tirsdag 18. januar 2011

Små kvardagsgleder :)

I forrige veke låg det ein pakke i posten adressert til Sanna Oliva, og med Fjaler helselag som avsender. Vi rekna først med at det var farmor som hadde tatt lodd på henne i samband med basar, lotteri e.l. Men der tok vi feil. I brevet som følgde med pakken, sto det:

Du har vunne premie for å ha gått folkestien frå Lammetunsvegen. Du har gått 24.03.10. Gratulerer!

Og premien var ei flott hovudlykt!
Kjekt at det var jenta vår som vann, og vi foreldre var vel minst like oppglødde for presangen som ho var :) - det er dette som er små kvardagsgleder!

Turen gjekk Sanna Oliva i lag med pappa og farmor då dei var på hytta på Kjøsneset nokre dagar. Eller gjekk og gjekk.... det rette er vel å seie at ho blei trilla, men med på turen var ho i alle fall. Lammetun og Korssund er flotte turområde for trilling med barnevogn, så det kan vi verkeleg tilrå. Prøvde å søkje på nettet etter litt informasjon om løypene, men det var dessverre lite å finne. I Korssundet er det også tilrettelagt ei Nordsjøløype. Meir om desse løypene, kan du lese her.

3 kommentarer:

  1. Kjekt å få ein slik premie, ja!
    Hytte på Kjøsneset? Det er jo rett over fjorden for meg:)
    Ha ei flott (tur)veke!

    SvarSlett
  2. Koselig å få slik premie..
    Ha en fin tur/veke..!!

    SvarSlett
  3. Så kjekt med premie da, gratulerer til vesle snuppa :)

    Takk for hilsen Liv Janne. Regner med at dere koser dere mye også. Så sant som du skriver - får ikke gjort halvparten av det man vil og dagene bare fyker :O Bare til å nyte og leve i nuet, he-he. Gleder meg til fjellturene kan begynne. Sliter ikke mer med bekkenløsning, så det virker lovende. Flott tur dere hadde i romjula da :D

    Kos dere masse!

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!