fredag 25. november 2011

Turskildring: Årnesholten (765 moh) i Gaular



Utsikt ned mot Eikeland, Nesavatnet og Skudalen. Klungeren er toppen midt i biletet.
I midten av oktober hadde vi fått i oppgåve å skrive turtips til avisa FIRDA. Valet falt på ein av mine kvardagsfavorittar - Årnesholten, som ligg ved min barndomsheim på Eikeland i Gaular. Vi fann fort ut at det er krevjande å skrive gode turskildringar, og når du endåtil har ei øvre ramme for tal ord du kan skrive, så må du velje dine ord med omhu. Men turtips vart det i alle fall, og her kjem vår skildring av korleis du kan gå turen:

På Sande tar du av til rv. 610 i retning Eldalsosen. Etter knappe 4 km, ta til høgre ved skilt merka Kirkeli og køyr ytterlegare to kilometer til gardane på Eikeland. På høgre sida av vegen ligg gardstunet Bakkane. Der startar turen; først på grasgrodd tømmerveg, som du følgjer til endes. Vidare går du på tydeleg sti langs høgre sida av elva oppover i sørleg retning mot høgdedraget vest for Årnesholten. Etter ein halvtimes gange kjem du til Eikelandsstølen.

Frå Eikelandstølen held stien fram i same retning opp mot brekka ovanfor stølen. Stien går på venstre sida av grova opp mot brekka, der terrenget flatar ut. Like etter deler stien seg i to. Går du rett fram, kjem du over til Senneset – men no skal du i staden følgje stien til venstre (søraust): Du går skrått oppover den skogkledde lia. Her er stien noko utydeleg, så ver ekstra merksam. Ein knapp kilometer etter at du forlot flata, kjem du til ei lita grov; der svingar stien til venstre i nordleg retning. Like etter vil du sjå to skard i himmelsjå, og du skal gå opp det venstre av desse.

Frå toppen av skardet er det ikkje lenger nokon sti å rette seg etter. Herfrå held du fram mot nordaust, og du ser no bort til toppen av Årnesholten. Etter å ha kryssa ei lita seld, går du det siste stykket opp til platået som fører deg bort til varden. Her har Gaular IL lagt ut bok. Turen opp tar om lag 1 1/2 time. Det er flott utsikt mot Storehesten og Blegja, Klungeren og Kjelstadnakken, fjella i ytre Nordfjord og austover langs Hestadfjorden og Viksdalsvatnet. Litt nord for varden kan du sjå ned på Eikelandsfossen og følgje Gaularvassdraget til Sande.
Årnesstølen og Skardsvatnet

Retur går via Årnesstølen og Horsevikstølen ved Skardsvatnet – ein kjempefin stad for overnatting i telt! Frå varden går du i søraustleg retning nedover, og du får raskt auge på stølane. Det er ingen sti, men du kan ta peiling på elva som renn ut frå vatnet, og følgje ei graskledd seld bratt ned mot vatnet. Her kjem du inn på tydeleg sti som går frå stølane og ned i Årneset. Stien kjem etter kvart inn på ein traktorveg, som du følgjer ned att til bilvegen. Tilbake til startpunktet på rundturen følgjer du bilvegen vestover, vel 2 km langs den idylliske Hestadfjorden og passerer den storslagne Eikelandsfossen.

Eikelandsfossen

fredag 18. november 2011

På ynskjelista til jul.....

Denne boka håpar vi å finne under juletreet i år :)! Vi har alle dei andre bøkene i Opptur- serien, og dei er flittig i bruk. Og i påvente av å få boka i eiga hylle, så har vi lånt eit eksemplar på biblioteket;). Vi har allereie merka av dei mest aktuelle turane.....ikkje så uventa, kanskje...he,he.  Og nokre av turane har vi allereie gått bl.a. Prest, Blåskavlen, Aurlandsdalen, samt Nåli og Jordalsnuten ved Stalheim hotell. Sistnemde topp gjekk eg på då eg var 7,5 mnd på veg med Bendik Matias, og i boka har denne turen fire støvlar og svart merke, dvs at det er ein krevjande tur tilrådd for erfarne fjellfolk....say no more!
(men kjenner meg ikkje igjen i at det var ein krevjande tur.... litt vanskeleg å finne stien einskilde plassar og det steig rett nok jamt og trutt oppover, men ingen spesielle krevjande parti.)

Så med denne boka på plass, og facinasjon for kombinasjonen fjord og fjell, er det stor fare for at området Nærøyfjorden får fleire vitjingar av oss!

Ullebuststølen

I går hadde vi oss enda ein trilletur til Masdalsstølen. " Varmt" og fint i sola, men rimfrost på marka i skuggepartia. Stille og fredeleg, og ingen menneske å sjå. Berre å nyte skogens ro - eit godt avbrekk frå travle dagar og nattevåk!
Rimfrost på marka
På veg attende, trilla eg opp til Ullebuststølen for å sjå korleis det ser ut der. Stølen ligg på opp på ein haug, så du går ikkje rett forbi den når du går skogsvegen. Men det var veg heilt opp til stølshusa, så ingen problem å ta vogna med.
Hestane og Blegja
Utsikt mot Hafstadfjellet og Masdalen

mandag 7. november 2011

Vår minste turkompis fyller 1 år i dag!


