fredag 6. april 2012

Eikerolheia og Sylvsteinheia i Fjaler

Utsikt ned mot Straumsnes og over til Holmedal
Det har blitt langfredag og vi har tatt oss ut til hytta på Kjøsneset i Dalsfjorden. På vegen ut vart det fjelltur til Eikerolheia og Sylvsteinheia. Flott utsikt ned til Straumsnes, ut mot Atløy og Alden og over fjorden til Holmedal.

Her har vi vore før, men det er første gong vi gjekk stien frå Tysse. Godt merka stiar i området, så det er enkelt å finne fram. Blogging frå mobil gjev ikkje lyst til dei detaljerte turskildringane, men dei får vi kome attende til seinare. Ha ei fortsatt god påske!


Flott varde på toppen og alltid spanande med postkasse!

Published with Blogger-droid v2.0.4

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!