torsdag 30. juni 2011

Solsidevegen i Naustdal

Forrige veke vart det to turar på Solsidevegen i Naustdal - ein sundagstur med familien og ein trilletur med ei god venninne. Solsidevegen eignar seg svært godt både til rusletur, trilletur, sykkeltur eller løpetur. Vegen er i utgangspunktet fri for biltrafikk, og den er derfor godt eigna til å la små barn gå, springe eller sykle fritt.


Flott utsikt mot Naustdal sentrum:Sanna Oliva har lært at vi skal ha "mat" når vi tar pause :)

Og vi gjekk og gjekk....

og vi kunne også springe fort!
Turfakta:
Solsidevegen ligg i Naustdal kommune. Vis a vis Coop-butikken i sentrum av Naustdal, tar du av til Liavegen som går bratt oppover Naustdalslia. Like før du kjem til gardane, går det ein veg inn mot høgre. Her startar (eller sluttar om du går motsett veg) Solsidevegen. Vegen er stengd med bom, men du kan parkere i nærleiken av bommen. Solsidevegen går inn mot gardane mot Hove og Reiakvam, og er ca. 5-6 km lang.


Det er også mogeleg å ta turen som ein rundtur med start frå Coop-butikken, gå opp Naustdalslia og heile Solsidevegen til endes, og deretter ta riksvegen frå Reiakvam attende til sentrum. Kart over denne løypa finn du her.




Førstemann tilbake til bilen...

fredag 17. juni 2011

Bendik Matias sin første tur på Jonstadstølen!

Søndag 12. juni-11 var vi endeleg klar for at Bendik Matias skulle få sin første tur på Jonstadstølen. Det var litt småregn heile dagen, så vi var litt usikre på om vi skulle reise, men valte til slutt å satse på at værmeldingane for ein gongs skuld skulle stemme. Det var nemleg lovt fint vær utover søndagskvelden og måndagen. Så ca kl. 16.00 var vi klare for avgang i Reiakvamsløken, og etter ein liten time var vi framme ved stølen. Det tar litt tid når vi både skal bære barn og bagasje, og det i tillegg var ganske vått i stien.


Men vi kom oss tørrskodde fram, og vi fekk ein flott søndagskveld og ein fin måndag med 2. pinsedag og sol. Så vi kosa oss både inne og ute med ulike aktivitetar:

Bendik Matias var 7 mnd og 5 dagar gamal på sin første tur til stølen. Sanna Oliva derimot var berre 10 veker og 3 dagar første gongen – då vart ho rodd over vatnet i båt og så bar vi ho i bilstol siste del av stien. "Den skal tidleg krøkast, som god Jonstadstølsvandrar skal bli!" J
Om sjølve turen til Jonstadstølen, finn du i tidlegare blogginnlegg her og her.

tirsdag 14. juni 2011

Barnas turlag Førde på trilletur til Hundsrasta 7/6

Bendik Matias på tur med Turboreven og farmor



I år, som i fjor, var Steffen Ben turleiar for trilletur til Hunsrasta i regi av Barnas Turlag og Førde helsestasjon. Eg har tidlegare skrive om denne trilleturen her. Dessverre hadde regnværet medført at det ikkje var så mange som dukka opp, men dei som var med, hadde ein fin tur. Les meir her:

Barnas turlag Førde på trilletur til Hundsrasta 7/6 - Indre Sunnfjord Turlag - Indre Sunnfjord Turlag

Opprinneleg skulle turen gått inn til Botnavatnet, men der ligg det enno for mykje snø. Men denne trilleturen vert i slutten av august, så det er mogeleg å hengje seg på då :)

onsdag 8. juni 2011

Trilletur Sundsdalen - Ullebuststølen - Kvanndalen


Flott utsikt på vegen til nokre av Sunnfjords vakraste fjell: Storehesten og Blegja. Framleis mykje snø på toppane!

Endeleg ein dag med litt smak av sommar - delvis skya med sol og temperaturar som nærma seg 20 grader:). Sidan vi ikkje har for mange av desse dagane for tida, fann eg ut at eg måtte nytt sjansen til å ta meg ein lang og flott tur med vesle Bendik Matias. Vi har brukt ein del bæresele den siste tida, men i dag ville eg heller prøve meg på ein trilletur, som både kunne vere ei god trimøkt, men som samtidig også var ein fjelltur. Då falt valet på Sundsdalen i Førde, og trille skogsvegen opp forbi Ullebuststølen og vidare til Kvanndalen og Hagestølen. Eg har trilla denne turen ein gong tidlegare.

Det er bomveg, så det er også mogeleg å køyre nesten heilt opp til Kvanndalen, men det blir jo ikkje den same trimmen av det. Men vegen har i alle fall god standard, så det er uproblematisk å trille heile vegen. Her får du brynt deg på nokre solide motbakkar, men det er også litt flatare parti innimellom, slik at du får høve til å hente igjen litt pust og krefter!


Ullebuststølen kan skimtast oppå haugen

Første stølen du passerer, er Ullebuststølen (etter ca. 25 minutt). Eit lite stykke etter denne stølen, går det ein skogsveg til høgre. Denne går til Masdalsstølen. Så om du ikkje orkar dei siste lange motbakkane opp til Kvanndalen, kan du gå inn til desse stølane i staden.

Ein stad midt på biletet, ligg Masdalsstølen:


Etter ein times effektiv gange er du framme i Kvanndalen (540 moh). Du kan også gå eit stykke vidare innover dalen heilt inn til Hagestølen, (620 moh), ca. 30 minutts gange. Eg var ikkje heilt inn dit i dag, men gjekk eit stykke innover. Kvanndalen.


Vel framme i Kvanndalen.

Kameraet var dessverre ikkje med på tur i dag, så bileta er tatt med min HTC Desire S

Turfakta:

På vegen mellom Førde og Moskog, tek du av til høgre ved skilt merka Sundsdalen. Ved Ullebust tek ein inn på bomveg som går til venstre. Eg parkerte her og trilla vidare. Men du kan gjerne køyre fram til bommen rett før Kvanndalsstølen. Derifrå er det slakk veg vidare som er lett og gå både med barnevogn og for små føter som skal på tur. Inn til Hagestølen er det 2,5 km.

Tur i Kvanndalen er også omtala i boka "Gå sjøl" av Jorunn Liv Kleiven, Selja Forlag (2009).



Telttur til Erdalsstølen med Barnas Turlag Førde



Frå laurdag 4. juni til søndag 5. juni var det overnattingstur med Barnas Turlag til Erdalsstølen. Steffen var ein av turleiarane på turen. Eg og Sanna Oliva var med opp på dagstur på laurdagen, og vi hadde ein kjempeflott tur! Og etter mange dagar med tungt regn, gjorde det godt å få nokre solstrålar på kroppen! Eg har tidlegare omtalt stølen i dette blogginnlegget.

Sidan det er skogsveg heile vegen opp, var det mogeleg å få køyrt bagasjen med telt, soveposar, liggeunderlag +++ heilt fram til stølen. Dette var ikkje vi klar over, så hadde vi visst det, hadde vi kanskje planlagt overnatting for fleire av oss. Men det byr seg nok fleire sjansar :) Dessutan hadde vi vesle Bendik Matias (7 mnd) som venta heime.

Bilete og omtale frå turen finn du på Indre Sunnfjord Turlag sine heimesider:
Telttur til Erdalsstølen med Barnas Turlag Førde 4. til 5. juni - Indre Sunnfjord Turlag - Indre Sunnfjord Turlag