søndag 30. oktober 2011

Regnværstur til Masdalsstølen

Masdalsstølen
"Det er ikkje turen vi angrar på!" er det vi ofte konkluderer med når vi har vore ute og gått i guffent vær. I dag var det ikkje særleg fristande å bevege seg utandørs med regnet pøsande ned. Eg og lille Bendik Matias tok oss ein times trilletur rundt Førde sentrum og hadde tenkt å la det bli med det. Men min kjære mann hadde lyst på trimtur og vår vesle frøken på 2,5 år har godt av å lufte seg litt i løpet av dagen, så etter middag fann vi ut at vi alle saman skulle ut på tur. Planen var å gå tur i Sundsdalen - frå avkøyrsla til Kinna og opp til Masdalsgjerdet. Men plutseleg hadde vi køyrt eit stykke lenger, og var komen til Ullebust, der du kan ta av på bomvegen opp i Kvanndalen. Å trille og bære heilt opp dit ville bli for langt i dag, men eg foreslo at vi i staden kunne ta turen til Masdalsstølen som er noko kortare. Og vi så gjorde - eg trilla barnevogn og Steffen hadde bæremeis. Nokre sinte regnbyger fekk vi inni mellom, men av og til var det så opplett at hetta kunne takast av. Ungane var vel fornøgde - Bendik Matias kikka ut i luka på regntrekket på barnevogna, og Sanna Oliva sat i bæremeisa og sang "Dyrene i Afrika". Med godt regntøy var det faktisk deilig å vere ute :)

Og sjølv om det er litt kav og stress med å ta på regnklede, og ikkje minst ta av våte klede, så angra vi slett ikkje på at vi tok turen, nei!

Vi tok ikkje med kamera på tur, så det einaste biletet frå dagens tur vart tatt med mobil:

Ikkje spøk å gå på tur her.....;) men kan godt forstå bondens frustrasjon!
















Her er derimot nokre bilete frå ein tidlegare tur i sommar med meg og Bendik Matias. Då var det litt finare vær!:





Det er hengt ut tau som du kan halde deg i når du skal over elva

















Turfakta:

På vegen mellom Førde og Moskog, tek du av til høgre ved skilt merka Sundsdalen. Ved Ullebust tek ein inn på bomveg som går til venstre. Vi parkerte her og trilla innover dalen. Etter ca. 20 min passerer du Ullebuststølen, og like etter deler vegen seg i to - trill til høgre for å kome til Masdalsstølen. Vegen som svingar mot venstre går opp i Kvanndalen. Turen til Masdalsstølen tar ca. 35-40 minuttar ein veg.



tirsdag 25. oktober 2011

La utflukten bli målet

Etterkvart som det blir kaldare og mørkare, er det stadig større terskel for å kome seg ut på tur. Kanskje spesielt med små barn, som skal ha lag på lag med klede, og det tar si tid å kome seg ut dørene. Men frisk luft og daglys er desto viktigare no i mørketida, så det er berre å kome seg ut! Så i staden for å ha dei store turmåla som utgangspunkt, så la heller sjølve turen vere eit mål i seg sjølv - slik som dei oppmodar om i denne artikkelen:

La utflukten bli målet

Med ynskje om ein flott turhaust og - vinter!