mandag 27. september 2010

Tunvall på Sande

Søndag 26.09.10 utforska vi ein liten trimtur som eg lenge har tenkt eg skulle prøve ut. Turen gir nemleg poeng i Gaular IL sin fjelltrim, og eg var litt nysgjerrig på kva tur dette var. Turen er ein del av den gamle vegen frå Sande til Førde, og vart lagt ned rundt 1900.

Turen startar ca. 1 km nordvest for Sande sentrum i retning Førde. I starten er det god grusveg, og eg var interessert i å sjekke ut trilleturfaktoren. Men den gode grusvegen gjekk berre fram til nokre kraftlinjer eit par hundre meter lenger framme. Deretter vart vegen godt graskledd, men eg tenkte at vi går no så langt vi kjem. Eit lite stykke etter, kom vi til eit skilt der det sto at det berre var 0,7 km til målet, men ikkje lenge etter måtte vi parkere barnevogna. Så dessverre kan ikkje dette tilråast som noko trilletur.

Men fram til målet ville vi, og Sanna Oliva fekk prøve seg på å gå sjølv eit godt stykke av vegen, men inni mellom fekk ho lov til å kome opp i armane til mamma for å kvile seg litt. Vi tok oss fram til målet, og fann gamle restar av ein husmannsplass som tilhøyrde garden Sande. Husmannsplassen vart lagt ned rundt 1930.

Inni ein av murane, fann vi fjelltrim-boka der vi kunne skrive oss inn. Turen gir oss 2 poeng i Gaular IL sin fjelltrim.

Ein veldig lett tur på ca. 1,5 km èin veg, og eignar seg godt dersom små barn skal lære seg til å gå i litt ulendt terreng, og vel framme er det ein fin plass å tenne bål for å grille pølser, lage pinnebrød eller anna. Vi kunne også gått vidare på vegen, og etter 1 km ville vi, i følgje skiltet, komt attende på E 39 i retning Myrmel:




Eit kartutsnitt frå http://www.ut.no/ som viser turområdet:

lørdag 25. september 2010

Postvegen Langeland - Bringeland

I strålande haustvær har Steffen reist på misunnelsesverdig topptur til Gjengen. Så vi jentene måtte finne på noko anna. Med 5 veker til termin, begrensar det seg litt, men ein trilletur på postvegen mellom Langeland og Bringeland var absolutt overkomeleg. Vi starta ved skihytta på Langeland. Distansen er 2-3 km, og vegen har god trillestandard. I roleg tempo brukar du ca 50 minutt t/r. Det var deilig å vere ute og nyte sola i fredelege omgjevnader. Storehesten og Lisjehesten kneisa flott mot oss på turen. Og Sanna Oliva fekk sjå både helikopter, småfly og Wideroefly som nett hadde tatt av frå Bringeland.

Nytt sidan sist vi gjekk der, er at det no er merka DNT-sti frå Langeland til DNT-hytta Massbu på Laukeland. 22 km er distansen, og den turen må prøvast ut ein gong.

Skiltet på biltetet over viser det framleis er 20 km å gå til Massbu, 2 km tilbake til Langeland og 1 km fram til Bringeland.

På turen er det skilt merka med stadnamna du går forbi. Her er vi ved Bringelandsbrua:

tirsdag 21. september 2010

Turen der BH-en kan ryke på veien

Må berre linke til denne artige artikkelen frå bt.no: Turen der BH-en kan ryke på veien. Det er mykje som kan gje inspirasjon til å gå på fjelltur, og dette er i alle fall ikkje med på å gjere turen kjedelegare! Svinningen er no ført opp som eit aktuelt turmål om vi skulle ferdast i dette området.

torsdag 16. september 2010

Ny bok til fjellbiblioteket vårt





















På nettsida http://www.utemagasinet.no/ kom eg over ei ny bok som skal lanserast under fjelllitteraturfestivalen i midten av oktober. Den heiter "Fjellbarna" og er skriven av Eivind Eidslott, og skal vere ei inspirasjonskjelde for alle familier som ynskjer å drive eit aktivt friluftsliv: "Livet etter du har fått barn handar om livet MED barn. Belønningen er magiske øyeblikk".

Siden boka ikkje er utgjeven enno, så er det jo vanskeleg å vite kor god/dårleg den er. Men tittelen og innhaldet er midt i blinken for oss nett no, så derfor vart boka bestilt :) Må innrømme at terskelen vår for å bestille nye, spanande fjellbøker er svært låg, og det er ikkje alltid vi greier å vente til jul/bursdag med "å få". Fjellbøker er også ofte det som vi kjøper med oss heim som ein liten "souvenir" når vi er på turar.



Prisen på "Fjellbarna" er 349,-, men bestiller du før 1. oktober, så får du den til 299,-. Ta ein kikk på boka her. (biletet over er kopiert frå denne sida).