg skjedd etter at Opptur-boka var skriven).

Turen går frå det dei kallar Velteplassen ved Sagbruket. Ein følgjer ein gamal traktorveg fram til eit vegskilje der ein kan ta til venstre opp på Åsen, eller til høgre for å kome til Skålefjellet (sjå bilete over). Ruta er merka med små stolpar med blå maling (Nordsjøløype). Stien går i gras og lyng, og noko myr. Ved Bjørndalskvia (skilta), kan ein ta til venstre og gå på Hornfjellet, eller ein startar stigninga til Skålefjellet (på høgre side av skiltet). Ver obs på at dette ikkje står på skiltet, så her må ein vite kva retning vi skal gå i. Eit viktig merke er at ein skal følgje nordsida av Storeelva oppover.

I Oppturboka er det rekna 2 timar opp og 1 time ned att. Stort sett brukar vi om lag same tid opp som ned, så eg stipulerte at vi kom til å bruke ein plass mellom 1-1 1/2 time opp, og det stemte veldig bra. Litt oppgira over å vere på fjelltur, så starta vi vel raskt og friskt, så eg var noko tung i beina det siste stykket før toppen! Turen startar på ca. 40 moh og endar på 765 moh.


Etter nokre minuttars gange, kjem du til ein gapahuk som er fin å kose seg ved. Det er også hengt opp ei hengekøye mellom trea, så om du føler behov for ein kvil etter vel endt tur, er det berre å leggje seg ned på! :)


Dette er ein tur der du absolutt må stoppe opp undervegs og nyte utsikta attende. På grunn av at sola sto midt imot, var det vanskeleg å ta bilete av det vi såg ut over kysten. Heile øyriket utanfor Flora openberar seg, og du ser også heilt sør mot Alden. I det fjerne kunne vi skimte Lihesten. Nordover ser du innover mot Eikefjorden, Håsteinen ligg like ved og vi kunne konstantere at Bremangerfjella Keipen, Plogen og Saga framleis var svært snørike.

Vi starta turen vår rett før kl. 19 og sjølv kl. 20.30 var det varmt og fint på toppen, og ikkje eit einaste vindpust! Og med sola rett i mot, fekk vi ein flott tur ned att også. No er det lyst til langt på natt, og det er utruleg flott å gå på seine kveldsturar på denne tida av året. Tilråast på det sterkaste!
Vi ser mot Høydalsnipa og Håsteinen

Utsikt innover Førdefjorden og Heilevangsstaurane

Been there, done that! Nok eit turmål kan kryssast av på "want to do"-lista :)

Motlys og sein kveld - på veg ned att

Utsikt innover Eikefjorden og fjella i Bremanger

torsdag 24. mai 2012

Frå Tyssedalsvatnet til Gyttavatnet


Del av Tyssedalsvatnet med Gyttavatnet i bakgrunnen

Som kjent så likar vi å utforske nye stiar og turmål. Stort sett så gjeld dette turmål som går opp i høgda, men vi har også i den seinare tid utforska nye, flotte turområde der vi stort sett går i flatt terreng. Den viktigaste grunnen til det, er jo at det sjølvsagt er godt eigna for små bein og ikkje fullt så slitsomt!
Forrige helg vart tilbrakt i Dalsfjorden, og derfor vart det turmål i dette området. Etter turen til Langesjøen i påska, har vi studert kartet og funne at vi ville sjekke nærare ut området rundt Tyssedalsvatnet. Det er går det fleire skogsvegar og stiar som kan utforskast.

Slik kjem du til Tyssedalsvatnet:
Etter å ha køyrt forbi Dale og vidare til Flekke, tar du av i retning mot Straumsnes og Hellevik. Mellom Tysse og Hellevik, står det eit skilt på venstre side av vegen, merka Tyssekvam 2 km. Køyr til endes av vegen og nedanfor siste huset, startar ein traktorveg. Du kan køyre litt inn på denne før du parkerer.  Derifrå går det fin skogsveg innover til Gyttavatnet. På kartet er det teikna inn sti vidare langs Tyssedalsvatnet og seinare inn att på skogsveg, og deretter til hovudvegen, slik at du i praksis kan gå rundt heile vatnet. Men det var for langt for oss, så det har vi ikkje prøvd ut.

Turtid til Gyttavatnet: ca. 45 min ein veg.


