mandag 30. april 2012

Tilbake til vakre Atløyna!


Vi ser mot Hovden (367 moh)
 Etter ein flott tur til Atløy forrige søndag, så hadde vi planar om ein snarleg visitt tilbake til øyna. Slik vart det heldigvis også - 8 dagar seinare tok vi ferja over frå Askvoll til Gjervik. Denne gongen var vi to store og to små som var på tur. Planen var å bestige nokre av dei mindre toppane på øya - Hovden (367 moh) og Brurastakken (170 moh). Begge to er passelege turar å ta med små barn - anten dei skal gå sjølv eller sitje i bærmeis. I tillegg ville vi gjere oss enda meir kjende på øya, finne ein fin plass å grille, kjøpe is på butikken m.m. Og alt dette rakk vi faktisk på ein dag - og var heime berre ein halvtime etter normal sengetid for dei to minste.

Vi starta først med å køyre frå ferjekaia på Gjervik til Høyvik (7 km) nord på øya, og vidare ut til startpunktet for turen opp på Hovden. Den er skilta frå vegen mellom Rindane og Ørnefjellet. Stien er god og tydeleg. Det stig jamt bratt oppover - og total lengde er 1,4 km. Tidsbruk vil vere frå 30 minutt til 1 time - alt etter form og tal kilo bagasje (les: barn i bæremeis). Toppen er eit utruleg flott utsiktspunkt - 360 grader rundt! Den stadfestar nok ein gong at det ikkje nødvendigvis er dei høgaste toppane som gjev den flottaste utsikta. Du kjem høgt nok til at du ser vidt i kring, samtidig er du lågt nok til at du får føling med øyane og sjøen rundt deg. Øyane i vest, Alden og Tvibyrge blir veldig nære. Fastlandet med Staveneset i nordaust ligg ikkje langt unna, og litt lenger nord ser du rett på Kinnaklova.

Tvibyrgje og Alden (bakerst) sett frå Hovden
 I ly av varden, fekk vi det nærast vindstille, så vi sat faktisk ein heil time på toppen og kosa oss i sola.
På veg ut for å gå på Hovden, utspant følgjande samtale seg i bilen vår:
Mamma: "Sjå, Sanna Oliva, ut på den toppen skal vi. Ser du varden der oppe?"
Sanna Oliva: "Ja - og kanskje har dei bok der?
Mamma: "Det har dei nok"
Sanna Oliva: "Åhh, då blir MAMMA glad!!!! Eg skal finne den til deg!"



Alden - tatt frå vegen mellom Vilnes og Herland
 Vel nede frå tur til Hovden, hadde vi lova at vi skulle kjøpe is på butikken - eit høgdepunkt for treåringen! Frå butikken såg vi rett opp på ein av toppane vi var på for ei veke sidan - nemleg Atløynipa.  Deretter køyrde vi ut til Herland (12 km frå Gjervik), som ligg på sørvestsida av øya, for å sjå korleis det såg ut der. Vi hadde med oss grill og pølser, og fann ein fin plass i nærleiken av båthamna der vi kunne kose oss.

Etter ein god matpause, var det klart for den siste turen for dagen: Brurastakken. Den ruvar ikkje meir ein 170 moh, men det er sagt den likevel gir fin utsikt. Som så mange andre turmål på Atløyna, kan du kome til Brurastakken frå fleire stader, og det er godt merka løyper. Turen er merka som Nordsjøløype, og du kan både gå frå byggjefeltet på Herland eller du kan starte på høgda før du køyrer ned til Herland. Vi valte det siste - då dette truleg er den lettaste vegen og den som tar kortast tid. Vi måtte ta omsyn til at klokka var passert 16 og at vi skulle kome heim i rimeleg tid.

Vi ser opp på Brurastakken frå der stien starta
 Sidan det berre er 100 høgdemeter stigning frå startpunktet til toppen, stig ein raskt og fort, og etter ca. 15 - 20 minutt er du på toppen. Her vert Alden og Tvibyrgje enda nærare enn frå Hovden - mest så du kan ta i dei! I tillegg ser du fint mot sør - Einingsfjellet på Grytøyra, Lammetun og Krakhellesundet. På vegen opp, såg vi at det kom sigande ein del tåkedottar og la seg over fjella, noko som er heilt vanleg her ute, og vi blei minna på kor fantastisk heldige vi har vore med været og utsikta både i dag og forrige søndag!

