fredag 17. juni 2011

Bendik Matias sin første tur på Jonstadstølen!

Søndag 12. juni-11 var vi endeleg klar for at Bendik Matias skulle få sin første tur på Jonstadstølen. Det var litt småregn heile dagen, så vi var litt usikre på om vi skulle reise, men valte til slutt å satse på at værmeldingane for ein gongs skuld skulle stemme. Det var nemleg lovt fint vær utover søndagskvelden og måndagen. Så ca kl. 16.00 var vi klare for avgang i Reiakvamsløken, og etter ein liten time var vi framme ved stølen. Det tar litt tid når vi både skal bære barn og bagasje, og det i tillegg var ganske vått i stien.


Men vi kom oss tørrskodde fram, og vi fekk ein flott søndagskveld og ein fin måndag med 2. pinsedag og sol. Så vi kosa oss både inne og ute med ulike aktivitetar:

Bendik Matias var 7 mnd og 5 dagar gamal på sin første tur til stølen. Sanna Oliva derimot var berre 10 veker og 3 dagar første gongen – då vart ho rodd over vatnet i båt og så bar vi ho i bilstol siste del av stien. "Den skal tidleg krøkast, som god Jonstadstølsvandrar skal bli!" J
Om sjølve turen til Jonstadstølen, finn du i tidlegare blogginnlegg her og her.

2 kommentarer:

  1. Så herlig, hele gjengen på tur!! :D Det blir litt "styr" som må med, men det er vel verdt det. Ser ut til at minsten storkoste seg på "jomfruturen" til Jonstadstølen, he-he!! :P

    SvarSlett
  2. Så flott at alle kom seg på tur:) Du har ein flott blogg med mange turforslag. Eg har lest nedover og fått så mange tips og gode råd til kor eg kan gå no, så denne bloggen må eg rett og slett berre stjele ein link til:)

    Ha ein finfin kveld:)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!