torsdag 5. april 2012

Påskekyllingen på besøk i Gapahuken

I dag, på skjærtorsdag, har det vore ein dag med overskya og litt regn. Vi tok derfor ein pause for turar med bæremeis, og holdt oss mest til inneteneste i huset i staden. Ikkje like kjekt - men det må til nokre gonger det også.

Ein liten trimtur til Gapahuken på veg til Hornnesstølen vart det likevel. Der hadde påskekyllingen komt på besøk og tar nok vel i mot alle som tar turen opp dit i løpet av påska! 

I morgon er det lovande værmeldingar igjen, og vi har delvis planane klare :) Vi veit i alle fall kva retning vi skal, og at vi nok skal på tur, men heilt nøyaktig kor er ikkje endeleg bestemt. 

Skoddetungt over Førde i dag
Published with Blogger-droid v2.0.4

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!