"Mamma, sei at eg er vekke då!"


Stien opp på Brurastakken - vi går inn i skaret der oppe


Skilt som viser symbolet for Nordsjøløype


Toppen av Brurastakken


Tvibyrgje


Flott merking - ingen problem med å finne fram!


Alden i tåkehavet
 På returen frå Brurastakken, stakk vi innom for å sjå på Vilnes kyrkje. Sanna Oliva seier alltid "kirka mi" kvar gong vi køyrer forbi ei kyrkje, så ho ville gjerne vere med å sjå. Ho vart derimot noko skuffa då ho såg at kyrkja hadde "svart" bordkledning:
Sanna Oliva: "Eg likar ikkje svart kirke!"
Pappa: "Gjer ikkje du det? Kva farge på kirka likar du då?"
Sanna Oliva: "Eg likar berre lilla og rosa!" :)


Vilnes kyrkje


Kart over Atløyna


søndag 29. april 2012

Fossen - denne gong i Vadheim!


Nok ein søndag med strålande vær! Då må vi sjølvsagt ut på tur - og sidan vi har heile dagen disponibelt, så er det artig å ta seg tid til å oppsøkje nye turmål. Eigentleg så hadde vi planar om eit fjell i Lavik-området, men då vi passerte Vadheim såg vi at sola skein flott inn i ein dal som vi har hatt planar om å oppsøkje. Så då var det ingen grunn til å køyre lenger!

Dermed fekk vi vårt første besøk på "Fossen gard" i Vadheim. Vi har jo oppsøkt Fossengarden i Erdalen fleire gonger, men denne gongen var det altså ein anna Fossengard! Denne har vi blitt anbefalt av fleire.

Slik kjem du til Fossen gard:
Snart oppe på høgste høgda!
Frå Vadheim sentrum køyrer du i retning Høyanger, og tar opp til venstre i siste byggjefeltet før tunellen. På toppen av bakken der Frank'en held til (gravferdsbyrå og taxi), ved ein trafostasjon, står det skilta til Fossen. Du kan parkere på ein stor grusplass midt i byggjefeltet, og derifrå er det ca. 100 meter opp til trafostasjonen. Frå skiltet går det tydeleg sti oppover langs med elva, og vegen gir deretter seg sjølv. Stien er brei og tydeleg, så du kan ikkje gå feil. Kraftlinjene følgjer deg dessutan heile vegen. Det stig ganske bratt oppover eit stykke, før det flatar ut eit stykkje, til du igjen startar på ei bratt stigning. Ved høgste høgda er det postkasse med bok i. Du kan rekne 30-45 minutt opp hit. Frå postkassa og innover dalen er det ca. 5 minutt å gå før du er inne ved sjølve garden.

Tørr sti heile vegen opp til høgda, men noko blaut myr inn til sjølve garden. Truleg er det ikkje lenge sidan snøen forsvann herifrå, så eg vil tru det er litt tørrare om du går seinare på sommaren.




Kartutsnitt frå turen til Fossen (kart frå ut.no)

Oversiktskart over turmålet (kart frå ut.no)

Det står ikkje bygningsmasse på garden i dag, men mange murar vitnar om at det har vore fleire hus/bygningar her tidlegare. Det skal vere svært fint å gå vidare innover dalen også, men det gjorde vi ikkje i dag. Truleg vil det også vere fint å gå opp på hogda og utover Vadheimsfjorden mot Klævold. Det er i alle fall noko vi kan tenkje oss å gjere ein gong.

Restar frå ei svunna tid!
Det er mange fine plassar ved murrestane der det går an å setje seg ned for å ete nista si. Vi prøvde å finne litt ly for vinden, og sat heilt nede ved elva. Det var ekstra kjekt for dei to små, som kosa seg med å hive strå ut i vatnet.

Fleire andre turgåarar var ute i det fine været - truleg mest lokale folk (også her) sidan dei berre skreiv seg inn med fornamn i turboka ;).

For oss var dette eit nytt og ukjent terreng, men som vi gjerne kjem til å ferdast i også seinare. Og likar du å gå på stader der det er godt tilrettelagt sti, så er dette ein plass å oppsøkje!

fredag 27. april 2012

Huff, hoggormår......

