søndag 18. desember 2011

Juletrehogst i Jonstadlia


Julestemning - Winter Wonderland i Naustdal

Det har vore lite turaktivitet den siste tida - ustabilt vær, "mørketid" og travel førjulstid får ta litt av skulda, men utover det har vi lite unnskuldningar ;) Men i dag var dagen for å hente heim juletreet. Det hentar vi på slektsgarden til Steffen, Jonstad i Naustdal. Dersom det ikkje hadde vore særleg med snø, kunne vi henta treet på den lette måten - nemleg ved å køyre opp i Solsidevegen. Men det siste døgnet har snøen igjen lava ned her i Sunnfjord, så då måtte vi ta beina fatt i frå Jonstad og gå opp i Jonstadlia. Skogsvegen frå Jonstad kjem etterkvart også opp i Solsidevegen, så her er fleire alternative ruter å gå for småturar. Det er fleire som går her jamt og trutt på vinterstid, så du vil ofte finne eit nedtrakka spor å gå i sjølv om det er snø.

Regnvåt snø lava ned då vi skulle starte turen, og vi var noko usikre på om vi skulle leggje av garde med to småttisar i følgjet - ei på 2,5 år og ein liten småforkjøla kar på 13 månader. Men vi hadde kledd oss for tur - lag på lag med ull, fleece og vinterdressar, så vi fann ut at vi måtte nesten prøve til etter alt arbeidet med påkledning :). Med på turen var også svigerforeldra mine.




Utsikta frå rasteplassen vår - vi ser mot Kletten i Naustdal sentrum

Det er sjølvsagt atskilleg tyngre å gå i snø enn på berr mark, så det kjentest godt i beina på veg oppover. Men det var godt å kome seg ut, få rørt litt på kroppen og etterkvart vart det også opplett slik at vi kunne setje oss ned og kose oss med medbrakt niste og heimelaga glutenfrie pepparkaker:). 
Her kosar vi oss, ja :)
Og i det vi skulle ta beina fatt for å ta turen ned att, så dukka også sola fram. Juletrea gløymde vi å ta bilete av, så dei får vi heller vise når treet er pynta.

fredag 25. november 2011

Turskildring: Årnesholten (765 moh) i Gaular



Utsikt ned mot Eikeland, Nesavatnet og Skudalen. Klungeren er toppen midt i biletet.
I midten av oktober hadde vi fått i oppgåve å skrive turtips til avisa FIRDA. Valet falt på ein av mine kvardagsfavorittar - Årnesholten, som ligg ved min barndomsheim på Eikeland i Gaular. Vi fann fort ut at det er krevjande å skrive gode turskildringar, og når du endåtil har ei øvre ramme for tal ord du kan skrive, så må du velje dine ord med omhu. Men turtips vart det i alle fall, og her kjem vår skildring av korleis du kan gå turen:

På Sande tar du av til rv. 610 i retning Eldalsosen. Etter knappe 4 km, ta til høgre ved skilt merka Kirkeli og køyr ytterlegare to kilometer til gardane på Eikeland. På høgre sida av vegen ligg gardstunet Bakkane. Der startar turen; først på grasgrodd tømmerveg, som du følgjer til endes. Vidare går du på tydeleg sti langs høgre sida av elva oppover i sørleg retning mot høgdedraget vest for Årnesholten. Etter ein halvtimes gange kjem du til Eikelandsstølen.

Frå Eikelandstølen held stien fram i same retning opp mot brekka ovanfor stølen. Stien går på venstre sida av grova opp mot brekka, der terrenget flatar ut. Like etter deler stien seg i to. Går du rett fram, kjem du over til Senneset – men no skal du i staden følgje stien til venstre (søraust): Du går skrått oppover den skogkledde lia. Her er stien noko utydeleg, så ver ekstra merksam. Ein knapp kilometer etter at du forlot flata, kjem du til ei lita grov; der svingar stien til venstre i nordleg retning. Like etter vil du sjå to skard i himmelsjå, og du skal gå opp det venstre av desse.

