onsdag 8. juni 2011

Telttur til Erdalsstølen med Barnas Turlag Førde



Frå laurdag 4. juni til søndag 5. juni var det overnattingstur med Barnas Turlag til Erdalsstølen. Steffen var ein av turleiarane på turen. Eg og Sanna Oliva var med opp på dagstur på laurdagen, og vi hadde ein kjempeflott tur! Og etter mange dagar med tungt regn, gjorde det godt å få nokre solstrålar på kroppen! Eg har tidlegare omtalt stølen i dette blogginnlegget.

Sidan det er skogsveg heile vegen opp, var det mogeleg å få køyrt bagasjen med telt, soveposar, liggeunderlag +++ heilt fram til stølen. Dette var ikkje vi klar over, så hadde vi visst det, hadde vi kanskje planlagt overnatting for fleire av oss. Men det byr seg nok fleire sjansar :) Dessutan hadde vi vesle Bendik Matias (7 mnd) som venta heime.

Bilete og omtale frå turen finn du på Indre Sunnfjord Turlag sine heimesider:
Telttur til Erdalsstølen med Barnas Turlag Førde 4. til 5. juni - Indre Sunnfjord Turlag - Indre Sunnfjord Turlag


1 kommentar:

  1. For ein kjempeflott blogg du har! Dette er verkeleg noko eg har vore på jakt etter, ein stad der eg kan få innspel til nye turar i nærområdet. Og så mange gode turmoglegheiter du legg fram! Eg innser at eg har mykje til gode, og kjem nok til å følge med her framover! :)

    Tykkjer spesielt dette innlegget var morosamt, sidan vi også hadde sommarfest på Erdalsstølen denne helga, riktig nok med teltovernatting i Vasslia :)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!