søndag 11. september 2011

Blegja (1304 moh)

Utsikt mot Heileberget og Storehesten
Åhh, for ein vakker haustdag det vart laurdag 10.09.11! Og vi var så heldige at vi hadde ordna oss med barnevakter, slik at vi kunne ta ein skikkeleg topptur i lag med eit venepar denne dagen. Valet falt på Blegja, som er høgaste toppen i Askvoll kommune. Køyrer du utover langs nordsida av Førdefjorden, kan du ikkje unngå å leggje merke til det flotte Heilebergmassivet på sørsida av fjorden. Blegja er med sine 1304 moh den høgaste toppen der. Vi har berre vore der ein gong før, i 2006, så det var absolutt på tide med eit gjenbesøk på denne toppen.

Kort tid etter start, letta det lille vi hadde av tåke, så vi kunne nyte fantastisk utsikt heile vegen. Det vart mange stopp for å sjå og fortelje turfølgjet vårt kva toppar vi såg rundt omkring. Sidan vi etterkvart fartar både hit og dit for å oppleve nye turmål, så har vi også god kunnskap om det vi ser rundt oss når vi går på turar i Sunnfjordområdet: Keipen, Saga, Høydalsnipa/Håsteinen, Nareggja, Alden, Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla, Laukelandshesten, Jarstadheia, Jyttilshogjen, Skålefjellet i Stongfjorden, Høgeheia, Lihesten, Brosviksåta og Storehesten er nokre av dei toppane vi har vore på, og som vi lett kunne sjå på vår vandring til Blegja (og ja, eg skal blogge om desse ein vakker dag....).

På vegen opp fortalde eg dei andre om turbloggen til Gustav Skaar. Han går meir eller mindre dagleg på ulike fjellturar i området Førdefjorden - Stongfjorden - Askvoll m.m, og bloggar ivrig om alle turane. Den bloggen er absolutt verdt å ta ein kikk på om du ynskjer tips til turar i dette området. Og kven andre enn Gustav møtte vi ikkje då vi var på veg OPP, og han sjølvsagt allereie på veg NED! :) Vi slo av ein hyggjeleg prat, og han tok bilete av oss som er publisert hans blogginnlegg frå turen. Der kommenterer han mellom anna at det var svært glatt på steinane og i urane, og det må vi seie oss veldig einige i. Noko som gjorde at vi måtte ta det nokså med ro enkelte stader - spesielt på vegen ned.

I tillegg til Gustav, så møtte vi to sauesankarar på jakt etter 50 sauer. Dei var stadig vekk lett synlege i terrenget med sine oransje regnbukser! Dessutan møtte vi to spreke Naustdalsdamer på veg opp, då vi var nesten komne ned att til Nipebua.

Det var ein fantastisk flott tur - og med det varierande været vi har hatt dei siste månadane, så må ein verkeleg nyte og ta i bruk dei få flotte dagane vi har :)

Delar av varden på Blegja og utsikta mot nord
Turfakta:
Omtale og skildring av turen, kan du finne i boka "Opptur Sogn og Fjordane", men dei korte turfakta er som følgjer:

Start: Rørvika, langs rv. 609. Parkeringsplass ved informasjonstavla på nedsia av vegen. Startpunktet er skilta ved ei grind på oppsida av vegen.
Forventa normal tidsbruk: 4 t opp, 3 t ned
Høgd: 20 - 1304 moh
Lengd: 10 km t/r
Kartblad: Bygstad 1217 IV
Turkart: Gaular

Det bratte Heilebergmassivet

3 kommentarer:

  1. Takk for hyggeleg møte og prat på den flotte Blegja. Få fjell kan matche utsikta her i frå, men skal du ha eit par gode fjelltips til i Askvoll, anbefalar eg Eitrenipa og Dokka. Men ellers kryr her no av flotte fjell...:-)

    Stå på og hels dei andre frå følgjet.

    SvarSlett
  2. Hei igjen, Gustav! Eitrenipa har vi vore på. Dokka står på "to do"-lista :)

    SvarSlett
  3. Heisann! Jeg fikk se mange flotte bilder fra Blegja i Gustav'n sitt facebook-album. Der så jeg to kjente ansikt, nemlig deg og mannen :) Spreke dere! Jeg var knapt halvparten så høyt til fjells den dagen, he-he :D Nyt go'vær og opplevelser til fjells fremover, sesongen er langt fra ferdig!!

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!