mandag 1. november 2010

Medan eg venta...... gjekk eg meg ein tur på skogsvegen på Hornnes


Med sol og skikkeleg hauststemning denne første dagen i november, var det godt å få rørt litt på kroppen - og ikkje minst få gått litt i motbakkar i alle fall. Frå eg starta ved huset vårt og til eg var på toppen av skogsvegen, brukte eg ca. 30 minuttar, så det vart ein passeleg trimtur samla sett.

Det er merka DNT-sti som startar ved Hornnesvegen 83 (i Førde) og opp på fjellet Klumpen/Hornnesfjellet (585moh). Det er sti i starten, men så kjem ein inn på skogsvegen som startar lenger ute på Hornnes og går den til topps -før ein går vidare på sti igjen. Eg gjekk til toppen av skogsvegen og snudde der. Frå Klumpen kan du gå vidare ned til Hornnesstølen eller til Førdsnipa. Vi brukar ofte å ta rundturen der vi følgjer Eventyrstien til Hornnesstølen, går så opp på Klumpen, og ned att denne merka ruta. Her ser du eit kartutsnitt som viser den merka stien opp til Klumpen og rutene vidare til Hornnesstølen og Førdssnipa (henta frå http://www.ut.no/):

Utsikt mot Halbrendsnipa:


På toppen av skogsvegen med Fureviknipa i bakgrunnen

8 kommentarer:

  1. Hei Liv Janne.

    Jeg ser det er noen som er sprekere enn meg hvertfall! Og bra er det, hehe.

    Tusen takk for at du ville følge meg, og delta på giveawayen. Kjempekjekt :)

    Mvh Anja

    SvarSlett
  2. Runden som dere bruker å gå er kjempefin. Vi går som regel bare opp og ned ved Hornnesbøen.
    Litt tungt med bæremeis:-)
    Mvh Liv

    SvarSlett
  3. Så sprek du er - og så flotte bilder!

    Lykke til i Bambinokonkurransen min!

    Nå skal jeg ut å trille tur he i øsende regnvær! Men det er deilig det også!

    Klem

    SvarSlett
  4. Så sprek du er med den store magen! Tipper den lille i magen gleder seg til å komme ut og se på den fine naturen dere har rundt dere. Du har en kjempefin blogg - det må være mange i nærheten av deg som setter pris på å få turforslg i fleng! Takk for at du følger bloggen min - og du er den heldige vinner av en liten premie jeg har trukket ut blandt følgerne! Send meg adressen din, så kommer det post en dag!

    SvarSlett
  5. Flott turløype og flotte bilder! Du er nå jammen sprek òg på tampen av svangerskapet. Spreke dame i fin figur, he-he! :)

    SvarSlett
  6. Lykke til i BabyBjörn konkurransen min :)

    Klem

    SvarSlett
  7. Oioioi, så sprek du er! Utrolig bra at du la igjen et spor på bloggen min. Koselig at du vil være med på give awayen.

    Jeg trenger inspirasjon til å komme meg ut på tur:)

    Vi holder kontakten:)

    SvarSlett
  8. Skulle ha funne ei rute frå einestølen til espenipa og, Har behov for ein turveg naustdal-førde. Om nokon veit om ein veg opp dit, så har eg behov for kart.

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!