Etter å ha møtt på hoggorm 2 gonger hittil i år (sjå her og her), frykta eg at det var eit teikn på at det er hoggormår. Dessverre ser det ut til å stemme:
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/hordaland/1.8098652

Men håpar ikkje at folk lar seg skremme av å gå på tur av den grunn - som regel er hoggormen meir redd oss enn vi dei...:):
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/hordaland/1.7615894



torsdag 26. april 2012

Ulltangstølen i Førde


Fin utsikt inn mot Førde i starten av turen

Måndag er for tida permisjonsdag her i heimen då vi ikkje har barnepass denne dagen. Sidan været var rimeleg bra - lett overskya med litt sol, så måtte eg og Bendik Matias ut og lufte oss litt. Med Atløyturen i beina frå dagen før, så måtte det bli ein lettare tur. Valet fall på Ulltangstølen. Her har vi vore ein gong før - hausten for 2 år sidan.

Slik kjem du til Ulltangstølen:
Frå Førde køyrer du i retning Askvoll. I stigninga opp mot Blomlia, ligg Ulltang. Du tar av ved siste avkøyrsel til venstre før byggjefeltet på Ulltang. Her ligg det eit par-tre bustadhus, og du kan parkere rett etter du har passert desse.

Kartutsnitt over turruta (http://www.ut.no/)
Turen går på skogsveg og har jamn stigning. Etter ei tid, deler skogsvegen seg i to. Her kan du velje kva veg du vil gå, for du kjem uansett fram til stølen. Vi har brukt å ta vegen til venstre opp til stølen, og så går vi den andre ned att. På denne måten får du ein liten rundtur. Turen opp tar om lag 30 minutt.


Her ser du kor Ulltang ligg i forhold til Førde (http://www.ut.no/)

Vel framme ved stølen er det laga til ein flott benk som ein kan sitje på. På benken heng det ei postkasse med bok i. Boka syner at her stort sett er lokale besøkande på stølen og ein del faste turgjengarar. Turen blir nok flittig brukt som trimløype for ein del av dei som bur der.



Frå stølen ser du "alle" Førdefjella: Halbrendsnipa, Hafstadfjellet, Viefjellet, Førdsnipa og Fureviknipa. Litt skog hindrar utsikta ned mot låglandet.

Ingen ting å seie på hyttestandarden! Fureviknipa i bakgrunnen




I starten passerer du ein revegard - ikkje gå opp dit...!

Atløy over i strålande sol!

Søndag 22.04.12 hadde vi planlagt ein flott rundtur på fjella på Atløy i lag med litt vener og kjende. Sidan vi bur på Vestlandet, så er vi omtrent "addicted to" yr.no for å følgje med på været! For nettopp til denne turen var vi avhengige av å ha været på vår side om det skulle bli den ultimate opplevinga. Og så var vi så heldige at det blei sol frå skyfri himmel og nærast vindstille! Kunne vi vere heldigare? Nei - og dermed la 11 forventningsfulle personar ut på tur denne dagen :)

Vi starta turen i Høyvika, og gjekk først opp på Granefjellet (ca. 30 minutts gange). Der såg vi flott over til Askvoll og over oss kretsa det ei flott ørn. Så gjekk vi vidare vestover, runda Setekletten og gjekk opp på Skredvarden. Skredvarden er med sine 636 moh den høgaste toppen på Atløy. Litt snø var det framleis på dei høgaste partia, men det hadde gått folk der før oss, så vi kunne trakke i deira spor. Deretter tok vi turen bort til Atløynipa. Der var det stupbratt ned på eine sida av varden, så det kan vere litt skummelt for høgderedde. Eller fascinerande for dei som likar det....:)

Vi hadde i utgangspunktet planlagt å gå over "alle" toppane på Atløy, men fann etterkvart ut at tida ikkje strakk til i forhold til å rekke ferje og kome seg heim i rimeleg tid. Dessutan så var vi godt nøgde med det vi hadde fått sett så langt, og dei høgste toppane var unnagjort. Så på veg mot Skålefjellet, tok vi ned til venstre rett før Veten, og kom etterkvart inn på kystarvstien ned mot Vilnes. Vel nede ved vegen hadde vi gått i om lag 4 effektive timar. Pausane kjem i tillegg.

