søndag 1. april 2012

Foss-stølen - gå til fots året rundt!

Fantastisk herleg å vakne første dagen i påskeferien og oppdage at sola skin frå skyfri himmel! :) Så det var ikkje snakk om anna enn at vi måtte kome oss ut på tur og nyte sola så lenge den var her. Planen vår var uansett å reise til Sande og gjere litt vårrydding, så då vart turmålet i den retninga. Ein føresetnad for turen var at vi skulle gå til fots, og at det ikkje var altfor langt. Eit eigna turmål er då Foss-stølen ved Grøvlebakke, ca. 3,5 km aust frå Sande sentrum (i retning Viksdalen). Her er det skogsveg heilt til støls, og om vinteren er den stort sett "brøyta" eller oppkjørt med 4-hjuling, så det går stort sett å gå til fots heile året. Turen er dei seinare åra blitt veldig mykje brukt av folk i Sande-området.
(dette biletet er tatt des-10)
Turfakta:

Kartutsnitt frå ut.no
Ved Sande sentrum (i Gaular) tar du av austover mot Viksdalen, og køyrer om lag 3,5 km før du kjem til Grøvlebakke. Rett etter ein skarp sving, tar du av til venstre opp til gardane på Grøvlebakke. Nede ved hovudvegen er det gode utkøyrsler på begge sider der du kan parkere. Eit par hundre meter opp gardsvegen til Grøvlebakke, tar du til høgre - der startar skogsvegen. Og då gir vegen seg sjølv - det er berre å gå til du er framme ved stølen :)

I rask gange tar turen ein god 1/2 time, men 45 min til 1 time må reknast om ein går i noko rolegare tempo.

Kartutsnitt frå ut.no
Det var snøfritt eit godt stykke oppover, men sjølv der vi kom i snø, så bar det relativt godt og det var uansett godt nedtrakka. Nydeleg fint i sola i går, og då det skya til ut over ettermiddagen og det endatil kom snø, så var vi veldig glad for at vi hadde prioritert å gå på tur. I dag - på palmesøndag - har det vore relativt kaldt og guffent vær, med snøsletter, men vi håpar på solskin igjen i morgon! Vi har fri og kjem nok til å gå på tur - kor veit vi ikkje enno, men kanskje får du vite det i neste blogginnlegg! Ha uansett ei riktig god påske!
Flott påskestart for familien på 4!


(dette biletet er tatt i des-10)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!