søndag 29. januar 2012

Kjøsnesåsen - ein tur i nærområdet

Kartutsnitt frå ut.no: Kysnesåsen i Dalsfjorden mellom Hellevik og Fure
Vi kan ikkje klage på været denne hyttehelga i slutten av januar 2012: Søndag morgon vakna vi til skyfri himmel og lite vind. Derav også påfølgande kaldare nattetemperatur, men etterkvart som sola kom fram, så vart det litt meir varme i lufta. Vi kan ikkje skryte på oss at vi gjekk nokon stortur denne dagen, men vi fekk oss ei NY turoppleving - ein jomfrutur - heilt i nærområdet av hytta. Det er nesten utruleg at Steffen, som har tilbrakt atskilleg tid på hytta heilt sidan 1970-talet, ikkje har vore her tidlegare. Men slik er det ofte: ein oppsøkjer nye og "ukjende" plassar, gjerne langt avgarde og så gløymer ein mogelegheitane som ligg "rett utanfor stoveglaset". Når det er sagt: så speidar vi jo gjerne etter litt høgare toppar enn denne - Kjøsnesåsen med sine 89 moh!

Det er Mari, søstra til Steffen, som har gjort oss merksam på at det går ein godt trakka sti opp til toppen. Og når vi visste omtrent kor startpunktet skulle vere, så var det å følgje litt med i veggrøfta til vi fann stien. Ein flott trimtur - spesielt med nærare 20 kg på ryggen - og absolutt ein tur vi kjem til å gå fleire gonger når vi skal ha oss ein rask tur.

Og det var ingenting å seie på utsikta frå desse 89 høgdemeterane over havet:
Utsikt mot Alden og Skredvarden på Atløy

Utsikt mot fjella på nordsida av Dalsfjorden

Vi ser føre oss at dette kan bli eit mykje brukt turmål når ungane no blir så store at dei skal gå litt sjølv. Og motivasjonsfaktoren med postkasse og turbok, finn du også her:)
Ein liten digresjon:
Vi seier "Kjøsneset" (som det står på vegskiltet) og dermed også "Kjøsnesåsen", men på kartet står det "Kysneset". På boka på toppen, er den omtala som "Storåsen" - som truleg er eit lokalt namn.
 
Joda, vi kosar oss på tur - både stor og liten!

Einingsfjellet


Startpunkt frå Holstad
Laurdag 28.01.12 vakna vi til lettskya himmel, nesten vindstille og temperaturar rundt 0 C. Det var meldt ein del vind denne helga, så det var det store spenningsmomentet i forhold til å kunne dra på tur med barn som skal sitje i ro i bæremeis. Så vi var veldig nøgde med at vinden hadde roa seg :).
 
Turmålet vart eit fjell vi etterkvart har vore på mange gonger: Einingsfjellet. Toppen er ikkje høgare enn 259 moh, men når den ligg ytterst i Dalsfjorden, så får du likevel ei storslagen utsikt. Til liks med Fredensborgparken, er stien her også ein del av Folkestiane som Nasjonalforeninga for folkehelse står bak. Eg har tidlegare blogga om turen til Einingsfjellet her og her, men ikkje skrive noko nærare turskildring. Turen står omtala både i "Opptur Sogn og Fjordane" av Anne Rudsengen og "Gå sjøl" av Jorunn Kleiven.
 
Startpunkt:
Du køyrer på vegen mot Lammetun og Korssund ytterst i Dalsfjorden. Rett før krysset der vegen deler seg mot Korssund og Lammetun, ligg det ei lita avkøyrsle på oppsida av vegen, rett ved ein trafostasjon (sjå biletet øverst).
 
Stien skal også no vere merka frå Våge, men den har vi ikkje prøvd enno.
 
Lengd: 3 km t/r
 
Om turen:
Stien er godt merka, så det er nærast "umogeleg" ikkje å finne fram når ein først har funne startpunktet. Det er moderat stigning, og høver derfor godt for barnefamiliar. Ein kjem raskt opp i ope terreng der utsynet er vidt. Vi har ofte erfart at det kan vere nokså blautt i stien, så det kan vere greitt å bruke fjellsko. No når vi gjekk der på vinteren i små minusgrader, hadde vatnet frose til is, så det var mange glatte parti. Som regel er det svært lite snø i området om vinteren, så denne turen kan gåast til fots stort sett heile året.
 