Bendik Matias på trilletur Bringeland - Djupedalen

Vår vesle gode og tålmodige Bendik Matias fyller 1 år i dag! Ein slik milepæl er alltid stor stas og dagen blei feira med stor familiebursdag i går.

Bendik'en har allereie blitt ein turvant gut, og her er eit utval ulike turar han har vore med på i sitt første leveår:

Trilleturar til "fjells":
  • Sundsdalen - Kvanndalen - Hagenstølen (Førde)
  • Sundsdalen - Masdalsstølen (Førde)
  • Reset - Hafstadsstølen - Langeland (Førde)
  • Bringeland - Djupedalen (Gaular)
  • Botnavatnet i Angedalen (Førde)
  • Gjesdalsstølen (Jølster + litt i bæresæle)
  • Hyvatnet og Hystølen (Naustdal)
  • Stehoggestølen
På tur i bæresæle:
  • Årsetstølen - Seljevollfjellet (Vevring i Naustdal)
  • Gapahuken på Eventyrstien til Hornnesstølen (Førde)
  • Fossengarden i Erdalen (Førde)
  • Lægjestølen (Førde)
  • Hafstadfjellet (Førde)
  • Kringlestølen - Mallasvikstølen - Steinkorsen (Naustdal)
  • Jonstadstølen (Naustdal)
  • Huksetstølen - Grimsetstølen (Naustdal)
  • Hetleeggja (Førde/Gaular)
  • Rakesætra (Loen i Stryn)
  • Vesterås - Løsta (Geiranger)
  • Storsæterfossen (Geiranger)
  • Erdalssætra/Storesætra (Oppstryn)
  • Fossestien: Torsnesstølen - Langestølen (Gaularfjellet)
  • Skarvedalsvatnet (Gaularfjellet)
  • Litjevatnet i Nordalsfjorden (Flora)

Med turglade foreldre som deler på permisjonen, blir han stadig vekk dratt med på trilleturar, så mange av turane har han "gått" fleire gonger. Alle turmåla er relativt overkommelege turmål med tanke på lengde og vanskegrad.

Vi brukar framleis bæresæle på han, dvs. at vi bærer han framme på magen. Det byrjar å kjennast no som han er 11-12 kg, men synast han verkar så liten i bæremeisa, så føler han har det betre i bæresælen.

Og held goværet fram slik det har vore siste veka, så blir det nok fleire turar på han i tida framover:) Håpar på ein mild vinter!


 

Frå turen Vesterås - Løsta i Geiranger i sommar


fredag 4. november 2011

Eit glimt av "fjellbiblioteket" vårt

Vi har litt bøker å velje i når vi skal planleggje turar. Ikkje rart vi får lyst på tur!:) Ha ei flott turhelg!

onsdag 2. november 2011

Trilletur til Hyvatnet (350 moh)


Hyvatnet
Inn i mellom regnværet, så har vi hatt nokre fine haustdagar! I dag var det ein av desse, og då er det berre å kome seg ut og nyte det. Turmålet i dag vart ikkje bestemt før etter at vi var komne i bilen, men det var eit godt val. Turen til Hyvatnet har eg berre gått ein gong før - så langt tilbake som i 2003, og eg har fleire gongar i det siste snakka om at vi må ta turen opp att dit med ungane. Det er ein flott, barnevenleg tur med relativt lite stigning og skogsveg heile vegen, og det er nydeleg fint når du kjem opp til vatnet og ser over til stølane på andre sida. På skiltet sto det Hystølen, på kartet er dei merka som Hamrestølen og Ullalandstølen. Frå Hyvatnet kan du også gå vidare over til Gloppen.

Turfakta:
På veg til Florø frå Naustdal, svingar du til høgre rett før Sunnfjordtunellen for å ta av til Nes. I Nyheimskrysset ved Horstad, svinger du også til høgre (skilta til Nes) og køyrer forbi Horstad skule. Like etter skulen, er det også eit kryss der du tar til høgre over brua, og så rett til venstre etter brua. Det er framleis skilta til Nes. Deretter køyrer du nokre kilometer til du kjem til Kalland og ser eit skilt som det står "Herstad" på. Der tar du av til venstre, køyrer over ei ny bru og svingar til venstre rett etter denne. Etter ein liten kilometer, ligg det eit bustadfelt på høgre sida. Køyr opp til toppen av bustadfeltet, og der startar skogsvegen til Hyvatnet. (Det er også mogeleg å starte på Hamre. Då tar du til høgre etter brua når du har svinga av til Herstad. Dei to skogsvegane møter kvarandre cirka midtvegs).

Lengde: 4,2 km ein veg frå Ullaland

Det er litt stigning i starten av vegen, og siste bakken før Hyvatnet, men elles er det relativt flatt/liten stigning store delar av ruta. Litt hompete veg einskilde stader, så det kan vere greitt med ei robust barnevogn, gjerne med lufthjul, men det er ingen problem å ta seg fram.

Då vi var der i 2003, var det berre skogsveg opp til vatnet, men no er det laga veg heilt fram til stølane i andre enden. Veldig kjekt for meg som kom med barnevogn, for då kunne vi ta turen heilt inn til stølane.

Stølshusa ved Hyvatnet:

Ein blid og tålmodig kar som er med tur :)