fredag 8. oktober 2010

Vinterstenging på Jonstadstølen

Fredag 1. oktober 2010 gjorde vi det som vi burde gjort enda oftare; nemleg å nytte haustdagane med flott sol til å ta ut avspasering og kome seg ut i naturen. Sidan det har blitt mindre tid på Jonstadstølen i sommar enn det vi hadde håpa på, så fann vi ut at vi skulle ta turen dit. Steffen reiste opp allereie torsdag ettermiddag, og gjekk den flotte turen frå Kringla i Naustdal via Kringlestølen, Mallasvikstølen, Steinkorsen, Boltestølen og til Jonstadstølen. Turen tar 2-3 timar alt etter form og tempo, men er ein fantastisk fin tur. Eg har m.a. tidlegare omtala Steinkorsen som ein av mine favorittkvardagsturar. Sjølv reiste eg opp fredag formiddag etter å ha levert Sanna Oliva i barnehagen. Eg gjekk den kortaste vegen, dvs. at eg køyrde bil til Reiakvamsstølane, og gjekk langs med Storevatnet og ut på stølen. Det er det meir eller mindre flatt terreng, så det er ein lett tur på ca. 40-45 minutt. I kartutsnittet nedanfor (henta frå http://www.ut.no/) har eg prøvd å tegne inn dei to rutene vi gjekk (klikk for større bilete): Vi brukar vanlegvis å vinterstenge stølen siste halvdel av oktober, men sidan det raskt nærmar seg termin, så fann vi ut at det kunne vere lurt å i alle fall gjere ein del klart for vinteren. Så i haustsola brukte vi tida på å få båten i naustet, dekke til utebordet og ha gluggene foran vindauga. Ellers så kosa vi oss ute i sola resten av dagen, og tida gjekk alt for fort til det var tid for å kome seg på heimreise for å hente vesla i barnehagen. Vi tok ikkje så mykje bilete denne dagen, men eg legg inn bilete frå tidlegare turar:

Sommaridyll med roing på Lona:

Selet vårt:

Kaffikos og boklesing i sola på benken utanfor selet:

Og slik ser det ut på stølen om vinteren:







1 kommentar:

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!