torsdag 30. juni 2011

Solsidevegen i Naustdal

Forrige veke vart det to turar på Solsidevegen i Naustdal - ein sundagstur med familien og ein trilletur med ei god venninne. Solsidevegen eignar seg svært godt både til rusletur, trilletur, sykkeltur eller løpetur. Vegen er i utgangspunktet fri for biltrafikk, og den er derfor godt eigna til å la små barn gå, springe eller sykle fritt.


Flott utsikt mot Naustdal sentrum:Sanna Oliva har lært at vi skal ha "mat" når vi tar pause :)

Og vi gjekk og gjekk....

og vi kunne også springe fort!
Turfakta:
Solsidevegen ligg i Naustdal kommune. Vis a vis Coop-butikken i sentrum av Naustdal, tar du av til Liavegen som går bratt oppover Naustdalslia. Like før du kjem til gardane, går det ein veg inn mot høgre. Her startar (eller sluttar om du går motsett veg) Solsidevegen. Vegen er stengd med bom, men du kan parkere i nærleiken av bommen. Solsidevegen går inn mot gardane mot Hove og Reiakvam, og er ca. 5-6 km lang.


Det er også mogeleg å ta turen som ein rundtur med start frå Coop-butikken, gå opp Naustdalslia og heile Solsidevegen til endes, og deretter ta riksvegen frå Reiakvam attende til sentrum. Kart over denne løypa finn du her.




Førstemann tilbake til bilen...

2 kommentarer:

  1. Så kjekt, ser ut til at snuppa storkoser seg på tur. Mat må man ha også, viktig med kos ;) Hadde pølser på termos til Grytadalsbu, det er snadder for små mager, he-he!

    Flott turløype det der. Teller på knappene om jeg skal kjøpe bæremeis nå. Ser at det er turer uten vogn jeg har lyst å gå på med minsta også.. :)

    Flotte bilder, Liv Janne! Nå er det sol og sommer ute, bare nyyyt!

    SvarSlett
  2. Flott tur! Viktig å ha med mat til pausen, det synest både store og små:) Ser at du er flink til å ha med turfakta, det kjem godt med når eg skal prøve meg på turar som eg ikkje er så kjent med.

    Var flott på Eingsfjellet i dag. Og det hjalp så flott at sola kom fram akkurat i det eg gjekk opp:)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!