torsdag 12. april 2012

Påskevandring nær det våte element

Mor og son kosar seg ved Langesjøen
Dei siste påskedagane vart det ikkje fjellturar, men vi valte heller å utforske nye turmål nær det våte element, både i Dalsfjorden og i Førde.

Påskeaftan gjekk vi ein flott tur til Langesjøen mellom Hellevik og Fure. Dette er eit turmål vi har blitt tipsa om av nokre hytteeigarar i området. Turen gjekk først på god traktorveg, deretter på meir graskledd skogsveg. Det er flatt terreng, og vi var ikkje høgare enn 30 moh, så dette er ein tur som passar for alle. Ein kan jo også velje kor langt ein ynskjer å gå. Vi gjekk ca. 45 minutts gange i roleg tempo før vi rasta. Sanna Oliva gjekk mykje på eigne bein, og fekk sitje i bæremeisa når det var behov for ein kvil. Området blir nok brukt mykje til hjortejakt, for vi gjekk forbi mange gapahukar undervegs.

Vi gjekk forbi fleire små vatn før vi kom til sjølve Langesjøen. Her var det verkeleg fredeleg og idyllisk! Med ein rasteplass i ly for den kalde vinden, kunne vi nyte utsikta over vatnet:


Slik kjem du til Langesjøen:
Eg vil tilrå at du har med deg kart for å finne fram om du ikkje er veldig kjend i området. Du køyrer utover Dalsfjorden til du kjem til Hellevik. Ved Hellevik, tar du av i retning Fure/Grytøyra. Omtrent midt mellom krysset i Hellevika og Fure, finn du Haslevika. Her er det fleire stiar/vegar som går innover mot vatnet. Vi valte å starte ved Teinåsen, og ruta vår er innteikna med blått: 
Turen inn til Langesjølen (kartutsnitt frå fylkesatlas.no)
Kartutsnittet under viser eit større utsnitt av området. Det viser også at det er fleire stiar som fører inn til vatnet, m.a. frå Trøsdalen i Sørbøvåg og Liane på vegen mellom Hellevik og Salbu. Desse skal vi utforske ved eit seinare høve. Eg vil også tru at nokre av desse stiane er gamle ferdslevegar (utan at eg har sjekka dette nærare).
Oversiktkart over området rundt Langesjøen (utsnitt henta frå fylkesatlas.no)
Påskedag vart relativt roleg før vi returnerte til Førde ut på ettermiddagen. Eg og Steffen hadde oss ein liten tur på Kjøsnesåsen.

2. påskedag var det overskya, men stort sett opplett på føremiddagen, så vi fann ut at ein liten luftetur måtte vi ha. Vi har lenge snakka om at vi ville gå langs elvane Anga og Jølstra i Førde, så det var ein passeleg tur å teste ut denne dagen. 
Vi parkerte ved Vie senter (ved Førde sentralsjukehus). Då vi heldt på å pakke ut av bilen, kom søster og svoger til Steffen køyrande. Dei skulle også gå tur, og fann ut at dei likeså godt kunne slå følgje med oss. Det var jo veldig koseleg! Spesielt sidan Sanna Oliva seinast dagen før hadde prata om at ho ville på tur med tanta og onkelen :)  Det vart ei vandring i roleg tempo der Sanna Oliva fekk utforske det ho såg på vegen, og ikkje minst leike seg med steinkasting i elva. Nista vart inntatt i ei fiskehytte på vegen som var innreia med både sofa og bord!

Vi starta turen ved å gå forbi Høgskulen i Sogn og Fjordane sine lokale. Der er det tydeleg veg/sti langs med elva (Anga) eit godt stykke nedover. Det var overraskande mange som gjekk tur her, og sjølv om det ikkje er noko opparbeidd sti når du nærmar deg punktet der Anga og Jølstra møtes, så er det likevel byrja å danne seg spor/sti etter at folk har gått der. Det er viktig at du går så nær elva som mogeleg, då dette er private bøar som vert nytta til beite. Vi kom tilbake til hovudvegen ved nye Viebrua, og gjekk så gangvegen langs hovudvegen tilbake til Vie Senter. Ruta vår er innteikna på kartutsnittet nedanfor:
Vandring langs Anga og Jølstra (utsnitt frå fylkesatlas.no)
Etter denne turen var påska 2012 slutt, og vi kan sjå tilbake på ei påske med mange fine og varierte turar!Vi har rett nok ikkje hatt ski på beina, som kanskje bør høyre med til ei påske, men dette kjem vi nok sterkare tilbake til når ungane blir litt større! Trur eg..... må nok innrømme at vi per i dag er mest glad i å gå til fots!





1 kommentar:

  1. Hei Liv Janne og takk for koselig hilsen hos meg! Og velkommen som følger, så koselig :) Herlig turblogg du har da! Spreke og inspirerende bilder og turtips :)Ja, det er litt styr med cøliakien til en finner ut av ting. Og for de små blir det mange ting som kan føles ugreit med alt de ikke kan spise, men håper det går greit <3 Har dere visst om det lenge? Jeg fikk diagnosen først for fire år siden etter å ha gått med det i 12-13 år. Regner med at dere har fått litt hjelp i starten, men bare spør om det er noe :) God helg! Klem Gry

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!