fredag 16. juli 2010

Kolgrovheia (497 moh) i Hyllestad

På biletet over ser du varden på Kolgrovheia med Lihesten rett i mot!

10.04.10 var vi på ein fantastisk flott tur til Kolgrovheia i Hyllestad. Inspirasjon til turen fann vi i Opptur-boka for Sogn og Fjordane. Det var framleis ein del snø på fjelltoppane, så målet var å finne ein fjelltopp som ikkje var altfor høg og dermed utan snø, og som samtidig var ein spanande tur. Med sine 497 moh, vart Kolgrovheia valet og det var definitivt ikkje noko dumt val!

Vi starta turen på skogsveg rett forbi Kvernsteinparken i Hyllestad. Ta av til høgre på første veg etter Kvernsteinparken når du kjem frå Hyllestad sentrum - der står skilt merka "Kolgrov". Ca. 50 meter etter avkøyrsla startar skogsvegen, som etterkvart går over til ein stort sett tydeleg og delvis merka sti. Terrenget er ganske fint, men litt kronglete. Ein del berg, gjorde at det lønte seg å følgje med på merkinga, slik at ein ikkje kom utanfor stien. På starten av turen var den merka med slike flotte merke:

Det er også mogeleg å starte turen frå bakketoppen på Kolgrovvegen. Denne er ikkje så godt merka, men er noko lettare å gå.

Etter ca. 1 1/2 - 2 timar er du på toppen alt etter kor mange pausar du tar på vegen. Utsikta er fantastisk heile vegen, så det er viktig å ta seg nokre stopp og berre NYYYTE!

Når du er på toppen, så får du ei flott utsikt over Sognefjorden. Du ser fleire toppar bl.a. rett mot Lihestplatået, Rossvikheia, Torgeirsletta m.v.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!