Frå toppen av skardet er det ikkje lenger nokon sti å rette seg etter. Herfrå held du fram mot nordaust, og du ser no bort til toppen av Årnesholten. Etter å ha kryssa ei lita seld, går du det siste stykket opp til platået som fører deg bort til varden. Her har Gaular IL lagt ut bok. Turen opp tar om lag 1 1/2 time. Det er flott utsikt mot Storehesten og Blegja, Klungeren og Kjelstadnakken, fjella i ytre Nordfjord og austover langs Hestadfjorden og Viksdalsvatnet. Litt nord for varden kan du sjå ned på Eikelandsfossen og følgje Gaularvassdraget til Sande.
Årnesstølen og Skardsvatnet

Retur går via Årnesstølen og Horsevikstølen ved Skardsvatnet – ein kjempefin stad for overnatting i telt! Frå varden går du i søraustleg retning nedover, og du får raskt auge på stølane. Det er ingen sti, men du kan ta peiling på elva som renn ut frå vatnet, og følgje ei graskledd seld bratt ned mot vatnet. Her kjem du inn på tydeleg sti som går frå stølane og ned i Årneset. Stien kjem etter kvart inn på ein traktorveg, som du følgjer ned att til bilvegen. Tilbake til startpunktet på rundturen følgjer du bilvegen vestover, vel 2 km langs den idylliske Hestadfjorden og passerer den storslagne Eikelandsfossen.

Eikelandsfossen

fredag 18. november 2011

På ynskjelista til jul.....

Denne boka håpar vi å finne under juletreet i år :)! Vi har alle dei andre bøkene i Opptur- serien, og dei er flittig i bruk. Og i påvente av å få boka i eiga hylle, så har vi lånt eit eksemplar på biblioteket;). Vi har allereie merka av dei mest aktuelle turane.....ikkje så uventa, kanskje...he,he.  Og nokre av turane har vi allereie gått bl.a. Prest, Blåskavlen, Aurlandsdalen, samt Nåli og Jordalsnuten ved Stalheim hotell. Sistnemde topp gjekk eg på då eg var 7,5 mnd på veg med Bendik Matias, og i boka har denne turen fire støvlar og svart merke, dvs at det er ein krevjande tur tilrådd for erfarne fjellfolk....say no more!
(men kjenner meg ikkje igjen i at det var ein krevjande tur.... litt vanskeleg å finne stien einskilde plassar og det steig rett nok jamt og trutt oppover, men ingen spesielle krevjande parti.)

Så med denne boka på plass, og facinasjon for kombinasjonen fjord og fjell, er det stor fare for at området Nærøyfjorden får fleire vitjingar av oss!

Ullebuststølen

I går hadde vi oss enda ein trilletur til Masdalsstølen. " Varmt" og fint i sola, men rimfrost på marka i skuggepartia. Stille og fredeleg, og ingen menneske å sjå. Berre å nyte skogens ro - eit godt avbrekk frå travle dagar og nattevåk!
Rimfrost på marka
På veg attende, trilla eg opp til Ullebuststølen for å sjå korleis det ser ut der. Stølen ligg på opp på ein haug, så du går ikkje rett forbi den når du går skogsvegen. Men det var veg heilt opp til stølshusa, så ingen problem å ta vogna med.
Hestane og Blegja
Utsikt mot Hafstadfjellet og Masdalen

mandag 7. november 2011

Vår minste turkompis fyller 1 år i dag!


Bendik Matias på trilletur Bringeland - Djupedalen

Vår vesle gode og tålmodige Bendik Matias fyller 1 år i dag! Ein slik milepæl er alltid stor stas og dagen blei feira med stor familiebursdag i går.