Utsynet frå toppen er som sagt nokså vidt: I sør ser ein mot Krakhellesundet og Solund, og Lifjellet ruvar i det fjerne. Utover fjorden finn du Geita fyr, Værlandet, Bulandet og Alden. Nordover ser du mot Tvibyrje, Kinn og Atløy, og fjella på nordsia av Vilnesfjorden og Dalsfjorden.

Utsikt frå toppen mot Bulandet, Værlandet og Alden

På toppen finn du eit rasteplassbord, ein varde og sjølvsagt ei bok å skrive i. Det blæs ofte friskt på sjølve toppunktet, så på denne tida av året vert det ofte eit kort stopp før det blir så kaldt at det berre er å snu nasa nedover att.

Første tur til Einingsfjellet for vesle Bendik Matias, og hans andre i bæremeis. Vi har tidlegare brukt bæresele framme på magen. Men han ser ut til å trivast godt i bæremeisa - det har i alle fall ikkje vore ein einaste klagelyd frå han! Han ser heller ikkje ut til å ha problem med å finne søvnen der, så dette lovar godt for framtidige turar. Og ho mor får god trening i å bære tunge bører. Med kvar vår unge i bæremeis og til dels mykje is i stien, vart ikkje dette nett noko fartsetappe til toppen - men god styrketrening fekk vi i alle fall!
På veg ned att med utsikt mot Krakhellesundet

fredag 27. januar 2012

Fredensborgparken - ein fredens plett!

Det har blitt lite blogging på nyåret: overgang frå permisjon til (nesten)
full jobb på oss begge vaksne, eit barn i barnehage og eit med oppstart hjå
dagmamma + inntog av vannkoppar hjå dei små, har både ført til laber
turaktivitet og lite tid til blogging. Men aukande besøk på bloggen og
mange hyggjelege tilbakemeldingar i form av kommentarar og endåtil
telefonar, gjev inspirasjon til å blogge igjen:)
Med planleggingsdag i barnehagen, tok heile familien fri og vi har tatt oss
ut på hytta til mine svigerforeldre på Kjøsneset i Dalsfjorden. Eit lita,
men koseleg hytte som har fått namnet "VillaBraNok"!:)

På vegen ut, tok vi turen opp i Fredensborgparken, som ligg ved vegkrysset på Tysse, der du tar
av til Straumsnes. Parken er omtala både i "Opptur Sogn og Fjordane", "Gå
sjøl" av Jorunn Kleiven og "Stig ut i naturen" av Stig Roger Eide.
Vegen er også "Folkesti", så det er merka med skilt. Turen opp til parken
tar ikkje meir enn 10 minutt, men du kan også gå rundt vatnet som ligg der. Totalt er det ca. 3 km med sti som er merka.
I parken finn du også ein gamal gravplass tilhøyrande familien Landmark. Om
våren er det eit yrande liv med padder. No på vinteren, er det bokstaveleg
talt Fredens ro som seinkar seg når du vandrar rundt der.
Postkasse med bok finn du også. Med vårt besøk i dag, syner no boka at den
utvida familien Jonstad er godt representert når det gjeld besøk i parken i
2012!


Fredensborgparken er ein fin stad å reise med små barn - ikkje så langt å gå og veldig
mykje spanade å oppdage og utforske i parkområdet!

(Utan tilgang til nett, blir innlegget til via mobil og mobilbilete. Men vi
får oppdatere når vi kjem heim: både med utfyllande turfakta og bilete i
betre kvalitet!)

 Ha ei fin turhelg!

torsdag 12. januar 2012

Fjellfolk - ny serie på NRK 1 i februar

12. februar startar det opp ein serie som heiter "Fjellfolk" på NRK1. Den skal sendast i 4 episodar på 40 minutt kvar, og er laga av NRK Sogn og Fjordane.

I løpet av desse programma får du møte fjellfolka Sigrid, Katja & Ralph med ungane Svenja og Ronja, Kjell, Andreas og Solbjørg. Det er folk som jobbar eller lever i fjellet, som eventyrar, tindevegleiar, reinsdyrgjetar, vertinne på turisthytte, jeger etc. Eit utval av spanande og aktive friluftsfolk som lev og andar for den norske fjellheimen! Denne serien gler vi oss til å sjå :)

Vil du sjå ein forsmak på serien, kan du klikke på denne linken: http://vimeo.com/31012194