mandag 30. april 2012

Tilbake til vakre Atløyna!


Vi ser mot Hovden (367 moh)
 Etter ein flott tur til Atløy forrige søndag, så hadde vi planar om ein snarleg visitt tilbake til øyna. Slik vart det heldigvis også - 8 dagar seinare tok vi ferja over frå Askvoll til Gjervik. Denne gongen var vi to store og to små som var på tur. Planen var å bestige nokre av dei mindre toppane på øya - Hovden (367 moh) og Brurastakken (170 moh). Begge to er passelege turar å ta med små barn - anten dei skal gå sjølv eller sitje i bærmeis. I tillegg ville vi gjere oss enda meir kjende på øya, finne ein fin plass å grille, kjøpe is på butikken m.m. Og alt dette rakk vi faktisk på ein dag - og var heime berre ein halvtime etter normal sengetid for dei to minste.

Vi starta først med å køyre frå ferjekaia på Gjervik til Høyvik (7 km) nord på øya, og vidare ut til startpunktet for turen opp på Hovden. Den er skilta frå vegen mellom Rindane og Ørnefjellet. Stien er god og tydeleg. Det stig jamt bratt oppover - og total lengde er 1,4 km. Tidsbruk vil vere frå 30 minutt til 1 time - alt etter form og tal kilo bagasje (les: barn i bæremeis). Toppen er eit utruleg flott utsiktspunkt - 360 grader rundt! Den stadfestar nok ein gong at det ikkje nødvendigvis er dei høgaste toppane som gjev den flottaste utsikta. Du kjem høgt nok til at du ser vidt i kring, samtidig er du lågt nok til at du får føling med øyane og sjøen rundt deg. Øyane i vest, Alden og Tvibyrge blir veldig nære. Fastlandet med Staveneset i nordaust ligg ikkje langt unna, og litt lenger nord ser du rett på Kinnaklova.

Tvibyrgje og Alden (bakerst) sett frå Hovden
 I ly av varden, fekk vi det nærast vindstille, så vi sat faktisk ein heil time på toppen og kosa oss i sola.
På veg ut for å gå på Hovden, utspant følgjande samtale seg i bilen vår:
Mamma: "Sjå, Sanna Oliva, ut på den toppen skal vi. Ser du varden der oppe?"
Sanna Oliva: "Ja - og kanskje har dei bok der?
Mamma: "Det har dei nok"
Sanna Oliva: "Åhh, då blir MAMMA glad!!!! Eg skal finne den til deg!"



Alden - tatt frå vegen mellom Vilnes og Herland
 Vel nede frå tur til Hovden, hadde vi lova at vi skulle kjøpe is på butikken - eit høgdepunkt for treåringen! Frå butikken såg vi rett opp på ein av toppane vi var på for ei veke sidan - nemleg Atløynipa.  Deretter køyrde vi ut til Herland (12 km frå Gjervik), som ligg på sørvestsida av øya, for å sjå korleis det såg ut der. Vi hadde med oss grill og pølser, og fann ein fin plass i nærleiken av båthamna der vi kunne kose oss.

Etter ein god matpause, var det klart for den siste turen for dagen: Brurastakken. Den ruvar ikkje meir ein 170 moh, men det er sagt den likevel gir fin utsikt. Som så mange andre turmål på Atløyna, kan du kome til Brurastakken frå fleire stader, og det er godt merka løyper. Turen er merka som Nordsjøløype, og du kan både gå frå byggjefeltet på Herland eller du kan starte på høgda før du køyrer ned til Herland. Vi valte det siste - då dette truleg er den lettaste vegen og den som tar kortast tid. Vi måtte ta omsyn til at klokka var passert 16 og at vi skulle kome heim i rimeleg tid.

Vi ser opp på Brurastakken frå der stien starta
 Sidan det berre er 100 høgdemeter stigning frå startpunktet til toppen, stig ein raskt og fort, og etter ca. 15 - 20 minutt er du på toppen. Her vert Alden og Tvibyrgje enda nærare enn frå Hovden - mest så du kan ta i dei! I tillegg ser du fint mot sør - Einingsfjellet på Grytøyra, Lammetun og Krakhellesundet. På vegen opp, såg vi at det kom sigande ein del tåkedottar og la seg over fjella, noko som er heilt vanleg her ute, og vi blei minna på kor fantastisk heldige vi har vore med været og utsikta både i dag og forrige søndag!

"Mamma, sei at eg er vekke då!"


Stien opp på Brurastakken - vi går inn i skaret der oppe


Skilt som viser symbolet for Nordsjøløype


Toppen av Brurastakken


Tvibyrgje


Flott merking - ingen problem med å finne fram!


Alden i tåkehavet
 På returen frå Brurastakken, stakk vi innom for å sjå på Vilnes kyrkje. Sanna Oliva seier alltid "kirka mi" kvar gong vi køyrer forbi ei kyrkje, så ho ville gjerne vere med å sjå. Ho vart derimot noko skuffa då ho såg at kyrkja hadde "svart" bordkledning:
Sanna Oliva: "Eg likar ikkje svart kirke!"
Pappa: "Gjer ikkje du det? Kva farge på kirka likar du då?"
Sanna Oliva: "Eg likar berre lilla og rosa!" :)


Vilnes kyrkje


Kart over Atløyna


2 kommentarer:

  1. Då var det dåke eg såg på parkeringa ved Hovden ;)Eg og Thea gjekk kystarvstien som går langs med fjellet ut til Herland.Kjekt de ville komme utat her,flott fortalt frå turen og Atløyna :)

    SvarSlett
  2. Jeg drømte meg helt vekk i de fine bildene dine. Så kjekt å se at det er fler som tar med seg små barn på skikkelige turer.
    Du er bokmerket! :)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!