onsdag 27. april 2011

Gapahuken på veg til Hornnesstølen




Som avslutning på påska 2011, tok eg meg ein liten trimtur til Gapahuken som er laga på Eventyrstien til Hornnesstølen. Den ligg ca. 300 moh, og har flott utsikt ned mot Førde sentrum og opp Halbrendslia. Når du har komt opp til Gapahuken, er du ca. halvvegs til Hornnesstølen som ligg 510 moh. "Eventyrstien" er både eventyrleg og bratt. Så bratt at du kjenner det godt i lårmuskulaturen, og eventyrleg i den forstand at det er lagt fantastisk godt til rette med trapper, tau og ikkje minst kvilebenker. Og det trengst gjerne på den bratte turen opp. Eg har ikkje heilt talet på kor mange benker det er, men ved Gapahuken står det eit skilt til 7. benken, så det er minst 7 i talet.


Går du på tur med nokon som har dårlegare kondisjon enn deg, kan du setje deg ned på "Ventebenken":



Er du på romantisk kveldstur med kjærasten/forloveden/ektefellen, så er de nesten forplikta til å ta ein pause på "Svermebenken:





På vegen oppover finn du også m.a. "Einebenken" og "Kubbeteberget". Tar du turen oppover i romjula, finn du små nissar gøymt her og der på stien! Vel framme ved Gapahuken, kan du skrive deg inn i boka som ligg der, tenne eit lys og rett og slett kose deg over utsikta før du startar på turen vidare - anten du går vidare oppover eller du vender nasen heimover, slik eg gjorde denne kvelden. Og for å illustrere at jula verkeleg varer heilt til påske, kosa eg meg med eit glas julerødvin då eg kom heim igjen!


Vel framme ved Gapahuken:



Slik finn du stien (henta frå boka "Gå sjølv" av Jorunn Kleiven, Selja Forlag):


På rv. 5 frå Førde mot Naustdal tek vi av mot Bergum like etter Klettatunellen. Ta til høgre i første kryss, og så til venstre opp til Solsvingen. Det er ei lita utkøyrsle på høgre sida, i svingen like før vi er ved enden av vegen. Vi kan også parkere ved mottakssenteret på Bergum og gå langs asfaltvegen opp til Solsvingen. Gå til enden av vegen, der stien startar med ei trapp i skogskanten.


Tidsbruk til Gapahuken: 20-25 min


Tidsbruk til Hornnesstølen: ca. 45 min ein veg

tirsdag 26. april 2011

Stein P. Aasheims tur til Svalbard - Artikkel - UT.no

Stein P. Aasheim deler minnene frå friluftslivsturane sine i to: frå tida før han fekk barn og frå tida etter at han fekk barn. Han seier at det å skildre gleda av å oppleve meistring og naturglede hos barn er utanfor hans formuleringsevne, og har følgjande utsagn:

"Den som ikke selv har barn, vil uansett ikke forstå. For den som har barn, er ord unødvendig".

Så sant som det er sagt! Det er umogeleg å samanlikne turane med og utan barn: utan barn, kan du nyte gleda over å nå nye, store turmål - men med barn, opplever du verkeleg turglede, sjølv om turmåla gjerne er små og korte!


Les meir her:
Stein P. Aasheims tur til Svalbard - Artikkel - UT.no