fredag 17. desember 2010

Ei lita oppdatering med ynskje om ei God Jul!

Då kjem det omsider ei lita oppdatering frå denne fronten! :)

Den 7. november vart vesle Bendik Matias fødd - ein fin gut på 3950 g og 52 cm. Etter dette har tida gått frykteleg fort - og vi har, som så mange andre, i tillegg vore plaga med typiske vintersjukdomar både hos store og små. Så det har ikkje blitt mykje tid verken til blogging eller nettsurfing. Men no kryssar vi fingrane for at det går mot rolegare tider.

Med november kom også kulda uforskamma tidleg denne vinteren, så det har blitt smått med trilleturar. Når temperaturmålaren viser ned mot - 10 C, så har eg ikkje lyst til å ta ein nyfødd baby ut på tur. Så håpar at nyåret bringer med seg litt mildare vær, og dermed nye turar vi kan blogge om.

Eg fekk meg ein fin tur på Lægestølen i Førde eit par veker etter fødselen. Turen kan ein starte frå Solvang eller Grovene, og vil ein gå enda lenger, hamnar ein til slutt på Førdsnipa. Tur på Lægestølen er ein tur som det har blitt tradisjon for oss å gå i romjula eller ein av dei første dagane på nyåret. Stort sett går det greitt å gå her nesten heile året om det ikkje er kome altfor mykje snø. Og eg håpar sjølvsagt at vi held tradisjonen ved like også denne jula, så denne turen blir kanskje neste blogginnlegg? :) (og eg skal då kome med meir informasjon om startpunkt, tidsbruk m.v).

Enn så lenge, så ynskjer eg dykk alle ei riktig god jul!

Og vil de ta ein nærare kikk på gullungane mine, kan de lese ein artikkel om "babylukka" på heimesida til radioamatørgruppa i Florø, http://www.la1f.net/.

mandag 1. november 2010

Medan eg venta...... gjekk eg meg ein tur på skogsvegen på Hornnes


Med sol og skikkeleg hauststemning denne første dagen i november, var det godt å få rørt litt på kroppen - og ikkje minst få gått litt i motbakkar i alle fall. Frå eg starta ved huset vårt og til eg var på toppen av skogsvegen, brukte eg ca. 30 minuttar, så det vart ein passeleg trimtur samla sett.

Det er merka DNT-sti som startar ved Hornnesvegen 83 (i Førde) og opp på fjellet Klumpen/Hornnesfjellet (585moh). Det er sti i starten, men så kjem ein inn på skogsvegen som startar lenger ute på Hornnes og går den til topps -før ein går vidare på sti igjen. Eg gjekk til toppen av skogsvegen og snudde der. Frå Klumpen kan du gå vidare ned til Hornnesstølen eller til Førdsnipa. Vi brukar ofte å ta rundturen der vi følgjer Eventyrstien til Hornnesstølen, går så opp på Klumpen, og ned att denne merka ruta. Her ser du eit kartutsnitt som viser den merka stien opp til Klumpen og rutene vidare til Hornnesstølen og Førdssnipa (henta frå http://www.ut.no/):

Utsikt mot Halbrendsnipa:


På toppen av skogsvegen med Fureviknipa i bakgrunnen

onsdag 27. oktober 2010

Trilletur Åsedalen - Øybost ; ein forsmak på vinteren




Dei siste dagane har det vore full vinterstemning med masse snø, kuldegrader og sol. For ihuga skifans, har det vorte ein rekordtidleg start på skisesongen. For oss som likar best å gå til fots, og som dessutan kanskje ikkje akkurat bør gå på ski for tida, så er målet å finne turar der vi kan få kombinert følgjande: nyte sola, kome seg litt opp i høgda, mogelegheit for å trille med barnevogn trass i snøføre og gjerne litt motbakkar for litt ekstra treniningseffekt. Ein flott spasertur/trilletur som tilfredsstiller desse punkta, er å gå frå Hove bru i Naustdal og opp Åsedalen til Øybost (riksveg 511). Og dette vart turmålet vårt laurdag 23.10.10.

Vi brukte ca. ein times tid på veg opp - i roleg "høggravid" - tempo :) og samla stigning var på vel eit par hundre meter. Vi hadde sola med oss heile vegen, men det var rart å føle på så mykje vinterstemning og vite at vi framleis er i oktober....

Vi snudde i krysset der du kan køyre den private bomvegen over til bossplassen i Hesjedalen (Klopstad). Eg har tidlegare skrive om trilleturen frå Klopstad til Kleppstølen, så her hadde vi hatt mogelegheit til å gå over til Klopstad og ned til hovudvegen på Rv 5 i Erdalen, eller gått vidare innover mot Kleppstølen. Det hadde truleg vore for mykje snø til å trille barnevogn inn på Kleppstølen, og sidan vi kom i skuggen av sola, så valte vi å snu.

For å kome til Hove bru, tar du av til høgre frå riksveg 5 etter å ha passert Naustdal sentrum og rett før du køyrer inn i Sunnfjordtunnellen. Derifrå er det 1-2 km før du kjem til eit skilt der du kan ta av til høgre til Åsedalen. Parker ved brua.

Kartutsnitt frå www.ut.no med markering av start og sluttpunkt på turen (raudt merke)



Vinterstemning i oktober. Utsikt mot Heilevangsstaurane (Blegja) til venstre på det øvste biletet:

torsdag 21. oktober 2010

Reset - Hafstadstølen - Espelandsstølen


Hafstadstølen ved enden av Langelandsvatnet

I går starta dagen med sol og fint vær, og då var det fristande å nytte sjansen til å kome seg ut på tur. Sjølv om det er mykje som skal førebuast til babyen sin ankomst, er det likevel viktig å gjere heilt andre ting også. Med 13 dagar til termin, bør eg vere litt varsam med kor eg legg ut på tur, ikkje minst når eg skal gå åleine. Ein veit jo aldri kor tid ting kan skje - ei heller om harde aktivitetar kan påskynde prosessen.... Så valet falt på postvegen mellom Reset og Langeland. Der er det mobildekning heile vegen og ein kan faktisk også køyre bil på store delar av strekninga.

Turen er ein del av Den Trondhjemske Postvei som var den gamle postruta mellom Bergen og Trondheim. Det har vore lite informasjon om denne ruta på nettet til no, men i sommar sykla to karar heile denne ruta og blogga om turen. Ei av målsettingane med bloggen var nettopp å få lagt ut meir informasjon om ruta på nettet. Bloggen deira kan du lese her. Heile postvegen mellom Førde og Bringeland eignar seg også godt som trilletur, og totalt sett er turen på 8 km. Eg har tidlegare blogga om delar av denne turen - frå Langeland til Bringland. Den er også omtala som tur 15-07 for Gaular kommune i boka Opptur for Sogn og Fjordane.

Eg for min del starta turen ved Industriområdet ved Reset ved E 39 mellom Førde og Sande. På turen ser du bort til Halbrendsstølane, og du går forbi Prestestølen før du kjem til enden av Langelandsvatnet der Hafstadstølane ligg. Desse ser du svært godt frå vegen når du kjem køyrande på E 39 frå Sande til Førde. Turen dit tar ca. 30 min og har nokre motbakkar å bryne seg på. Vidare langs Langelandsvatnet er det lett terreng å gå i, og samla sett er turen å rekne som ein lett tur. Men med barnevogn eller med høggravid mage, så merkast det litt meir ;). Eg gjekk vidare langs vatnet til eg kom til Espelandsstølen og Furnesstølen, der eg valte å snu for denne gong. Det idelle hadde sjølvsagt vore å kunne blitt henta eller hatt ein bil ståande på Bringeland slik at ein kunne gå heile ruta, men det gjekk ikkje denne gongen. Men eg kosa meg i finværet, og fekk stort sett gå i mitt eige selskap. Møtte totalt sett 3 hundeluftarar og 1 joggar på turen.

Espelandsstølen Kartutsnitt frå ut.no der eg har markert med raud prikk start- og stopp-punkt

Og så eit par bilete av den høggravide magen på tur:)

tirsdag 19. oktober 2010

Boka "Fjellbarna"


Som eg skreiv i eit innlegg for ei stund sida, bestilte eg den nye boka "Fjellbarna" av Eivind Eidslott som blei lansert no i oktober. Den kom i posten for ei stund sida, og i helga las eg gjennom den. Boka er ei inspirasjonskjelde i forhold til å få barn med ut på tur, og viser kanskje først og fremst at det meste er mogeleg. Du blir presentert for ei rekkje ulike aktivitetar som alpint, rumpeakebrett, innandørs klatring, langrenn, teltturar, fotturar, sykkelturar, fisketurar osb. I tillegg er det fleire intervju med ulike "friluftsfamiliar". Alle dei flotte bileta i boka, gjer at du nesten kan leve deg inn i dei ulike aktivitetane.


Spesielt godt likte eg føreordet av Stein P. Aasheim. Han peikar på eit par ting som eg er heilt einig i, og eg tillèt meg å referere nokre utdrag av føreordet:


"Barn ingen hindring" heter det. Hvem i all verden har funnet på det uttrykket? Hvem har kommet på den tanken at barn er forbundet med hindringer og begrensninger? Barn lukker ikke dører. De åpner dem. Barn åpner dører som du ikke engang visste eksisterte. Barn gir voksne tilgang til en helt ny verden. Bare de får sjansen.


....Og så gjør Eivind en ting til: Han punkterer dette stadig gjentatte utsagnet: "Vi må bare vente til ungene blir litt større". Hørt den? For da husker de liksom bedre. Og det gjør de ganske sikkert. Jo lenger du venter, desto mer husker du. I mellomtiden går familien glipp av det ene eventyret etter det andre. Og etterpå vet verken de eller du om de hadde husket, for det er ingen opplevelser å huske."


Eg kunne ikkje vore meir einig, og spesielt det siste utsagnet har eg blitt møtt med. Det er fleire som, direkte eller indirekte, har ymta frampå at vi av og til kanskje er for aktive - at vi drar veslejenta vår med oss på for mange turar. Men tenk på alt vi hadde gått glipp av viss vi ikkje tok desse turane! Og ikkje minst, hadde veslejenta vår uttrykt stor grad av misnøye ved å bli dratt ut på tur, så hadde vi sjølvsagt ikkje gjort det. Tvert om, så kosar vi oss alle saman! Sjølv om ikkje Sanna Oliva sjølv vil huske desse turane, så har vi masse flotte bilete som vi kan sjå på og fortelje ho om det vi opplevde. Så "huskar" ho det likevel!


"Fjellbarna" er ei bok som du tar ut av bokhylla når du vil ha inspirasjon og motivasjon til å ta barna med på tur, og som du vil ha glede av å bla i mange, mange gonger!

lørdag 16. oktober 2010

Her skulle eg gjerne vore i helga...

I helga går den aller første fjellitteraturfestivalen av stabelen på Finse. Programmet er kjempespennande og eg skulle gjerne delteke på både fotokurs og skrivekurs. Men med 2 1/2 veke til termin, var det nok best å halde seg heime. Finse er ikkje akkurat den plassen du bør opphalde deg om du skal kome deg raskt på sjukehuset..... Men festivalen er utsolgt, og det lovar godt for at dette blir ein suksess som blir gjentatt fleire gonger - og dermed nye sjansar for å delta eit anna år :)

Ynskjer alle festivaldeltakarar ei flott og opplevelsesrik helg!

fredag 8. oktober 2010

Vinterstenging på Jonstadstølen

Fredag 1. oktober 2010 gjorde vi det som vi burde gjort enda oftare; nemleg å nytte haustdagane med flott sol til å ta ut avspasering og kome seg ut i naturen. Sidan det har blitt mindre tid på Jonstadstølen i sommar enn det vi hadde håpa på, så fann vi ut at vi skulle ta turen dit. Steffen reiste opp allereie torsdag ettermiddag, og gjekk den flotte turen frå Kringla i Naustdal via Kringlestølen, Mallasvikstølen, Steinkorsen, Boltestølen og til Jonstadstølen. Turen tar 2-3 timar alt etter form og tempo, men er ein fantastisk fin tur. Eg har m.a. tidlegare omtala Steinkorsen som ein av mine favorittkvardagsturar. Sjølv reiste eg opp fredag formiddag etter å ha levert Sanna Oliva i barnehagen. Eg gjekk den kortaste vegen, dvs. at eg køyrde bil til Reiakvamsstølane, og gjekk langs med Storevatnet og ut på stølen. Det er det meir eller mindre flatt terreng, så det er ein lett tur på ca. 40-45 minutt. I kartutsnittet nedanfor (henta frå http://www.ut.no/) har eg prøvd å tegne inn dei to rutene vi gjekk (klikk for større bilete): Vi brukar vanlegvis å vinterstenge stølen siste halvdel av oktober, men sidan det raskt nærmar seg termin, så fann vi ut at det kunne vere lurt å i alle fall gjere ein del klart for vinteren. Så i haustsola brukte vi tida på å få båten i naustet, dekke til utebordet og ha gluggene foran vindauga. Ellers så kosa vi oss ute i sola resten av dagen, og tida gjekk alt for fort til det var tid for å kome seg på heimreise for å hente vesla i barnehagen. Vi tok ikkje så mykje bilete denne dagen, men eg legg inn bilete frå tidlegare turar:

Sommaridyll med roing på Lona:

Selet vårt:

Kaffikos og boklesing i sola på benken utanfor selet:

Og slik ser det ut på stølen om vinteren:







tirsdag 5. oktober 2010

Det viktigaste er ikkje å kome først til topps....


Utsikt frå Hatlesetnipa i Florø (januar 2009)

Hafstadfjellet Opp er eit av mange nye motbakkeløp, og det blir stadig fleire av desse. På mange måtar synast eg det er positivt at slike løp dukkar opp, for det har medverka til at enda fleire har fått interessa for å gå på (fjell-) tur, og at ein del fjellturar blir gjort enda meir tilgjengeleg for publikum ved at rutene blir merka, stiane lagde betre til rette osb. Samtidig så blir det jo veldig fokus på at ein skal kome raskast mogeleg til toppen, og i alt jaget så gløymer ein kanskje å stoppe opp, ta ein pustepause frå kvardags mas og sut, og nyte den fantastiske naturen ein har rundt seg!

Fann dette diktet som er ein liten påminnar om at vi må roe ned tempoet.....

JEG PUSLÆR MEG FRAMOVER
Jeg puslær meg framover veien,
det er stritt, men jeg klarer’e vel,
og får jeg en stein neri sko’n min
så haltær jeg videre lell.

Jeg vi heller bli bakerst i flokken
og kallæs for puslete, sein,
enn å væra så hard under beina
at jeg ikke kan kjenne en stein.

Margareth Skjelbred
















På veg opp til Robba i Hyllestad - utsikt mot Lihesten (haust 2009)



Og derifrå går refleksjonane vidare til Magnus Bruheim sitt dikt om "Den annsame":

Han har ikkje stund til å stogge
og ikkje tid til å sjå.
Menneske han møter,
dei ansar han aldri på.

Mangt har han å rekkje over.
Det gjeld um å fara fort.
Mykje var det å gjera.
Det auka dess meir han fekk gjort.

Så lid det til endes med dagen.
Han står der, studd over stav
og spør: Kva har livet gjeve
og kvar har det vorte av?

Slik jaga han gjennom livet
utan å få det fatt
Ei glede sprang etter på vegen,
men nådde han aldri att.

Og med dette vil eg gje ei utfordring til alle om å kome seg ut i det flotte haustværet, og nyte ein lang (eller kort) og fredfull fjelltur!




mandag 27. september 2010

Tunvall på Sande

Søndag 26.09.10 utforska vi ein liten trimtur som eg lenge har tenkt eg skulle prøve ut. Turen gir nemleg poeng i Gaular IL sin fjelltrim, og eg var litt nysgjerrig på kva tur dette var. Turen er ein del av den gamle vegen frå Sande til Førde, og vart lagt ned rundt 1900.

Turen startar ca. 1 km nordvest for Sande sentrum i retning Førde. I starten er det god grusveg, og eg var interessert i å sjekke ut trilleturfaktoren. Men den gode grusvegen gjekk berre fram til nokre kraftlinjer eit par hundre meter lenger framme. Deretter vart vegen godt graskledd, men eg tenkte at vi går no så langt vi kjem. Eit lite stykke etter, kom vi til eit skilt der det sto at det berre var 0,7 km til målet, men ikkje lenge etter måtte vi parkere barnevogna. Så dessverre kan ikkje dette tilråast som noko trilletur.

Men fram til målet ville vi, og Sanna Oliva fekk prøve seg på å gå sjølv eit godt stykke av vegen, men inni mellom fekk ho lov til å kome opp i armane til mamma for å kvile seg litt. Vi tok oss fram til målet, og fann gamle restar av ein husmannsplass som tilhøyrde garden Sande. Husmannsplassen vart lagt ned rundt 1930.

Inni ein av murane, fann vi fjelltrim-boka der vi kunne skrive oss inn. Turen gir oss 2 poeng i Gaular IL sin fjelltrim.

Ein veldig lett tur på ca. 1,5 km èin veg, og eignar seg godt dersom små barn skal lære seg til å gå i litt ulendt terreng, og vel framme er det ein fin plass å tenne bål for å grille pølser, lage pinnebrød eller anna. Vi kunne også gått vidare på vegen, og etter 1 km ville vi, i følgje skiltet, komt attende på E 39 i retning Myrmel:




Eit kartutsnitt frå http://www.ut.no/ som viser turområdet:

lørdag 25. september 2010

Postvegen Langeland - Bringeland

I strålande haustvær har Steffen reist på misunnelsesverdig topptur til Gjengen. Så vi jentene måtte finne på noko anna. Med 5 veker til termin, begrensar det seg litt, men ein trilletur på postvegen mellom Langeland og Bringeland var absolutt overkomeleg. Vi starta ved skihytta på Langeland. Distansen er 2-3 km, og vegen har god trillestandard. I roleg tempo brukar du ca 50 minutt t/r. Det var deilig å vere ute og nyte sola i fredelege omgjevnader. Storehesten og Lisjehesten kneisa flott mot oss på turen. Og Sanna Oliva fekk sjå både helikopter, småfly og Wideroefly som nett hadde tatt av frå Bringeland.

Nytt sidan sist vi gjekk der, er at det no er merka DNT-sti frå Langeland til DNT-hytta Massbu på Laukeland. 22 km er distansen, og den turen må prøvast ut ein gong.

Skiltet på biltetet over viser det framleis er 20 km å gå til Massbu, 2 km tilbake til Langeland og 1 km fram til Bringeland.

På turen er det skilt merka med stadnamna du går forbi. Her er vi ved Bringelandsbrua:

tirsdag 21. september 2010

Turen der BH-en kan ryke på veien

Må berre linke til denne artige artikkelen frå bt.no: Turen der BH-en kan ryke på veien. Det er mykje som kan gje inspirasjon til å gå på fjelltur, og dette er i alle fall ikkje med på å gjere turen kjedelegare! Svinningen er no ført opp som eit aktuelt turmål om vi skulle ferdast i dette området.

torsdag 16. september 2010

Ny bok til fjellbiblioteket vårt





















På nettsida http://www.utemagasinet.no/ kom eg over ei ny bok som skal lanserast under fjelllitteraturfestivalen i midten av oktober. Den heiter "Fjellbarna" og er skriven av Eivind Eidslott, og skal vere ei inspirasjonskjelde for alle familier som ynskjer å drive eit aktivt friluftsliv: "Livet etter du har fått barn handar om livet MED barn. Belønningen er magiske øyeblikk".

