søndag 18. desember 2011

Juletrehogst i Jonstadlia


Julestemning - Winter Wonderland i Naustdal

Det har vore lite turaktivitet den siste tida - ustabilt vær, "mørketid" og travel førjulstid får ta litt av skulda, men utover det har vi lite unnskuldningar ;) Men i dag var dagen for å hente heim juletreet. Det hentar vi på slektsgarden til Steffen, Jonstad i Naustdal. Dersom det ikkje hadde vore særleg med snø, kunne vi henta treet på den lette måten - nemleg ved å køyre opp i Solsidevegen. Men det siste døgnet har snøen igjen lava ned her i Sunnfjord, så då måtte vi ta beina fatt i frå Jonstad og gå opp i Jonstadlia. Skogsvegen frå Jonstad kjem etterkvart også opp i Solsidevegen, så her er fleire alternative ruter å gå for småturar. Det er fleire som går her jamt og trutt på vinterstid, så du vil ofte finne eit nedtrakka spor å gå i sjølv om det er snø.

Regnvåt snø lava ned då vi skulle starte turen, og vi var noko usikre på om vi skulle leggje av garde med to småttisar i følgjet - ei på 2,5 år og ein liten småforkjøla kar på 13 månader. Men vi hadde kledd oss for tur - lag på lag med ull, fleece og vinterdressar, så vi fann ut at vi måtte nesten prøve til etter alt arbeidet med påkledning :). Med på turen var også svigerforeldra mine.




Utsikta frå rasteplassen vår - vi ser mot Kletten i Naustdal sentrum

Det er sjølvsagt atskilleg tyngre å gå i snø enn på berr mark, så det kjentest godt i beina på veg oppover. Men det var godt å kome seg ut, få rørt litt på kroppen og etterkvart vart det også opplett slik at vi kunne setje oss ned og kose oss med medbrakt niste og heimelaga glutenfrie pepparkaker:). 
Her kosar vi oss, ja :)
Og i det vi skulle ta beina fatt for å ta turen ned att, så dukka også sola fram. Juletrea gløymde vi å ta bilete av, så dei får vi heller vise når treet er pynta.