tirsdag 12. august 2008

01.07.08 Preikestolen (704 moh)





Preikestolen er den store turistmagneten med 80 000 besøkande kvart år. Sjølv om det kanskje er heilt i starten av storsesongen, så var det bra stor utfart denne dagen med flotte vertilhøve. Parkeringsplassen ved startpunktet ved Preikestolhytta var bra full. Vi fekk nok litt 17-mai-tog kjensle, og det var ikkje alltid like lett å kome seg fram. Som norske fjellvandrarar var vi høveleg utstyrt for fjelltur, men det var jammen mange utlendingar som slett ikkje var i den kategorien: småsko, kvite bukser, utan mat eller drikke og slett ikkje vane med å gå i ulendt terreng. Du blir førespegla at turen tar 2 timar, men då har du romsleg med tid og nesten før du anar det, er du framme. Terrenget er lettgått med mykje berg og steinar, og over myrane er det laga gangbruer av tre. Det er å anbefale å gå vidare opp på toppane ovanfor Preikestolen. Då få du flott utsikt ned på Preikestolen, samt enda flottare utsikt innover Lysefjorden.

30.06.08 Gullingen (979 moh)



Årets ferie med bubilen gjekk i år til Lysefjorden og kjende fjellattraksjonar som Preikestolen og Kjerag. Ingen av oss har vore i områda før, så det er kjekt å utforske noko nytt. Planen var også å gå på eit par toppar i Haukeliområda, men fann raskt ut at det nok enno var vel mykje snø i 1600-meters høgd.

På våre fjellferiar har det alltid dukka opp ein eller fleire toppar som vi ikkje har høyrt om eller tenkt på, men som vi endar opp med å gå opp på. Gullingen i Suldal kommune vart ein slik topp for oss. Då det verken var vêr eller forhold til å ta toppane på Haukelifjell, køyrde vi vidare sørover. I boka ”125 utvalgte turer” frå Stavanger turistforening står Gullingen omtalt.

Frå å våkne til solskinn i Odda, gjekk det fort over til regn, men tidleg på ettermiddagen letta det litt opp og vi fekk opphaldsver på turen vår. Sidan vi starta turen på ca. 530 moh, så var det ikkje harde turen oppover og etter vel ein halvtime var vi framme. Sjølve turen starta ved skitrekket i nærleiken Gullingen Turistsenter som er ein populær stad for leirskuleopphald. Siste biten opp innebar litt lett, men ufarleg klyving. Sidan veret ikkje var heilt topp, låg det mykje skodde rundt oss og utsikta var begrensa. Men det blir sagt at på fine dagar kan ein sjå heilt til Ullandhaug i Stavanger.

Utsikt frå varden ned mot Gullingen Turistsenter. Som de ser, var det litt skodde denne dagen.

mandag 11. august 2008

15.06.08 Dyrdalsknausen (ca. 700 moh)

Frå Jonstadstølen er det mange fine turmogelegheiter. Eitt av desse er turen på det vi kallar Storefjellet. I kartet heiter det Dyrdalsknausen, så det er nok det formelle namnet. Turen tar ca. 1 time frå stølen. Det er ikkje mange som fartar til denne toppen, og den er nok mest besøkt i samband med sauesanking og hjortejakt. I 2007 bygde vi opp ein liten varde og la ut ei bok der, men førebels er det berre ein person som har funne fram til boka vår.

På første vårturen dit i år, var det spanande å sjå om boka framleis var der, og vel framme på toppen, såg det ut som boka var vekke. Men etter litt leiting, fann eg den igjen eit stykke nedanfor varden. Den hadde blåse vekk, men godt innpakka i plast og matboks, var boka likevel heilt tørr. Så då var det berre å byggje opp att varden, og leggje boka inni.

Frå Dyrdalsknausen ser du m.a. anna til Eikefjorden:

Utsikt ned på Dyrdalsvatnet. Her er det bygd ei lita sankebu som er opa for alle.


Og her ser vi Steindalsstølen: