mandag 28. september 2009

Steinkorsen (762 moh) i Naustdal - min kvardagsfavoritt nr. 1

"...det var det året nedbøren kom til Sunnfjord..."


Med unntak av nokre få fine dagar i midten av september, har det vel stort sett regna sidan midten av juli....Det avgrensar utfartsmogelegheitane noko, særskilt med ei 5 mnd gamal jente i hus. Men vi har no komt oss på tur av og til, og om det ikkje blir nye turar, så får vi heller skrive om tidlegare turar som eg ikkje har rukke å skrive om.


Varden og postkassa på Steinkorsen. Heileberget i bakgrunnen
Steinkorsen
Eg har tidlegare omtalt Steinkorsen i Naustdal som min kvardagsfavoritt nr. 1, og grunnane er fleire: Det er kort frå Førde (15-20 minutt med bil), og sidan ein startar på vel 300 meters høgde, har ein heile vegen ei storslått utsikt. Turen går du på +/- ein time alt etter kva forn ein er i, og bortsett frå at det er litt bratt i starten, så er det stort sett lettgått terreng som gjer at du kan halde litt tempo også når du ikkje er i toppform. Dessutan så kan du også gå vidare via Boltestølen til Jonstadstølen derifrå. Frå start og fram til Jonstadstølen må du rekne ca. 2 timars gange.
Turen startar på Kringla. For å kome dit, køyrer du knappe 1,5 km vestover på rv. 611 frå Naustdal sentrum. Det er skilta Kringla 3 km. Stien start til høgre for løa på tunet, og det er skilt merka med "Stølsvegen". Det er noko bratt opp mot Kringlestølen som du kjem til etter 15-20 minuttars gange. Du går først gjennom noko granskog, men deretter er det heile vegen ei fantastisk utsikt over Førdefjorden og Heilebergfjella.
Vidare flatar stien meir av, og det er tydeleg sti vidare til Mallasvikstølen. Derifrå går stien i nordvestleg retning, og vidare på vestsida av Kringlevatnet og oppover til toppen. Stien er nokså tydeleg heile vegen, så det er ikkje vanskeleg å finne fram om du ikkje har gått der før. Men ver litt obs rett etter at du har passert Mallasvikstølen - der deler stien seg i to: ein sti går til høgre mot elva som renn ned og ein sti til venstre går mot Kringlevatnet (dit du skal gå). Den første stien går likevel ikkje så langt, så du oppdagar fort om du går feil og då er det berre å gå oppover skråninga til du ser den andre stien igjen.

Det første biletet viser utsikta over Førdefjorden frå Kringlestølen. På det andre biletet ser du mot Frammarsvikstølen når du er på toppen:
Turen står også omtala i "Opptur - 267 fotturar i Sogn og Fjordane" av Anne Rudsengen - der er det også skildra vidare gange til Blåfjellet (Helleblåfjellet).

2 kommentarer:

  1. Hei Liv Janne! Ser det er ei stund siden du har blogget, men kanskje sjekker du innom her likevel ;) Jeg lurer på om denne turen til Steinkorsen er grei å gå i disse dager? Jeg har aldri gått der før og er ikke kjent i traktene i Naustdal, så er det en tur som blir gått vinterstid og godt merket på noe vis (også med snø)? Vet ikke om det er mye snø der heller - bør man bruke truger? Det har jeg ikke, bare gode vintersko.

    Sliter med ryggen og LENGTER etter fjellturer igjen, he-he! :)

    Håper det står bra til med deg & dine. Ha ei super helg! Klem fra Florø :)

    SvarSlett
  2. Hei igjen!
    Har hatt planar om å ta opp igjen blogginga igjen etter jul, men det har vore travelt med oppstart i jobb igjen og mykje anna. Men skal ta fatt igjen om ikkje så lenge..:)

    Turen til Steinkorsen blir gått også vinterstid - både til fots, på truger og på ski. Som regel er det gode fotspor i alle fall opp til stølane, men også ofte heilt til topps. Vi var der ein gang i januar, då gjekk vi til fots ca. 3/4 av vegen, men spora hadde blåst igjen på toppen og snøen låg i fonner, så på slutten av turen brukte vi truger. Hadde nok blitt veldig tungt uten. No er det jo nettopp komt masse snø, så nett no er det vel kanskje ikkje så gode spor...
    I fjor vinter gjekk vi til fots, og på same turen så møtte vi både dei som gjekk på ski og dei som gjekk på truger :) Men turen er absolutt å anbefale når det blir litt meir vår igjen!

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!