tirsdag 10. juni 2008

10.05.08: Skudalsstølen i Gaular

Skudalsstølen i Gaular er ein av dei turane vi gjerne tar når det framleis er tidleg vår. På veg opp kan vi sjå rett over til Eikeland der Liv Janne kjem frå. Det er alltid kjekt å gå turar i heimtraktene sine!

Her er det skogsveg eit stykke før du må over ein bakkekam og så gå på sti vidare til stølen. Dei fleste vil rekke dette i løpet av ein times tid.
Sjølv om vi var komne eit stykke ut i mai og ikkje var i store høgder, så måtte vi over nokre snøfonner og det var framleis is på vatnet. Det er for øvrig kjempefint å bade der når det er sommar.

Frå Skudalsstølen er det ikkje langt over til Masdalen i Førde, og ein kan også ta turen opp på Klungeren eller Kjelstadnakken. Denne gongen var det for mykje snø, men vi har faktisk gått vidare til Kjelstadnakken til fots på desse tider for eit par år sidan.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!