tirsdag 5. oktober 2010

Det viktigaste er ikkje å kome først til topps....


Utsikt frå Hatlesetnipa i Florø (januar 2009)

Hafstadfjellet Opp er eit av mange nye motbakkeløp, og det blir stadig fleire av desse. På mange måtar synast eg det er positivt at slike løp dukkar opp, for det har medverka til at enda fleire har fått interessa for å gå på (fjell-) tur, og at ein del fjellturar blir gjort enda meir tilgjengeleg for publikum ved at rutene blir merka, stiane lagde betre til rette osb. Samtidig så blir det jo veldig fokus på at ein skal kome raskast mogeleg til toppen, og i alt jaget så gløymer ein kanskje å stoppe opp, ta ein pustepause frå kvardags mas og sut, og nyte den fantastiske naturen ein har rundt seg!

Fann dette diktet som er ein liten påminnar om at vi må roe ned tempoet.....

JEG PUSLÆR MEG FRAMOVER
Jeg puslær meg framover veien,
det er stritt, men jeg klarer’e vel,
og får jeg en stein neri sko’n min
så haltær jeg videre lell.

Jeg vi heller bli bakerst i flokken
og kallæs for puslete, sein,
enn å væra så hard under beina
at jeg ikke kan kjenne en stein.

Margareth Skjelbred
















På veg opp til Robba i Hyllestad - utsikt mot Lihesten (haust 2009)



Og derifrå går refleksjonane vidare til Magnus Bruheim sitt dikt om "Den annsame":

Han har ikkje stund til å stogge
og ikkje tid til å sjå.
Menneske han møter,
dei ansar han aldri på.

Mangt har han å rekkje over.
Det gjeld um å fara fort.
Mykje var det å gjera.
Det auka dess meir han fekk gjort.

Så lid det til endes med dagen.
Han står der, studd over stav
og spør: Kva har livet gjeve
og kvar har det vorte av?

Slik jaga han gjennom livet
utan å få det fatt
Ei glede sprang etter på vegen,
men nådde han aldri att.

Og med dette vil eg gje ei utfordring til alle om å kome seg ut i det flotte haustværet, og nyte ein lang (eller kort) og fredfull fjelltur!




2 kommentarer:

  1. Heisann Liv Janne! Så sant som det er sagt. Det er stadig flere som søker seg til fjells på tur, men fokus blir ofte på hvor fort de klarer å gå turene.. Man må ikke glemme å bare kunne suge inn inntrykkene underveis, ta bilder, bare nyte og å være ute i naturen :)

    Lykke til fremover. Forresten - med den overskriften trodde jeg at du hadde vært på en lengre fjelltur og med tanke på magen.. :P

    Ha en fin torsdag!
    Eli Kristin

    SvarSlett
  2. Lykke til - til deg også, Eli Kristin! Er vel ikkje mange dagane igjen no :). Ellers så har eg nok lagt planar for nokre nye turmål i helga sidan værmeldingane er så bra - og det kjem nok til å gå i "straks fødeklar"-tempo.... skal prøve å blogge turane om dei blir noko av :)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!