Bendik'en har allereie blitt ein turvant gut, og her er eit utval ulike turar han har vore med på i sitt første leveår:

Trilleturar til "fjells":
  • Sundsdalen - Kvanndalen - Hagenstølen (Førde)
  • Sundsdalen - Masdalsstølen (Førde)
  • Reset - Hafstadsstølen - Langeland (Førde)
  • Bringeland - Djupedalen (Gaular)
  • Botnavatnet i Angedalen (Førde)
  • Gjesdalsstølen (Jølster + litt i bæresæle)
  • Hyvatnet og Hystølen (Naustdal)
  • Stehoggestølen
På tur i bæresæle:
  • Årsetstølen - Seljevollfjellet (Vevring i Naustdal)
  • Gapahuken på Eventyrstien til Hornnesstølen (Førde)
  • Fossengarden i Erdalen (Førde)
  • Lægjestølen (Førde)
  • Hafstadfjellet (Førde)
  • Kringlestølen - Mallasvikstølen - Steinkorsen (Naustdal)
  • Jonstadstølen (Naustdal)
  • Huksetstølen - Grimsetstølen (Naustdal)
  • Hetleeggja (Førde/Gaular)
  • Rakesætra (Loen i Stryn)
  • Vesterås - Løsta (Geiranger)
  • Storsæterfossen (Geiranger)
  • Erdalssætra/Storesætra (Oppstryn)
  • Fossestien: Torsnesstølen - Langestølen (Gaularfjellet)
  • Skarvedalsvatnet (Gaularfjellet)
  • Litjevatnet i Nordalsfjorden (Flora)

Med turglade foreldre som deler på permisjonen, blir han stadig vekk dratt med på trilleturar, så mange av turane har han "gått" fleire gonger. Alle turmåla er relativt overkommelege turmål med tanke på lengde og vanskegrad.

Vi brukar framleis bæresæle på han, dvs. at vi bærer han framme på magen. Det byrjar å kjennast no som han er 11-12 kg, men synast han verkar så liten i bæremeisa, så føler han har det betre i bæresælen.

Og held goværet fram slik det har vore siste veka, så blir det nok fleire turar på han i tida framover:) Håpar på ein mild vinter!


 

Frå turen Vesterås - Løsta i Geiranger i sommar


fredag 4. november 2011

Eit glimt av "fjellbiblioteket" vårt

Vi har litt bøker å velje i når vi skal planleggje turar. Ikkje rart vi får lyst på tur!:) Ha ei flott turhelg!

onsdag 2. november 2011

Trilletur til Hyvatnet (350 moh)


Hyvatnet
Inn i mellom regnværet, så har vi hatt nokre fine haustdagar! I dag var det ein av desse, og då er det berre å kome seg ut og nyte det. Turmålet i dag vart ikkje bestemt før etter at vi var komne i bilen, men det var eit godt val. Turen til Hyvatnet har eg berre gått ein gong før - så langt tilbake som i 2003, og eg har fleire gongar i det siste snakka om at vi må ta turen opp att dit med ungane. Det er ein flott, barnevenleg tur med relativt lite stigning og skogsveg heile vegen, og det er nydeleg fint når du kjem opp til vatnet og ser over til stølane på andre sida. På skiltet sto det Hystølen, på kartet er dei merka som Hamrestølen og Ullalandstølen. Frå Hyvatnet kan du også gå vidare over til Gloppen.

Turfakta:
På veg til Florø frå Naustdal, svingar du til høgre rett før Sunnfjordtunellen for å ta av til Nes. I Nyheimskrysset ved Horstad, svinger du også til høgre (skilta til Nes) og køyrer forbi Horstad skule. Like etter skulen, er det også eit kryss der du tar til høgre over brua, og så rett til venstre etter brua. Det er framleis skilta til Nes. Deretter køyrer du nokre kilometer til du kjem til Kalland og ser eit skilt som det står "Herstad" på. Der tar du av til venstre, køyrer over ei ny bru og svingar til venstre rett etter denne. Etter ein liten kilometer, ligg det eit bustadfelt på høgre sida. Køyr opp til toppen av bustadfeltet, og der startar skogsvegen til Hyvatnet. (Det er også mogeleg å starte på Hamre. Då tar du til høgre etter brua når du har svinga av til Herstad. Dei to skogsvegane møter kvarandre cirka midtvegs).

