onsdag 10. august 2011

Nordheia (662 moh) og Djupvikenipa (650moh)




Enkelte går stort sett berre på det same fjellet heile tida, og er ikkje særleg interessert i nye turmål. Eg synast dette blir noko kjedeleg og likar variasjon. Eller for å seie det slik: eg blir ikkje veldig imponert over dei som har 400 turar på Hafstadfjellet i løpet av eit år! Då går du først og fremst for å trene, og ikkje for naturopplevinga! Samstundes vil vel nokre hevde at vi er i overmåte ivrige på å oppsøkje nye turmål! Men eg likar å utforske og utvide kjennskapen i dei ulike turområda.

I dag tok eg med meg Bendik Matias og erobra eitt, for meg, nytt turmål. Toppen har falt i bakleksa i forhold til dei meir kjende naboane, Fauskevarden og Fureviknipa, men den ligg slett ikkje noko tilbake for dei, reint utsiktsmessig!

Startpunkt: Køyr frå Førde og mot Askvoll, og forbi skisenteret i Blomlia. Parker på utkøyrsla til høgre ved Nordheiatunellen. (På venstre sida startar turen til Fauskevarden).

Du finn ein tydeleg sti i starten, men denne kjem og forsvinn litt når du går i det mest myrete terrenget. Men det er berre å setje kursen i den retninga toppen ligg, så kjem du uansett fram! For min del kom og gjekk stien med jamne mellomrom, men det var lite problem. Og etter ca. 30 minutt så var vi oppe:)

Det var eit flott hei-terreng, så toppen ber namnet sitt med rette. Nydeleg å vandre rundt oppe på heia! Storehesten og Heileberget kneisa midt i mot, og god utsikt over Førdefjorden frå Naustdal og utover. Gjekk du 10 min vidare utover, kom du på Djupviknipa, der du fekk endå meir føling med fjorden.

Så neste gong du har tenkt deg på Fauskevarden, så kryss heller vegen og gå på Nordheia i staden - for forandringa si skuld! :)

Og ja: her er det også ei bok i varden som du kan signere i!

mandag 8. august 2011

Skarvedalsvatnet (932 moh)

Ungane kosa seg ved Skarvedalsvatnet

I ferien har eg nok ein gong fått auga opp for at Gaularfjellet er eit fantastisk flott turområde - også på sommaren! Vi tok turen til Skarvedalsvatnet (932 moh). Denne turen er ein del av ein gamal ferdselsveg mellom Gaularfjellet og Haukedalen.

Turen startar ved brøytestasjonen på fjellet. Stien er ikkje merka, men den er usedvanleg god og tydeleg, så det var ingen problem å finne fram. Du finn også turomtale i "Opptur Sogn og Fjordane", tur nr 14-02 og bilete under tur nr 15-01. Turen er ein del av fjelltrimmen til Viksdalen IL.

Utsikt mot Sværeskaret og Johannesberget til høgre

Kjempefint og lett turterreng, godt eigna for små born. Tid i roleg vaksentempo: ca. 45 minutt ein veg.

Eit vilt og vakkert landskap med utsikt til mellom anna Sværeskaret, Johannesberget og Melsnipa. Her var det godt å vere! :)