Gardane på Tyssekvam - turen startar rett forbi garden til venstre






















Vi prøver å motivere Sanna Oliva til å gå mest mogeleg sjølv, og dette var ein plass ho likte seg, så ho gjekk store delar av vegen inn til Gyttavatnet. Etterdønningane etter 17. mai-feiringa nokre dagar før, var framleis til stades, så 17.mai-ropet til Solsida barnehage var stadig vekk å høyre på vår vandring:

"Hipp hurra vi er så glad, og vi har det kjempebra! Hipp hurra for Solsida!"





På vegen tilbake, gjekk vi oppom ein liten ås for å få litt meir utsikt. I det fjerne skimta vi Alden:


tirsdag 22. mai 2012

Kveldstur på Erdalsstølen


ENDELEG har vi ein smak av sol og sommar igjen! Sidan den flotte 1. mai - dagen, har vi hatt alle årstider på ein gong! Men no har vi nokre lovande dagar foran oss (og bak oss)! Helga vart tilbrakt i Dalsfjorden, og fine turar både laurdag og søndag. Rapport frå desse kjem i løpet av veka ;)

Etter årets første middag på verandaen, og avslapping nokre timar i sola, fekk eg meg ein liten kveldsfjelltur, og årets første til Erdalsstølen. Eg har tidlegare skrive om turar til Erdalsstølen:
Juni 2008, Juli 2009 og Juni 2011. Det fine med turen hit, er at det er kveldssol relativt lenge på store delar av turen, så det gjer ingenting om du går litt ut på kvelden (om du ynskjer å gå i sola...).



Slik kjem du til Erdalsstølen:
Erdalen ligg på rv. 5 mellom Førde og Naustdal. Du tar av opp i Erdalssdalen (2 km) og køyrer til enden av vegen. Der er det god parkering. Du går forbi siste huset, og held fram på skogsveg heilt til stølen. Den gamle stien til støls er også tydeleg, og denne kvelden valte eg å gå den opp, men kom inn att på skogsvegen eit stykke lenger opp då det var for mykje vatn i elva til å kome seg over utan å bli våt. Ned att sprang eg heile skogsvegen. Sjå innteikna rute på kartet over (klikk på bilete for å få det større).
Tidsbruk: 30-45 min ein veg om du er van med å gå - ca. 1 time i rolegare tempo.

Eg kan for øvrig også anbefale turen til Kvinesstølen - Klopstadstølen og over til Rotnesstølen og ned att til Fossengarden (sjå kartet). Stort sett grei og tydeleg sti heile vegen, og ein fin rundtur.


"Baksida" av Førdsnipa - framleis litt snø der, ja!


Takka vere 2 slike bruer, treng vi ikkje lenger ta av oss skoa for å vasse over ved høg vannstand. Det er det som regel tidleg på året når det er god snøsmelting:

torsdag 10. mai 2012

1. mai på Holmesetstølen (450 moh)


Stølsfolket var på plass for å gjere selet klart til sesongen!

Det er allereie byrja å bli nokre dagar sidan 1. mai, men det er aldri for seint å skrive om ei flott turoppleving. Og det fine er jo at turen "aldri" forsvinn: den ligg der og tar i mot nye sjeler som vil ha seg ei god friluftsoppleving!

Sidan vi har hatt både vinter og regn i løpet av mai månad, så er det i alle fall kjekt å minnast at den første maidagen var ein strålande vårdag! Vi hadde farta bra på i dagane i forkant av 1. mai, så vi fann ut at vi ville nøye oss med ein tur i nærområdet, og denne gongen vart det Holmesetstølen i Førdefjorden.

Dette er eigentleg ein av våre småturfavorittar: ein tur som er tung nok til at du føler du får brukt kroppen din, samtidig som du har god utsikt både undervegs og vel framme på stølen. Stølen ligg høgt og fritt, og du ser innover Førdefjorden til Erdalen, og har Heilevangsstaurane rett i mot på andre sida av fjorden. Som Jorunn Kleiven skildrar det i boka "Gå sjøl":
Mot nordaust ser vi byggjefelta i Naustdal som kry opp mot Kletten. Innover langs Førdefjorden glir bilane som små, raske insekt på vegen mellom Naustdal og Førde. Kråkenes stikk ut i fjorden på ein odde med frodige åkrar, medan Lisjehesten, Storehesten og Heilefjellet reiser seg mot himmelen i sør. Mellom fjell og bygder ligg fjorden som eit blått, duvande teppe."

Tidlegare har vi brukt å gå denne turen 1-2 gonger om året, gjerne tidleg på våren når snøen nett har reist eller på vinteren på skaren. Noko overraska vart eg derfor då eg kikka tilbake i fjell-loggen og fann ut at vi ikkje har vore der sidan 2008 - og faktisk også den gongen på sjølvaste 1. mai. Heile 5 år sidan sist!

