torsdag 26. april 2012

Ulltangstølen i Førde


Fin utsikt inn mot Førde i starten av turen

Måndag er for tida permisjonsdag her i heimen då vi ikkje har barnepass denne dagen. Sidan været var rimeleg bra - lett overskya med litt sol, så måtte eg og Bendik Matias ut og lufte oss litt. Med Atløyturen i beina frå dagen før, så måtte det bli ein lettare tur. Valet fall på Ulltangstølen. Her har vi vore ein gong før - hausten for 2 år sidan.

Slik kjem du til Ulltangstølen:
Frå Førde køyrer du i retning Askvoll. I stigninga opp mot Blomlia, ligg Ulltang. Du tar av ved siste avkøyrsel til venstre før byggjefeltet på Ulltang. Her ligg det eit par-tre bustadhus, og du kan parkere rett etter du har passert desse.

Kartutsnitt over turruta (http://www.ut.no/)
Turen går på skogsveg og har jamn stigning. Etter ei tid, deler skogsvegen seg i to. Her kan du velje kva veg du vil gå, for du kjem uansett fram til stølen. Vi har brukt å ta vegen til venstre opp til stølen, og så går vi den andre ned att. På denne måten får du ein liten rundtur. Turen opp tar om lag 30 minutt.


Her ser du kor Ulltang ligg i forhold til Førde (http://www.ut.no/)

Vel framme ved stølen er det laga til ein flott benk som ein kan sitje på. På benken heng det ei postkasse med bok i. Boka syner at her stort sett er lokale besøkande på stølen og ein del faste turgjengarar. Turen blir nok flittig brukt som trimløype for ein del av dei som bur der.



Frå stølen ser du "alle" Førdefjella: Halbrendsnipa, Hafstadfjellet, Viefjellet, Førdsnipa og Fureviknipa. Litt skog hindrar utsikta ned mot låglandet.

Ingen ting å seie på hyttestandarden! Fureviknipa i bakgrunnen




I starten passerer du ein revegard - ikkje gå opp dit...!

1 kommentar:

  1. Så flott at snøen er vekke så ein kan begynne å gå på beina igjen:)Så mange flotte turar du har vore på. Får masse gode idear her, og turen til Atløy såg utruleg kjekk ut.

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!