Lengde: 4,2 km ein veg frå Ullaland

Det er litt stigning i starten av vegen, og siste bakken før Hyvatnet, men elles er det relativt flatt/liten stigning store delar av ruta. Litt hompete veg einskilde stader, så det kan vere greitt med ei robust barnevogn, gjerne med lufthjul, men det er ingen problem å ta seg fram.

Då vi var der i 2003, var det berre skogsveg opp til vatnet, men no er det laga veg heilt fram til stølane i andre enden. Veldig kjekt for meg som kom med barnevogn, for då kunne vi ta turen heilt inn til stølane.

Stølshusa ved Hyvatnet:

Ein blid og tålmodig kar som er med tur :)

søndag 30. oktober 2011

Regnværstur til Masdalsstølen

Masdalsstølen
"Det er ikkje turen vi angrar på!" er det vi ofte konkluderer med når vi har vore ute og gått i guffent vær. I dag var det ikkje særleg fristande å bevege seg utandørs med regnet pøsande ned. Eg og lille Bendik Matias tok oss ein times trilletur rundt Førde sentrum og hadde tenkt å la det bli med det. Men min kjære mann hadde lyst på trimtur og vår vesle frøken på 2,5 år har godt av å lufte seg litt i løpet av dagen, så etter middag fann vi ut at vi alle saman skulle ut på tur. Planen var å gå tur i Sundsdalen - frå avkøyrsla til Kinna og opp til Masdalsgjerdet. Men plutseleg hadde vi køyrt eit stykke lenger, og var komen til Ullebust, der du kan ta av på bomvegen opp i Kvanndalen. Å trille og bære heilt opp dit ville bli for langt i dag, men eg foreslo at vi i staden kunne ta turen til Masdalsstølen som er noko kortare. Og vi så gjorde - eg trilla barnevogn og Steffen hadde bæremeis. Nokre sinte regnbyger fekk vi inni mellom, men av og til var det så opplett at hetta kunne takast av. Ungane var vel fornøgde - Bendik Matias kikka ut i luka på regntrekket på barnevogna, og Sanna Oliva sat i bæremeisa og sang "Dyrene i Afrika". Med godt regntøy var det faktisk deilig å vere ute :)

Og sjølv om det er litt kav og stress med å ta på regnklede, og ikkje minst ta av våte klede, så angra vi slett ikkje på at vi tok turen, nei!

Vi tok ikkje med kamera på tur, så det einaste biletet frå dagens tur vart tatt med mobil:

Ikkje spøk å gå på tur her.....;) men kan godt forstå bondens frustrasjon!
















Her er derimot nokre bilete frå ein tidlegare tur i sommar med meg og Bendik Matias. Då var det litt finare vær!:





Det er hengt ut tau som du kan halde deg i når du skal over elva

















Turfakta:

På vegen mellom Førde og Moskog, tek du av til høgre ved skilt merka Sundsdalen. Ved Ullebust tek ein inn på bomveg som går til venstre. Vi parkerte her og trilla innover dalen. Etter ca. 20 min passerer du Ullebuststølen, og like etter deler vegen seg i to - trill til høgre for å kome til Masdalsstølen. Vegen som svingar mot venstre går opp i Kvanndalen. Turen til Masdalsstølen tar ca. 35-40 minuttar ein veg.



tirsdag 25. oktober 2011

La utflukten bli målet

Etterkvart som det blir kaldare og mørkare, er det stadig større terskel for å kome seg ut på tur. Kanskje spesielt med små barn, som skal ha lag på lag med klede, og det tar si tid å kome seg ut dørene. Men frisk luft og daglys er desto viktigare no i mørketida, så det er berre å kome seg ut! Så i staden for å ha dei store turmåla som utgangspunkt, så la heller sjølve turen vere eit mål i seg sjølv - slik som dei oppmodar om i denne artikkelen:

La utflukten bli målet

Med ynskje om ein flott turhaust og - vinter!

søndag 2. oktober 2011

tirsdag 27. september 2011

Slik får du borna dine til å elske fjellturar!