For trimmen sin del, valte vi å gå den tyngste vegen opp - nemleg skogsvegen frå Holmeset. Denne er ganske lang og bratt, og tung nok når ein berre skal bere si eiga vekt. Med barn i bæremeis på ryggen, kan eg love deg at det var enda tyngre! Så vi angra litt på valet vårt undervegs....

Skogsvegen har blitt graskledd sidan sist vi gjekk der, og den fører oss nesten heilt fram til stølen. Dei siste hundre meterane må du gå over myrete terreng før du er framme ved stølshusa.
Vi startar friskt med å gå på eigne bein...
På stølen var stølsfolket på plass for å gjere sela klar til sesongen. Det er (sjølvsagt) gardane på Holmeset som har støl her oppe. Vi blei tatt veldig hyggjeleg i mot, og fekk flott omvisning! Utanfor sela er det sett opp ein stor benk der du kan sitje å ete nista di medan du nyt utsikta. Ungane kosa seg, sola skinte og brått hadde vi vore der i nesten 2 timar. Minstemann sutra som følgje av manglande formiddagslur, så då var det berre å ta fatt på heimvegen. For å få ein rundttur, gjekk vi stien ned til Øvrebø attende - det er ein atskilleg lettare tur, og veldig fint eigna for små born. Det er ganske vått i stien, så støvlar eller fjellsko anbefalast!

Postkasse fann vi også på stølen - den står på hjørnet av ei utebod. Det var nett lagt ut ny bok av Frammarsvik helselag, gjeldande frå 01.05.12. Utanpå boka sto det informasjon om andre turar og poenggjeving, og det låg også kart i boksen som viste kor dei ulike turmåla går:
Vi var så ivrig i praten, at vi gløymde å ta noko særleg bilete av utsikta og området. Eg trudde kanske vi hadde nokre bilete liggjande frå tidlegare, men det var heller ikkje så mykje av. Men her er i alle fall eit bilete som gjev eit lite inntrykk av kva du ser frå stølen:
Utsikt frå Holmesetstølen


Turfakta:
Du kan velje mellom to startpunkt; den eine er "lang og bratt", medan den andre er "kort og lett".
Frå Naustdal sentrum køyrer du vestover langs Førdefjorden på rv. 611. Rett etter byggjefeltet på Liabø, går det ein skogsveg oppover til høgre. Her startar du om du skal gå den brattaste turen. Turen opp tar 45 min - 1 time.

Køyrer du litt lenger, står det eit skilt til Øvrebø. Her tar du av, og køyrer til den øvste garden, Bunnestølen. Vegen stoppar ved eit kraftanlegg der du kan parkere. Derifrå går du over ei lita bru, ta opp mot venstre og vidare beint fram gjennom eit myrlendt parti. Stien er merka med gule og kvite band. Herifrå tar turen til stølen om lag 20 min med ein høgdestigning på 130 m. Denne eignar seg derfor godt for små barn.

Ynskjer du ein rundtur, kan du gjere slik som oss: Gå den eine vegen opp og den andre attende. Det er eit stykke å gå på veg frå kraftstasjonen på Bunnestølen og ned til rv 611, og tilbake til bilen, men i samla tid brukar du om lag det same som når du går opp skogsvegen. Samla tid på rundtturen: ca. 2 timar.



Kartutsnitt som viser rundturen - dei to startpunkta er merka med blått (http://www.ut.no/)

Vegen frå Naustdal og ut til Holmeset der du startar (www. ut.no)


Vi kosar oss med nista vår :)
 
1. mai var som sagt ein nydeleg dag, og det var mange som var på tur denne dagen:
Indre Sunnfjord Turlag var på skitur til Blegja, Eli Kristin i Skorpionens hjørne var på Hatlesetnipa og tok mange flotte bilete derifrå, og Inger Elin i tingeling på opptur var på skitur på Gjegnen. Gjegnen er eit av dei turmåla som står høgt på ynskjelista mi (rett nok til fots), og håpar det kanskje byr seg ein sjanse i år???? Uansett, ta ein tur inn på sidene over og sjå på dei flotte turane!



søndag 6. mai 2012

Kor blei det av våren...?

For nokre dagar sidan var dei aller mest optimistiske byrja å gå med shorts, og vi gleda oss over at våren og fottursesongen endeleg var i gong!

Desse bileta er tatt med mobilen i dag tidleg.... Kor vart våren av?