fredag 16. juli 2010

Kolgrovheia (497 moh) i Hyllestad

På biletet over ser du varden på Kolgrovheia med Lihesten rett i mot!

10.04.10 var vi på ein fantastisk flott tur til Kolgrovheia i Hyllestad. Inspirasjon til turen fann vi i Opptur-boka for Sogn og Fjordane. Det var framleis ein del snø på fjelltoppane, så målet var å finne ein fjelltopp som ikkje var altfor høg og dermed utan snø, og som samtidig var ein spanande tur. Med sine 497 moh, vart Kolgrovheia valet og det var definitivt ikkje noko dumt val!

Vi starta turen på skogsveg rett forbi Kvernsteinparken i Hyllestad. Ta av til høgre på første veg etter Kvernsteinparken når du kjem frå Hyllestad sentrum - der står skilt merka "Kolgrov". Ca. 50 meter etter avkøyrsla startar skogsvegen, som etterkvart går over til ein stort sett tydeleg og delvis merka sti. Terrenget er ganske fint, men litt kronglete. Ein del berg, gjorde at det lønte seg å følgje med på merkinga, slik at ein ikkje kom utanfor stien. På starten av turen var den merka med slike flotte merke:

Det er også mogeleg å starte turen frå bakketoppen på Kolgrovvegen. Denne er ikkje så godt merka, men er noko lettare å gå.

Etter ca. 1 1/2 - 2 timar er du på toppen alt etter kor mange pausar du tar på vegen. Utsikta er fantastisk heile vegen, så det er viktig å ta seg nokre stopp og berre NYYYTE!

Når du er på toppen, så får du ei flott utsikt over Sognefjorden. Du ser fleire toppar bl.a. rett mot Lihestplatået, Rossvikheia, Torgeirsletta m.v.

fredag 9. juli 2010

Ettermiddagstur til Kusslistølen og Gravevatnet

Med sommarens vær, så gjeld det å utnytte dei sjansane ein har til å kome seg på tur! Og det gjorde vi torsdag ettermiddag 08.07.10. Turen gjekk då til Førde kommune si drikkevasskjelde - Gravvevatnet (også kalla Gravvatnet utan e) på 602 moh.

For å kome dit køyrer du i retning Jølster frå Førde sentrum og etter nokre kilometer, tar du av til høgre ved skilt merka Sundsdalen 7 km. Etter litt stigning, kjem du til eit skilt merka Kinna, og svingar til venstre der. Til slutt køyrer du heilt til neste skilt kor det står Byrkjeflot 1 km. Der køyrer du vegen til endes, forbi siste garden og parkerer der vegen sluttar.

Fin og god sti innover, så det er ikkje vanskeleg å finne fram. Litt bløtt i stien i starten, så fjellsko er å tilrå. Totalt ikkje meir enn ca. 200 meters stigning, så det er ein lett og grei tur. På vegen innover passer du Kusslistølen:

Etter Kusslistølen kjem det meste av stigninga, men du stig raskt oppover og etter 15-20 minutt er du framme ved Gravvevatnet. I roleg gangtempo tar heile turen ca. 1 time ein veg, og det er ein fin tur å gå med barn.

Gravvatnet med flotte Svarteknibba i bakgrunnen (står som turmål i Opptur Sogn og Fjordane - Gaular kommune):

Ikkje alle hytter er like fine.... denne hytta har visstnok stått på den gamle campingplassen i Viskedalen tidlegare, men blir ikkje tatt så godt i vare på no:

Eit synleg bevis på at vi var på rett plass: