onsdag 27. oktober 2010

Trilletur Åsedalen - Øybost ; ein forsmak på vinteren




Dei siste dagane har det vore full vinterstemning med masse snø, kuldegrader og sol. For ihuga skifans, har det vorte ein rekordtidleg start på skisesongen. For oss som likar best å gå til fots, og som dessutan kanskje ikkje akkurat bør gå på ski for tida, så er målet å finne turar der vi kan få kombinert følgjande: nyte sola, kome seg litt opp i høgda, mogelegheit for å trille med barnevogn trass i snøføre og gjerne litt motbakkar for litt ekstra treniningseffekt. Ein flott spasertur/trilletur som tilfredsstiller desse punkta, er å gå frå Hove bru i Naustdal og opp Åsedalen til Øybost (riksveg 511). Og dette vart turmålet vårt laurdag 23.10.10.

Vi brukte ca. ein times tid på veg opp - i roleg "høggravid" - tempo :) og samla stigning var på vel eit par hundre meter. Vi hadde sola med oss heile vegen, men det var rart å føle på så mykje vinterstemning og vite at vi framleis er i oktober....

Vi snudde i krysset der du kan køyre den private bomvegen over til bossplassen i Hesjedalen (Klopstad). Eg har tidlegare skrive om trilleturen frå Klopstad til Kleppstølen, så her hadde vi hatt mogelegheit til å gå over til Klopstad og ned til hovudvegen på Rv 5 i Erdalen, eller gått vidare innover mot Kleppstølen. Det hadde truleg vore for mykje snø til å trille barnevogn inn på Kleppstølen, og sidan vi kom i skuggen av sola, så valte vi å snu.

For å kome til Hove bru, tar du av til høgre frå riksveg 5 etter å ha passert Naustdal sentrum og rett før du køyrer inn i Sunnfjordtunnellen. Derifrå er det 1-2 km før du kjem til eit skilt der du kan ta av til høgre til Åsedalen. Parker ved brua.

Kartutsnitt frå www.ut.no med markering av start og sluttpunkt på turen (raudt merke)



Vinterstemning i oktober. Utsikt mot Heilevangsstaurane (Blegja) til venstre på det øvste biletet:

torsdag 21. oktober 2010

Reset - Hafstadstølen - Espelandsstølen


Hafstadstølen ved enden av Langelandsvatnet

I går starta dagen med sol og fint vær, og då var det fristande å nytte sjansen til å kome seg ut på tur. Sjølv om det er mykje som skal førebuast til babyen sin ankomst, er det likevel viktig å gjere heilt andre ting også. Med 13 dagar til termin, bør eg vere litt varsam med kor eg legg ut på tur, ikkje minst når eg skal gå åleine. Ein veit jo aldri kor tid ting kan skje - ei heller om harde aktivitetar kan påskynde prosessen.... Så valet falt på postvegen mellom Reset og Langeland. Der er det mobildekning heile vegen og ein kan faktisk også køyre bil på store delar av strekninga.

Turen er ein del av Den Trondhjemske Postvei som var den gamle postruta mellom Bergen og Trondheim. Det har vore lite informasjon om denne ruta på nettet til no, men i sommar sykla to karar heile denne ruta og blogga om turen. Ei av målsettingane med bloggen var nettopp å få lagt ut meir informasjon om ruta på nettet. Bloggen deira kan du lese her. Heile postvegen mellom Førde og Bringeland eignar seg også godt som trilletur, og totalt sett er turen på 8 km. Eg har tidlegare blogga om delar av denne turen - frå Langeland til Bringland. Den er også omtala som tur 15-07 for Gaular kommune i boka Opptur for Sogn og Fjordane.

Eg for min del starta turen ved Industriområdet ved Reset ved E 39 mellom Førde og Sande. På turen ser du bort til Halbrendsstølane, og du går forbi Prestestølen før du kjem til enden av Langelandsvatnet der Hafstadstølane ligg. Desse ser du svært godt frå vegen når du kjem køyrande på E 39 frå Sande til Førde. Turen dit tar ca. 30 min og har nokre motbakkar å bryne seg på. Vidare langs Langelandsvatnet er det lett terreng å gå i, og samla sett er turen å rekne som ein lett tur. Men med barnevogn eller med høggravid mage, så merkast det litt meir ;). Eg gjekk vidare langs vatnet til eg kom til Espelandsstølen og Furnesstølen, der eg valte å snu for denne gong. Det idelle hadde sjølvsagt vore å kunne blitt henta eller hatt ein bil ståande på Bringeland slik at ein kunne gå heile ruta, men det gjekk ikkje denne gongen. Men eg kosa meg i finværet, og fekk stort sett gå i mitt eige selskap. Møtte totalt sett 3 hundeluftarar og 1 joggar på turen.

Espelandsstølen Kartutsnitt frå ut.no der eg har markert med raud prikk start- og stopp-punkt

Og så eit par bilete av den høggravide magen på tur:)

tirsdag 19. oktober 2010

Boka "Fjellbarna"


Som eg skreiv i eit innlegg for ei stund sida, bestilte eg den nye boka "Fjellbarna" av Eivind Eidslott som blei lansert no i oktober. Den kom i posten for ei stund sida, og i helga las eg gjennom den. Boka er ei inspirasjonskjelde i forhold til å få barn med ut på tur, og viser kanskje først og fremst at det meste er mogeleg. Du blir presentert for ei rekkje ulike aktivitetar som alpint, rumpeakebrett, innandørs klatring, langrenn, teltturar, fotturar, sykkelturar, fisketurar osb. I tillegg er det fleire intervju med ulike "friluftsfamiliar". Alle dei flotte bileta i boka, gjer at du nesten kan leve deg inn i dei ulike aktivitetane.


Spesielt godt likte eg føreordet av Stein P. Aasheim. Han peikar på eit par ting som eg er heilt einig i, og eg tillèt meg å referere nokre utdrag av føreordet:


"Barn ingen hindring" heter det. Hvem i all verden har funnet på det uttrykket? Hvem har kommet på den tanken at barn er forbundet med hindringer og begrensninger? Barn lukker ikke dører. De åpner dem. Barn åpner dører som du ikke engang visste eksisterte. Barn gir voksne tilgang til en helt ny verden. Bare de får sjansen.


....Og så gjør Eivind en ting til: Han punkterer dette stadig gjentatte utsagnet: "Vi må bare vente til ungene blir litt større". Hørt den? For da husker de liksom bedre. Og det gjør de ganske sikkert. Jo lenger du venter, desto mer husker du. I mellomtiden går familien glipp av det ene eventyret etter det andre. Og etterpå vet verken de eller du om de hadde husket, for det er ingen opplevelser å huske."


Eg kunne ikkje vore meir einig, og spesielt det siste utsagnet har eg blitt møtt med. Det er fleire som, direkte eller indirekte, har ymta frampå at vi av og til kanskje er for aktive - at vi drar veslejenta vår med oss på for mange turar. Men tenk på alt vi hadde gått glipp av viss vi ikkje tok desse turane! Og ikkje minst, hadde veslejenta vår uttrykt stor grad av misnøye ved å bli dratt ut på tur, så hadde vi sjølvsagt ikkje gjort det. Tvert om, så kosar vi oss alle saman! Sjølv om ikkje Sanna Oliva sjølv vil huske desse turane, så har vi masse flotte bilete som vi kan sjå på og fortelje ho om det vi opplevde. Så "huskar" ho det likevel!


"Fjellbarna" er ei bok som du tar ut av bokhylla når du vil ha inspirasjon og motivasjon til å ta barna med på tur, og som du vil ha glede av å bla i mange, mange gonger!

lørdag 16. oktober 2010

Her skulle eg gjerne vore i helga...

I helga går den aller første fjellitteraturfestivalen av stabelen på Finse. Programmet er kjempespennande og eg skulle gjerne delteke på både fotokurs og skrivekurs. Men med 2 1/2 veke til termin, var det nok best å halde seg heime. Finse er ikkje akkurat den plassen du bør opphalde deg om du skal kome deg raskt på sjukehuset..... Men festivalen er utsolgt, og det lovar godt for at dette blir ein suksess som blir gjentatt fleire gonger - og dermed nye sjansar for å delta eit anna år :)

Ynskjer alle festivaldeltakarar ei flott og opplevelsesrik helg!