Nedanfor ser den planlagte turen innteikna på kartet:


Askvoll er saman med kommunane i HAFS med i Kystarvprosjektet der føremålet er å merke til saman 100 turstiar i desse kommuane. På Atløyna ser ein resultatet av dette. Fleire turruter er merka med lyseblå maling og dei er godt rydda. Så det er enkelt å finne fram på eiga hand sjølv om ein ikkje er kjend i området. Nokre stiar går over fjellet, medan andre går langs med land, så her skal det vere turruter for dei fleste. I tillegg er ein del av stiane på Atløy allereie merka med DNT sine raude T'ar. Oversikt over merka turruter på Atløy finn du på origosidene til Atløy.

Dette var ein fantastisk fin dag - med ein flott turgjeng! Og ein kjempestor takk til Oddbjørn - som var ein utmerka turleiar!

For vår del har vi allereie planlagt å ta turen attende til Atløy. Då tar vi med oss ungane og går på nokre av dei toppane vi ikkje rakk over denne gongen. Både Hovden og Brurastakken er turar vi er blitt anbefalt å få med oss - og dei er passeleg lange å gå når vi har med dei to små.

Ei lita bileterekkje frå turen:
Vi ser mot Skredvarden frå Granefjellet

Vi har nett starta på turen og ser ned i Høyvika

3 damer i fint driv! :)

Utsikt mot Askvoll

Framleis litt snø att i høgdene!

Turgjengen med fleire kosar seg på Skredvarden

Alden, Værlandet og Bulandet

Vi ser mot øyane i Flora

Eit nøgd par på Atløynipa!

Vel nede att ved vegen og vi ser oss attende - turalternativa er mange!
Om du vil sjå fleire bilete frå den flotte naturen på Atløy, så må du ta turen innom Marit og bloggen Marits bilder. Ho bur på Atløy og tar mange flotte bilete derifrå.

lørdag 21. april 2012

3 seige menn på tur....

Etter å ha svidd av x antal kalorier i motbakkane, så må ein passe på å fylle på med nye:
3 seige menn på tur...
Restar frå 3-årsfeiringa til Sanna Oliva, smakte ypparleg som "dessert" på turen til Hovlandsstølen og Eikefjordstølen! Det er lov å kose seg litt på tur også, eller?

fredag 20. april 2012

For 2. gong i år.....

møtte vi på ein slik kar....


På veg til Svistølen i Naustdal forrige søndag, heldt eg på å trakke på denne! Vi har nesten aldri møtt orm på alle våre turar - berre 2-3 gonger tidlegare. No er det 2. gongen i løpet av ein månad!

Håpar ikkje det er eit teikn på at det er ormeår..... Heldigvis er det framleis så tidleg på året at dei er kalde og lite bevegelige, så vi kunne stå å studere den litt før vi gjekk vidare. Litt fasinerande er det å sjå på dei - trass alt..... så lenge dei held seg i ro!

På søndag ventar det flott venetur til Atløy der vi skal gå "Atløy over". Har ikkje vore der før, så det gler eg meg veldig til! Forhåpentlegvis så kjem det nokre bilete frå turen her på bloggen også :) Ha ei fin helg!

onsdag 18. april 2012

Gapahuken og 7. Benken



17.04.12: Vi har kalde, men flotte solskinnsdagar for tida, og då er godt å kome seg ut litt. Eg og Steffen bytta på å ta oss kvar vår trimtur til Gapahuken på ettermiddagen/tidleg kveld medan sola framleis var framme. Det var mange som hadde tenkt same tanken - på den timen mellom Steffen og mitt besøk, så var det 8 stk som hadde signert seg i boka i Gapahuken. Fantastisk deilig å kjenne sola i ansiktet og vite at våren og sommaren er på god veg. Det gjeld å nyte tida no, for vi veit ikkje ordet av det før sommaren er passert og vinteren atter ein gong nærmar seg!

Så flott var det å vere ute, at eg også tok svippturen opp til 7. benken. Då tar du til venstre etter Gapahuken (er skilta) og går 5-10 minutt vidare på god og tilrettelagt sti. Vanlegvis tar vi til høgre etter Gapahuken for å gå vidare til Hornnesstølen, så det er lenge sidan eg har gått i denne retninga.

7. benken
Ved å gå hundre meter forbi 7. benken, får ein også flott utsikt utover Førdefjorden mot Naustdal:

Flott tilrettelagt i stien!
Vi er heldige som har slike flotte turstiar rett utanfor huset vårt :) Nok ein gong takk til dei som har jobba (og framleis jobbar) med tilrettelegging av Eventyrstien!

mandag 16. april 2012