lørdag 14. april 2012

Turjenta vår fyller 3 år!

Bilete frå turen til Langesjøen, påskaftan 2012

I dag, 14. april 2012 - på første sommardagen - fyller turjenta vår 3 år! Denne dagen har vi snakka om lenge, og endeleg er den her. Tenk at det er 3 år sidan påska vi gjekk og venta, med termin på påskeaftan! Eg sa heile tida at ho (eller rettare sagt babyen, for vi visste ikkje kjønn) gjerne kunne vente til påska var ferdig før den meldte sin ankomst. På den måten kunne vi nyte nokre fredelege fridagar i lag før vi skulle starte på det nye livet. Og først 2. påskedag om kvelden starta dei første små teikna på at fødselen var i gong.

Sanna Oliva har vore med på mange turar, både i magen og ikkje minst utanfor magen. I barnevogn, bæresæle, bæremeis og no etterkvart også på eigne bein. Tur med små born byr på mange utfordringar, og ikkje minst i den alderen ho er i no. Vi har ei aktiv, snakkesalig jente med både viljestyrke og temperament. Som det heiter i sangen: "Glad som ei lerke, sint som ein kveps, eller midt i mellom!" Og alle desse variasjonane har vi som regel i løpet av ein og same tur! :)
Turvandring i Movika, mars 2012
Men sjølv om protestane av og til er store, t.d. når utedressen skal på, så kosar ho seg på tur. Høgdepunkta er når vi tar fram matboksen med niste, eller når vi opnar postkassen og skal skrive i boka der ho sirleg prøver å teikne S-en sin.

For oss foreldre blir nok den største utfordringa framover å ha nok tolmod til å la ho utforske alt ho oppdagar langs vegen i løpet av turen. Det blir ikkje alltid den framdrifta vi ynskjer, men det må vi berre ta med i reknestykket når vi planlegg turane våre!

Gratulerer med dagen, Sanna Oliva! Vi er kjempeglad i deg og ser fram til mange nye turar i lag med deg og Bendik'en din!

1 kommentar:

  1. Så sant som det er sagt. "Godt" å høre at dere også har samme opplevelser når småtrollene er med på tur, he-he! Men det er likevel det kjekkeste og se hvordan de liker seg, kjenner at de mestrer mer og mer og trives på tur - litt lenger etterhvert! ;) Fantastiske opplevelser og minner for store og små!

    Gratulerer så mye til flotte turjenta på 3 år! Kos dere i dag :)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!