søndag 9. mai 2010

Gle deg til nytt Turmagasin! - Sogn og Fjordane Turlag - Sogn og Fjordane Turlag




Sanna Oliva i turmagasinet for å ha besøkt 5 DNT-hytter. Må jo vere lov å skryte litt også... ;) Turmagasinet vert distribuert til alle husstandar i Sogn og Fjordane, og kan også hentast på turlaget sitt kontor i Førde.

På tur på Folkestiar i Stavanger

1. mai helga tilbrakte vi i Stavanger. Sola skinte frå nesten skyfri himmel, men det var sterk og kald vind. Det var derfor ikkje så aktuelt å ta turar med bæremeisa, og trilleturar var då alternativet. Ei flott brosjyre reklamerte for Folkestiane i Stavanger. Ein folkesti er ei turløype der kvar km er markert med kilometerskilt. Ideen om Folkestier kjem frå Irland, som eit tiltak for å forebyggje utbreiinga av hjarte- og karsjukdomar ved å leggje til rette for at folk kan utøve fysisk aktivitet. I Stavanger har dei heile 7 Folkestiar, og lengda varierer mellom 3-5 km. I løpet av helga rakk vi å gå på 3 av desse.

Første turen gjekk til Kværnevik i Madla bydel. Den merka stien er 4 km lang. På vegen får du fritt og flott utsyn mot havet. Du går m.a. forbi ei Jettegryte, og på Smiodden er det historiske minnesmerker frå fortid og nåtid. Her ser du også "Brutt lenke" som er eit monument til minne om Kiellandulykka 27.mars 1980. I tillegg er det ei minnetavle med namna til alle som omkom:
Seinare same dag, gjekk vi i Sørmarka nord der du går i området rundt Ullandhaugtårnet. Det er absolutt å tilrå å ta turen opp til Ullandhaugtårnet (135 moh) der du får flott utsikt over Stavanger. Denne løypa er 3 km, og på vegen går du også forbi ein botanisk hage. Vi var nok for tidleg på året til å sjå den store blomstringa der enno - men kan nok sjå føre meg at det er eit flott skue litt seinare på våren/sommaren.
Før avreise søndag, vart det ein tur rundt Mosvatnet og Vålandsskogen Folkesti. Dette er kanskje det mest nytta turområdet i Stavanger. Det var mange som hadde tatt turen hit i flott solskinn, sjølv om vinden framleis gjorde det litt surt kaldt. Denne løypa er 4 km lang og rundt vatnet er det eit rikt fugleliv og mange benkar kor du kan setje deg ned. Du passerer også Rogaland kunstmuseum på vegen. Ved Mosvatnet finn du også det berømte smokketreet - treet der småborna heng igjen smokkane sine når dei skal slutte med "tutten". For eit par månader var det ei dame som fjerna alle smokkane fordi ho meinte at treet ikkje fekk puste på grunn av dei..... ho fekk kraftig motbør for dette, og heldigvis såg det ut til at dei fleste smokkane var komt på igjen. Det var i alle fall mange av dei! Det er enno for tidleg for Sanna Oliva å gje slepp på smokken, men vi måtte jo sjølvsagt forevige oss foran treet:
Oversikt over Folkestiar i Noreg:
Om du ynskjer å lese meir om turar i Stavanger og området rundt, så har Stavanger Turistforening gjeve ut ei bok som heiter "Turistforeningens 125 utvalgte turer".