fredag 8. oktober 2010

Vinterstenging på Jonstadstølen

Fredag 1. oktober 2010 gjorde vi det som vi burde gjort enda oftare; nemleg å nytte haustdagane med flott sol til å ta ut avspasering og kome seg ut i naturen. Sidan det har blitt mindre tid på Jonstadstølen i sommar enn det vi hadde håpa på, så fann vi ut at vi skulle ta turen dit. Steffen reiste opp allereie torsdag ettermiddag, og gjekk den flotte turen frå Kringla i Naustdal via Kringlestølen, Mallasvikstølen, Steinkorsen, Boltestølen og til Jonstadstølen. Turen tar 2-3 timar alt etter form og tempo, men er ein fantastisk fin tur. Eg har m.a. tidlegare omtala Steinkorsen som ein av mine favorittkvardagsturar. Sjølv reiste eg opp fredag formiddag etter å ha levert Sanna Oliva i barnehagen. Eg gjekk den kortaste vegen, dvs. at eg køyrde bil til Reiakvamsstølane, og gjekk langs med Storevatnet og ut på stølen. Det er det meir eller mindre flatt terreng, så det er ein lett tur på ca. 40-45 minutt. I kartutsnittet nedanfor (henta frå http://www.ut.no/) har eg prøvd å tegne inn dei to rutene vi gjekk (klikk for større bilete): Vi brukar vanlegvis å vinterstenge stølen siste halvdel av oktober, men sidan det raskt nærmar seg termin, så fann vi ut at det kunne vere lurt å i alle fall gjere ein del klart for vinteren. Så i haustsola brukte vi tida på å få båten i naustet, dekke til utebordet og ha gluggene foran vindauga. Ellers så kosa vi oss ute i sola resten av dagen, og tida gjekk alt for fort til det var tid for å kome seg på heimreise for å hente vesla i barnehagen. Vi tok ikkje så mykje bilete denne dagen, men eg legg inn bilete frå tidlegare turar:

Sommaridyll med roing på Lona:

Selet vårt:

Kaffikos og boklesing i sola på benken utanfor selet:

Og slik ser det ut på stølen om vinteren:







tirsdag 5. oktober 2010

Det viktigaste er ikkje å kome først til topps....


Utsikt frå Hatlesetnipa i Florø (januar 2009)

Hafstadfjellet Opp er eit av mange nye motbakkeløp, og det blir stadig fleire av desse. På mange måtar synast eg det er positivt at slike løp dukkar opp, for det har medverka til at enda fleire har fått interessa for å gå på (fjell-) tur, og at ein del fjellturar blir gjort enda meir tilgjengeleg for publikum ved at rutene blir merka, stiane lagde betre til rette osb. Samtidig så blir det jo veldig fokus på at ein skal kome raskast mogeleg til toppen, og i alt jaget så gløymer ein kanskje å stoppe opp, ta ein pustepause frå kvardags mas og sut, og nyte den fantastiske naturen ein har rundt seg!

Fann dette diktet som er ein liten påminnar om at vi må roe ned tempoet.....

JEG PUSLÆR MEG FRAMOVER
Jeg puslær meg framover veien,
det er stritt, men jeg klarer’e vel,
og får jeg en stein neri sko’n min
så haltær jeg videre lell.

Jeg vi heller bli bakerst i flokken
og kallæs for puslete, sein,
enn å væra så hard under beina
at jeg ikke kan kjenne en stein.

Margareth Skjelbred
















På veg opp til Robba i Hyllestad - utsikt mot Lihesten (haust 2009)



Og derifrå går refleksjonane vidare til Magnus Bruheim sitt dikt om "Den annsame":

Han har ikkje stund til å stogge
og ikkje tid til å sjå.
Menneske han møter,
dei ansar han aldri på.

Mangt har han å rekkje over.
Det gjeld um å fara fort.
Mykje var det å gjera.
Det auka dess meir han fekk gjort.

Så lid det til endes med dagen.
Han står der, studd over stav
og spør: Kva har livet gjeve
og kvar har det vorte av?

Slik jaga han gjennom livet
utan å få det fatt
Ei glede sprang etter på vegen,
men nådde han aldri att.

Og med dette vil eg gje ei utfordring til alle om å kome seg ut i det flotte haustværet, og nyte ein lang (eller kort) og fredfull fjelltur!