Høyrast ikkje dette fantastisk ut for oss fjellinteresserte foreldre? Joda, eg har sjølvsagt store ambisjonar om at mine born skal bli glad i fjell og friluftsliv, slik at vi kan halde fram med slike aktivitetar også når borna blir større! Og eg trur at det at vi tar dei med på tur allereie i spebarnsalder, er med på å leggje eit godt grunnlag for at dei blir like glad i å gå på tur som mamma og pappa er.... "Men berre vent!", seier folk til meg då: "Dette går bra til dei blir 8-9 år gamle, men så kjem det nokre år der slike ting ikkje er så interessant lenger. Og så blomstrar interessa opp igjen når dei nærmar seg 20-åra". 

Den tid, den sorg! Om vi klarar å halde friluftsinteressa glødande i nokre gylne barneår, så får vi i alle fall gitt dei - og oss sjølve - nokre verdfulle og minnerike opplevingar den tida.  I mellomtida, tek eg gjerne imot nokre tips til korleis vi skal halde turgleda oppe!

Den Norske Turisforening (DNT) har følgjande turtips til oss som skal på tur med born: 

10 TURTIPS

Sørg for en god start: Pakk matpakke, gjør klar termoser og sekk før du kler på barnet. Forbered barna på turen kvelden før eller ved frokostbordet.

Selg inn turideen til barna: Vær entusiastisk og tro mot prosjektet. Bestem gjerne rammene for turen, men la barna være med å bestemme og planlegge litt.

Ta med sunn mat og drikke: Brød med pålegg, frukt, vann og varm drikke er det beste, men små premier som pastiller og sjokolade hjelper ekstra godt på humøret.

Fortell barna om dagens mål: Bestem om målet med turen er å være ute og leke eller å komme fram til et spesielt sted eller en topp. Barn liker forutsigbarhet.

Vær med på leken: Tull med barna. Prat sammen om smått og stort.

Gi ros: Sett ord på de positive turopplevelsene både på turen og etterpå. Skryt av barna mens andre hører det.

Barnevennlig tempo: La barna gå først og bestemme hvor fort dere skal gå. Det er mer motiverende å ligge i tet enn å halse etter i baktroppen.

Reisefølge: La gjerne barna ha med en venn på turen, da går det meste mye lettere.

Kle dere etter vær- og føreforhold: Vindtette og vanntette, bevegelsesvennlige klær er viktig. Det er bedre med flere tynne lag enn ett tykt.

Mestringsglede: Sørg for at barna lykkes på turen. Det vi mestrer, vil vi gjerne gjenta.

Kjelde: DNT

På Klikk.no finn du også ein artikkel om temaet.

Har DU nokre gode tips eller erfaringar, så del dei gjerne med oss i kommentarfeltet :)


lørdag 24. september 2011

Logg for (fjell)turar

Sidan 2000 har eg ført logg over fjellturane mine. Første året var det berre nokre få turar, men etter kvart har det blitt mange turar å halde styr på J. Loggen fungerer som ei god hugseliste, eg kan raskt gå attende og sjekke kor tid vi var på den og den turen, og ikkje minst er loggen nesten som ei slags dagbok. For saman med mange av turane, hugsar eg også andre detaljar om tida før og etter turen: "Å ja, det var den ferien då vi ar der…… den var den helga då….".
Og blir det spørsmål om korleis været var det året, kan eg t.d. gå attende og sjå at: "Jo, i oktober 2005 var det nokre helgar med strålande sol for då gjekk vi både på Lihesten og Storehesten to helgar etterkvarandre og kunne gå i shorts og bikinioverdel delar av turen". Samstundes hugsar eg at den dagen vi var på Lihesten, så var vi på Olav Stedje-konsert på Tønna i Bygstad same kveld. Eg dreiv nemleg og ringte og fekk tak i billettar undervegs på turen J.

Loggen har eg utvikla undervegs, men er svært enkel. Eg nummerer turane fortløpande utover året, set inn dato, kryssar av for om det er første gongen eg har gått denne turen, kvar turen gjekk, kven eg var saman med og eventuell særskilde ting/hendingar knytt til turen.

