onsdag 23. februar 2011

Inga bomavgift for barnevogner :)

Må innrømme at det har vore noko slapt på turfronten både på før- og etterjulsvinteren. Før jul var det stort sett for kaldt å trille med ein liten nyfødd gut, og i januar var det mykje snø og slaps som gjorde det vanskeleg å kome seg fram med barnevogn. Men no har eg endeleg kome litt i siget igjen, og har den siste veka vore ute på daglege turar. Det har blitt mest turar i nærområdet og i relativt flatt terreng, men dei to siste dagane har eg tatt trilleturen frå avkøyrsla til Klopstad i Erdalen (ved Rv 5 mellom Førde og Naustdal) og opp forbi bossplassen i Hesjedalen og vidare inn mot Åsedalen. Og det skal seiast at 45 minutt i motbakke med barnevogn er god trening, både for kondisjon og for musklar i mage, rumpe og lår! Vegen frå bossplassen og over til Åsedalen, er privat veg og ein må derfor betale bomavgift for å køyre der. Men som de ser av biletet, så er det heldigvis ikkje bomavgift for barnevogner :)!

Denne gongen gjekk eg altså frå Rv 5 og opp til bossplassen/Klopstad, men eg har tidlegare skrive om trilletur frå Klopstad til Kleppstølen, klikk her. I tillegg har eg også skrive om trilletur i Åsedalen, klikk her.

Og no håpar eg at trilleforma og -lysta er kome såpass på plass, at eg held oppe motivasjonen til å ta trilleturar sjølv om det no er meldt mildvær og nedbør igjen.

onsdag 2. februar 2011

Blogganbefaling: Turbloggar

Som nynorskbrukar burde eg kanskje ikkje bruke ordet anbefaling...., men fann ut at bloggtilråding nok ville høyrast litt rart ut for mange. Eller kva seier de? Tar gjerne imot innspel på gode forslag!



Uansett; har funne to turbloggar som eg vil tilrå at de tar turen innom:



Den første er bloggen Fjellbarna om friluftslivet til familien Eidslott - familien frå boka "Fjellbarna", som eg har omtalt i desse innlegga.



Banner henta frå sida til Fjellbarna



Den andre bloggen heiter Vill Vest og er ein blogg om små og store eventyr på Vestlandet.


Banner henta frå sida til Vill Vest


Begge bloggane er ein inspirasjon til å ta både seg sjølv og barna sine med ut på tur! :)