søndag 31. juli 2011

Storsæterfossen i Geiranger




9 vaksne og 6 "små" i alderen 0 - 14 år hadde ein flott fjelltur til Storsæterfossen i Geiranger. Som turen til Løsta, startar også denne frå Vesterås.


Turen går på merka og god sti, og du må rekne rundt 45 minutt på turen. Stien ber preg av å vere mykje brukt, og etter alt regnværet vi har hatt i sommar, så var det gjørmete og blautt.


Storsæterfossen vert rekna for eitt av dei flottaste fossefalla i landet, og det er noko spesielt at du faktisk kan gå inn under fossen! Her kan det vere vått og glatt på steinane, så born bør ikkje gå åleine.


Det er eit fint grasplatå rett over fossen, der det er fint å raste. Men ver merksam på at det er stupbratt ned på sidene mot vassdraget. Her har visstnok skjedd ulykker med tragisk utgang.


Det er mogeleg å ta turen vidare 1,5 km inn til Vesteråssætra, eller du kan ta turen opp på Laushornet (1413 moh). Her må du rekne 3 timar opp. Vi hadde noko tåke også denne dagen, så for utsikta sin del, var det ikkje noko vits å gå vidare.


Men ein fin tur til fossen var det så absolutt. Og vel tilbake til bilen, kjøpte vi is på restauranten som ligg på Vesterås. Ei fin belønning og motivasjonsfaktor til små føter som har vore flinke å gå på tur!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!