tirsdag 15. september 2009

Bekkjavatnet rundt

14.09.09: Dei fine soldagane må nyttast godt så lenge det varer, så etter at vi hadde gjort unna vår borgarplikt og stemt på stortingsvalet, fann vi ut at vi skulle prøve ut turen "Bekkjavatnet rundt". Bekkjavatnet er den tidlegare drikkevasskjelda til Førde kommune, men er no eit viktig tur- og rekreasjonsområde for innbyggjarane i Førde og omegn. Vi har vore på tur inn til Hunsrasta og opp på Hafstadfjellet ein del gonger, men aldri gått rundt heile vatnet.

Dei som har laga til denne stien, skal ha all honnør for arbeidet sitt! Dette vitnar verkeleg om dugnadsånd og stå-på-vilje! Som alltid når ein skal gå rundt eit vatn, eller for den saks skuld langs eit vatn, så blir ein gong på gong overraska over kor langt det er..... ein trur liksom at det er fort gjort - "det er jo berre flate veien og vi ser jo enden" - men der tar ein som regel feil. Sidan vi hadde Sanna Oliva i bæresæle, kunne vi ikkje akkurat springe i veg - så turen rundt vatnet tok ca. 1 time og 45 minutt inkl. nokre småpausar på vegen. Men det var ein flott rusletur som passar for alle - uansett form. Kanskje litt langt å gå for dei minste borna, men då går det jo å gå delar av stien. For her er godt tilrettelagt med benkar og gapahukar undervegs. Om eg skal pirke på noko, så er det at stien kunne vore litt betre merka der det fleire stiar som kryssa kvarandre. Men det skal uansett noko til for å gå seg vill :)

Det flottaste med ein slik tur, er at du blir slått av kor mykje ro og fred det er på ein slik plass. Du tuslar av gårde i naturen, nyt utsikt mot vatn og fjell, ser fiskane hoppar og høyrer fuglane kvitrar....


Her er eit eksempel på kva du kan finne av gapahukar og tilrettelegging undervegs på turen:







2 kommentarer:

  1. Kom hit etter å ha leita etter lette turer for meg som nett har fjerna gips etter ankelbrudd, så turen din har gitt meg ruta for morgendagen :) så kan berre seie takk :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så flott! Har faktisk ikkje gått der sidan, og har tenkt at dette er ein tur eg må få tatt igjen i år. Reknar med at stien er blitt enda betre sidan den gong. God tur!

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!