I tillegg har eg ein eigen post for særskilde småturar – turar som ikkje nødvendigvis er ein fjelltur, men som t.d. er ein god "oppoverbakke"-tur eller tilrettelagde stiar/turvegar.

Her er eit utdrag frå årets fjell-logg slik at du kan sjå korleis den ser ut:


Malen må du gjerne kopiere om du har lyst til å ta i bruk turlogg sjølv, eller eg kan gjerne sende den om du gir meg ein kommentar med epostadresse. Tar også gjerne imot tips til andre måtar å føre logg på! :)


mandag 19. september 2011

Skogsvegen i Bjørkeholten

Utsikt ned mot min barndomsheim på Eikeland (Sande i Gaular)

Med minsten plassert hos mormor og morfar
gjekk eg og Sanna Oliva oss ein trimtur på skogsvegen
i Bjørkeholten på Eikeland.
Ingen lang tur, ca. 15-20 minutt rask gange opp,
men med god stigning og vel 14 kg i bæremeis, så det kjennast likevel godt i låra!

Litt mat må til når vi er komen til "topps"!







Postkasse med bok er ein ekstra motivasjon for å ta turen


Utsikt mot Skudalen. Toppen du skimtar i midten er Klungeren.


lørdag 17. september 2011

Trimtur til Lægjestølen


Med mann på gutetur i Stølsheimen,
og dermed åleine med to små,
vert det smått med fjellturar!

I staden vart det nokre timar på leikeplassen i sola,
men med gode svigerforeldre som lagar middag
og stiller som barnevakt,
fekk eg meg ein liten fjelltur likevel :)

Raskt opp og raskt ned frå Lægjestølen er ein fin trimtur!
(og eg trur eg gjekk raskare enn eg har gjort nokon gong :))) )



Små hindringar på vegen, ser vi berre på som ei ekstra utfordring!
Ingen problem å gå tørrskodd over elva
Utsikt mot Viefjellet


Utsikt mot Hafstadfjellet

fredag 16. september 2011

Munkebu - DNT hytte i Lofoten

I siste nummer av "Fjell og Vidde" (nr. 5 - 2011)  er det reklamert for DNT-hytta "Munkebu":
"Hytta med det kanskje artigste navnet i DNT-katalogen ligger på Moskenesøya, nesten så langt som du kommer ut i havgapet i Lofoten. Et veldig hyggelig turmål i en kupert og spennende fjellverden full av spisse tinder. Munkebu er et godt valg for både toppturer og rolige vandringer i et av Norges ytterste hjørner."

Sommaren 2007 la vi ferien vår til delar av NordNorge, og hadde nesten 4 veker med stort sett sol og fint vær heile tida :) Det var utruleg flaks, då vi sjølvsagt hadde planar om mange fjellturar. Og slik vart det - både Helgelandskysten og Lofoten vart utforska med fleire flotte turmål - og Munkebu var eitt av desse. Ein nydeleg dag med sol og varme - så shorts og bikinioverdel var det rette turantrekket.

Hytta er ubetjent, og nøkkel kan du hente hos Sørvågen Handel mot framvising av DNT-medlemskort. Vi var berre på dagstur, og hadde såleis ikkje lånt med oss nøkkel. Men heldigvis for oss, så var det folk på hytta, så vi fekk anledning til å ta ein kikk.

Vi gjekk også vidare opp på Munken (510 moh) - ein 20 minutts gange frå hytta. Eit utruleg flott landskap! :
Hyttefakta:
Hytta har 15 sengeplassar, vedovn og gasskjøkken. Hugs å ta med sovepose eller lakenpose, samt tørke- og toalettpapir.

Adkomst:
Det er T-merka rute frå Sørvågen. Ruta byr på litt bratt stigning, men er tilgjengeleg for dei aller fleste.

Kart:
Vest-Lofoten 1: 50 000

Turtips:
Munkebu er eit strålande utgangspunkt for turar til øyas høgaste punkt, Hermanndalstinden (1027 moh). Vegen opp krev ikkje klatring, men er luftig på utsette stader.


Litt "kunst" finn du på vegen:
 Og ein steinsofa kan vere god å slappe av i: