tirsdag 27. april 2010

På tur med bæremeis

Vinteren har vart både vel og lenge i år, men innimellom har det vore solgløtt og litt varme og vi har endeleg fått tatt i bruk bæremeis til vesla vår. Vi prøvde den ut i påska, med ein forsiktig start på skogsvegen i Bjørkeholten heime på Eikeland. Det gjekk veldig bra, og ho såg ut til å kose seg i bæremeisa. Seinare i påska var vi i ytre Dalsfjorden, og gjekk tur på Bygdeheia og Einingsfjellet, og vel tilbake i Førde var vi på Hornnesstølen 2. påskedag. Seinare har det blitt turar til Kolgrovheia i Hyllestad - ein fantastisk flott tur som eg skal skrive meir om seinare, og Vardeheia i Fjaler. Så vi er absolutt i gang med fjellsesongen der det i år blir mykje bæring i bæremeis, og vi håpar det snart blir skikkeleg vår og varme, så vi kan ta fleire turar.

Skal oppdatere dykk på turane våre når ting får roa seg litt jobbmessig, men fann ein flott artikkel på ut.no om bæring i bæremeis, som eg tenkte eg ville dele med dykk: http://ut.no/artikkel/1.6685061



Her er eit bilete frå tur til Einingsfjellet ytterst i Dalsfjorden (v/Grytøyra) hausten -09 og medan vi framleis bar Sanna Oliva i bæresæle. Flotte Alden i bakgrunnen: