torsdag 26. april 2012

Atløy over i strålande sol!

Søndag 22.04.12 hadde vi planlagt ein flott rundtur på fjella på Atløy i lag med litt vener og kjende. Sidan vi bur på Vestlandet, så er vi omtrent "addicted to" yr.no for å følgje med på været! For nettopp til denne turen var vi avhengige av å ha været på vår side om det skulle bli den ultimate opplevinga. Og så var vi så heldige at det blei sol frå skyfri himmel og nærast vindstille! Kunne vi vere heldigare? Nei - og dermed la 11 forventningsfulle personar ut på tur denne dagen :)

Vi starta turen i Høyvika, og gjekk først opp på Granefjellet (ca. 30 minutts gange). Der såg vi flott over til Askvoll og over oss kretsa det ei flott ørn. Så gjekk vi vidare vestover, runda Setekletten og gjekk opp på Skredvarden. Skredvarden er med sine 636 moh den høgaste toppen på Atløy. Litt snø var det framleis på dei høgaste partia, men det hadde gått folk der før oss, så vi kunne trakke i deira spor. Deretter tok vi turen bort til Atløynipa. Der var det stupbratt ned på eine sida av varden, så det kan vere litt skummelt for høgderedde. Eller fascinerande for dei som likar det....:)

Vi hadde i utgangspunktet planlagt å gå over "alle" toppane på Atløy, men fann etterkvart ut at tida ikkje strakk til i forhold til å rekke ferje og kome seg heim i rimeleg tid. Dessutan så var vi godt nøgde med det vi hadde fått sett så langt, og dei høgste toppane var unnagjort. Så på veg mot Skålefjellet, tok vi ned til venstre rett før Veten, og kom etterkvart inn på kystarvstien ned mot Vilnes. Vel nede ved vegen hadde vi gått i om lag 4 effektive timar. Pausane kjem i tillegg.

Nedanfor ser den planlagte turen innteikna på kartet:


Askvoll er saman med kommunane i HAFS med i Kystarvprosjektet der føremålet er å merke til saman 100 turstiar i desse kommuane. På Atløyna ser ein resultatet av dette. Fleire turruter er merka med lyseblå maling og dei er godt rydda. Så det er enkelt å finne fram på eiga hand sjølv om ein ikkje er kjend i området. Nokre stiar går over fjellet, medan andre går langs med land, så her skal det vere turruter for dei fleste. I tillegg er ein del av stiane på Atløy allereie merka med DNT sine raude T'ar. Oversikt over merka turruter på Atløy finn du på origosidene til Atløy.

Dette var ein fantastisk fin dag - med ein flott turgjeng! Og ein kjempestor takk til Oddbjørn - som var ein utmerka turleiar!

For vår del har vi allereie planlagt å ta turen attende til Atløy. Då tar vi med oss ungane og går på nokre av dei toppane vi ikkje rakk over denne gongen. Både Hovden og Brurastakken er turar vi er blitt anbefalt å få med oss - og dei er passeleg lange å gå når vi har med dei to små.

Ei lita bileterekkje frå turen:
Vi ser mot Skredvarden frå Granefjellet

Vi har nett starta på turen og ser ned i Høyvika

3 damer i fint driv! :)

Utsikt mot Askvoll

Framleis litt snø att i høgdene!

Turgjengen med fleire kosar seg på Skredvarden

Alden, Værlandet og Bulandet

Vi ser mot øyane i Flora

Eit nøgd par på Atløynipa!

Vel nede att ved vegen og vi ser oss attende - turalternativa er mange!
Om du vil sjå fleire bilete frå den flotte naturen på Atløy, så må du ta turen innom Marit og bloggen Marits bilder. Ho bur på Atløy og tar mange flotte bilete derifrå.

4 kommentarer:

  1. Wow så flotte bilder, nydelig natur!

    SvarSlett
  2. Dåke kunne jo ikkje vert meir heldig med valg av dag her ute :) Gleda meg til å sjå meir frå turen.Kjedelig at de ikkje fekk med Hovden,der e den verkeleg fine utsikta :)

    SvarSlett
  3. Så artig, Atløy over har jeg ikke hørt om. Var på Atløya en gang for mange år siden, men da var det ikke fjelltur som var målet, thi-hi! :)

    Ser flott ut og alltid kjekt å gå nye turer - og ekstra kjekt i godt selskap!

    Jeg håpte på å se hoggorm på Uførefjellet, men jeg har ikke hell med meg. Rette tiden nå for foto av de så lenge de er seige og trege :P Akkurat som deg - fascinert av krypene, men vil helst se de litt på avstand ;)Utrolig at dere har truffet på to eksemplarer så tidlig på året!

    Kos bilde på Eikefjordstøylen med snacks i boksen. Det er lov det! Og den turstien til gapahuken og 7.benk er kjekke løyper å gå!

    Kos dere videre, måtte sola komme snart tilbake!!

    SvarSlett
  4. Ja, det var ein fantastisk dag, så dette er absolutt å anbefale!!! Eli Kristin: "Atløy over" er ikkje nokon fast tur, men eit omgrep vi har nytta om den turruta som var planlagt. Men kanskje det blir ein tur i regi av turlaget etterkvart? Dette er definitivt ein tur som bør stå på programmet :)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!