Siden boka ikkje er utgjeven enno, så er det jo vanskeleg å vite kor god/dårleg den er. Men tittelen og innhaldet er midt i blinken for oss nett no, så derfor vart boka bestilt :) Må innrømme at terskelen vår for å bestille nye, spanande fjellbøker er svært låg, og det er ikkje alltid vi greier å vente til jul/bursdag med "å få". Fjellbøker er også ofte det som vi kjøper med oss heim som ein liten "souvenir" når vi er på turar.



Prisen på "Fjellbarna" er 349,-, men bestiller du før 1. oktober, så får du den til 299,-. Ta ein kikk på boka her. (biletet over er kopiert frå denne sida).

fredag 16. juli 2010

Kolgrovheia (497 moh) i Hyllestad

På biletet over ser du varden på Kolgrovheia med Lihesten rett i mot!

10.04.10 var vi på ein fantastisk flott tur til Kolgrovheia i Hyllestad. Inspirasjon til turen fann vi i Opptur-boka for Sogn og Fjordane. Det var framleis ein del snø på fjelltoppane, så målet var å finne ein fjelltopp som ikkje var altfor høg og dermed utan snø, og som samtidig var ein spanande tur. Med sine 497 moh, vart Kolgrovheia valet og det var definitivt ikkje noko dumt val!

Vi starta turen på skogsveg rett forbi Kvernsteinparken i Hyllestad. Ta av til høgre på første veg etter Kvernsteinparken når du kjem frå Hyllestad sentrum - der står skilt merka "Kolgrov". Ca. 50 meter etter avkøyrsla startar skogsvegen, som etterkvart går over til ein stort sett tydeleg og delvis merka sti. Terrenget er ganske fint, men litt kronglete. Ein del berg, gjorde at det lønte seg å følgje med på merkinga, slik at ein ikkje kom utanfor stien. På starten av turen var den merka med slike flotte merke:

Det er også mogeleg å starte turen frå bakketoppen på Kolgrovvegen. Denne er ikkje så godt merka, men er noko lettare å gå.

Etter ca. 1 1/2 - 2 timar er du på toppen alt etter kor mange pausar du tar på vegen. Utsikta er fantastisk heile vegen, så det er viktig å ta seg nokre stopp og berre NYYYTE!

Når du er på toppen, så får du ei flott utsikt over Sognefjorden. Du ser fleire toppar bl.a. rett mot Lihestplatået, Rossvikheia, Torgeirsletta m.v.

fredag 9. juli 2010

Ettermiddagstur til Kusslistølen og Gravevatnet

Med sommarens vær, så gjeld det å utnytte dei sjansane ein har til å kome seg på tur! Og det gjorde vi torsdag ettermiddag 08.07.10. Turen gjekk då til Førde kommune si drikkevasskjelde - Gravvevatnet (også kalla Gravvatnet utan e) på 602 moh.

For å kome dit køyrer du i retning Jølster frå Førde sentrum og etter nokre kilometer, tar du av til høgre ved skilt merka Sundsdalen 7 km. Etter litt stigning, kjem du til eit skilt merka Kinna, og svingar til venstre der. Til slutt køyrer du heilt til neste skilt kor det står Byrkjeflot 1 km. Der køyrer du vegen til endes, forbi siste garden og parkerer der vegen sluttar.

Fin og god sti innover, så det er ikkje vanskeleg å finne fram. Litt bløtt i stien i starten, så fjellsko er å tilrå. Totalt ikkje meir enn ca. 200 meters stigning, så det er ein lett og grei tur. På vegen innover passer du Kusslistølen:

Etter Kusslistølen kjem det meste av stigninga, men du stig raskt oppover og etter 15-20 minutt er du framme ved Gravvevatnet. I roleg gangtempo tar heile turen ca. 1 time ein veg, og det er ein fin tur å gå med barn.

Gravvatnet med flotte Svarteknibba i bakgrunnen (står som turmål i Opptur Sogn og Fjordane - Gaular kommune):

Ikkje alle hytter er like fine.... denne hytta har visstnok stått på den gamle campingplassen i Viskedalen tidlegare, men blir ikkje tatt så godt i vare på no:

Eit synleg bevis på at vi var på rett plass: